Gå til innhold

Nynorsk-tråden - Alt du vil vite om nynorsk, men ikkje tør spørje om


Underpants

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet
Liker navnet på tråden!

 

Heter det ikkje "namnet"?

 

Tek sjølvkritikk på det. Men etter å ha emigrert frå den trygge vestlandsbygda(som lenger oppe i tråden vart omtala som indre austland) til det store austland har eg heilt gløymt korleis ein skal uttrykke seg, både skriftlig og til dels muntlig.

Skrevet

Jepp, eg vil tippe at "Kor mange har de?" er rett ut frå konklusjon tidelegare i tråden. Når eg skriv stilar bruker eg helst vert. Vert = blir, vart = blei?

 

Gahhd, eg er dårleg på grammatikk.

Skrevet

"Nå blir det action" -> "No vert det aksjon!"

 

"Nå blei det varmt her!" -> "No vart det varmt her".

 

Høyres naturleg ut for min del =o

Skrevet
Det er lov å bruke bli, blei osv. på nynorsk òg. Føretrekk i alle fall sjølv å bruke verte, vart osv. sidan det er mest naturleg for mi dialekt.

Korleis bøyast det?

Skrevet
Det er lov å bruke bli, blei osv. på nynorsk òg. Føretrekk i alle fall sjølv å bruke verte, vart osv. sidan det er mest naturleg for mi dialekt.

Korleis bøyast det?

 

bli, blir, blei, blitt

 

verte, vert, vart, vorte

Skrevet
Er det lov å skrive "bøyast"? Eller må ein nytta "Korleis bøyes det?"

 

*usikker*

 

Det skal i alle fall ikkje vere "Korleis bøyes det". Det er grammatisk rett å skrive "bøyast", men det vil vere betre å skrive "Korleis bøyer ein det".

Skrevet (endret)

Takk, eg har brukt "minnast" før, men eg klarte ikkje bruke han i imperativ.

 

Når skal ein bruke "han" og "ho" i staden for "den"?

 

Eg har sett at ganske mange brukar ordet "dykk" når ein eigentleg skal bruke "de"

"De" er subjektforma, og "Dykk" er objektforma. Altso, dei som utfører verbet skal alltid vere "de"

 

Dømer:

De må kome dykk heim att.

De må lære å skrive betre nynorsk.

Eg skal hjelpe dykk.

 

Såg forresten at du gjorde den tabben i siste setninga di Underpants ;)

Men gjelder dette også når verbet er imperativ? Til dømes har eg set tråden: "Brunkremhetsen, skjerp dykk".

Endret av Underpants
  • 2 uker senere...
Skrevet

Halloen. Eg treng hjelp. Eg fikk ei oppgåve på skulen. Eg må skriva ein artikkel på nynorsk, og eg får ikkje ingressen til å stemma. Noken som kan sjå om dei finn nokon feil?

 

Her er ingressen min:

"Unge, gamle, kvinner, menn og menneske i alle landsdelar må gjennom det same. Skule er ein del av det å vekse opp, men den norske skulen har den siste tida fått mykje negativ kritikk. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell uttalte seg tidlegare denne veka at det ikkje er krise i norsk skule. Gjer statsministeren og regjeringa eit dårleg arbeid, eller er det ikkje deira oppgåve?"

 

Tema: Er det krise i norsk skule?

Skrevet
Men gjelder dette også når verbet er imperativ? Til dømes har eg set tråden: "Brunkremhetsen, skjerp dykk".

 

Nei her lyt ein bruke dykk. Er jo ganske lett å høyre at det ikkje kan vere "de" der ;)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...