Gå til innhold

Backup av Registeret med ERUNT


Dabola

Anbefalte innlegg

Sikkerhetskopi av registeret er viktig forsikring dersom du installerer programmer som du henter frå nettet. Det gjer at du har "angrefrist" om det oppstår problem pga endringar i registeret som installasjonsprogram har gjort. Eller ved bruk av useriøs programvare.

 

Slik sikkerhetskopiering i Windows 2000 og XP er enkle å lage med det særs gode og gratis programmet ERUNT (Emergency Recovery Utility NT). Klikk "Detailed information" og skum igjennom argumentasjonen - og du vil forstå betre kva eg meinar. Merk deg særleg argumentasjonen mot XP's System Restore.

 

Med Erunt kan du ta sikkerhetskopier hver gang du starter Windows. Hver backup-mappe inneheld eit enkelt gjenopprettingsprogram. Ei exe-fil som du gjennom å klikke på kan gjeninstallere ein gamal register-versjon.

 

Under avsnittet "ERUNT command line switches" kan du lese korleis du kan ta backup av registeret dagleg til ei mappe med 7 under-mapper; Mandag, Tirsdag...

med "Planlagte oppgaver" (Start ->Programmer -> Tilbehør -> Systemverktøy). Eg har allereie fleire gongar reinstallert morgonens sikk.kopi av registeret etter å ha installert programvare som eg umiddelbart har skjønt må ha gjort store endringar i windows/systemet/registeret. Med 7 slike oppgåver blir det automatisk tatt kopi av registeret kvar morgon kl 09.30. Eg merker det med at eit lite vindu sprett opp og forsvinn ca 15-20 sek seinare. ERUNT er ferdig med ein full register-kopi til dagens mappe og skriv over den kopien som vart laga 7 døgn tidlegare.

 

Vil du forsøke dette kan du, etter å ha installert programmet, gå til "Planlagte oppgaver" og klikke >Legg til planlagt oppgave.

Der fyller du inn på 1. folderen, "Oppgave";

KJØR; D:\Programfiler\Erunt\ERUNT.EXE C:\WINDOWS\ERDNT\Fredag /noconfirmdelete

(Både her og på neste punkt endrer du "D:\Programfiler\Erunt\" over til korrekt navn for mappa kor du har installert programmet. Eventuelt også ei anna målmappe for sikkerheitskopien enn C:\WINDOWS\ERDNT\)

Start i; D:\Programfiler\Erunt

Kjør som; NYE\DABOLA (Dette må du endre til navnet på brukerkontoen som kjører oppgåva. NYE er navnet på mi maskin. Det finn du ved å trykke Windows-tasten + Pause eller Start ->Kjør og fyll inn "sysdm.cpl" og >OK - Her klikker du "Datamaskinnavn" og du kan lese av navnet under "Fullt datamaskinnavn". Navnet DABOLA finn du lettast under >Start og >Logg av - navnet der. Eller alternativt under Start ->Kontrollpanel ->Brukerkontoer)

Nederst huker du av for dei to valga; Kjør bare hvis pålogget og Aktivert

 

So på 2. folderen/sida, "Tidsplan";

Planlagt oppgave; Ukentlig

Starttidspunkt; kl 09:30

Ukentlig oppgave;

Hver; 1 (uke på) - og so huker du av for Fredag

 

So på 3. folderen/sida, "Innstillinger";

Huk av for "Stopp oppgaven etter" og fyll inn 72 timer

Hopp over dei to neste punkta, men

Huk av for "Ikke start oppg. hvis maskinen kjører på batterier" samt "Stopp oppgaven hvis batterimodus aktiveres"

 

Klikk >OK og oppgaven er lagra. Høgreklikk den og velg "Gi nytt navn". Eg har kalt oppgåva "Erunt Fredag".

 

Når dette er gjort må du ta ein ny, tilsvarande runde og lage ei ny oppgåve for KVAR AV DEI 7 VEKEDAGANE. Her endrer du sjølvsagt alt ovanfor som er spesifiert med Fredag over til korrekt dag. Dvs du har til slutt 7 oppgåver i mappa "Planlagte Oppgaver".

 

Med dette har du iverksatt ein automatisk backup av heile registeret kvar formiddag kl 09:30. Har du behov for å reinstallere ein av desse backup'ane er det berre å gå til mål-mappa for backupen (C:\WINDOWS\ERDNT\Fredag) og klikke programmet ERDNT.EXE !

Vil du unngå det lille vindaugo som sprett opp legg du til kommandoen "/noprogresswindow"

 

I tillegg har eg ei 8. oppgåve som lager ein sikk.kopi til ei mappe med dagens dato som navn.

KJØR;D:\Programfiler\Erunt\ERUNT.EXE C:\WINDOWS\ERDNT\#Date#

Denne køyrer eg 5 min. etter den vanlege kopien kvar onsdag. Dette gjer at eg får ein sikkerheitskopi av reg. som ikkje vert overskreven kvar veke. Dermed tek eg vare på nokre sikk.kopier av reg. som eg kan ha opp til 1-2 mnd. før eg sletter dei manuelt. Kvar av desse kopiane vert på 40 mb so ikkje gløym denne prosessen dersom du også lager ein slik kopi.

 

Den kanskje viktigaste fordelen med ERUNT er at dersom du ikkje lenger kan starte opp Windows so kan du fortsatt gjenopprette ein register-kopi du har laga med E. Då starter du opp med ein boot-CD eller eit anna operasjonssystem du har installert og der ifrå køyrer ERDNT.EXE !

 

Til slutt; ikkje set igang med desse prosessane og reinstallering av Registeret utan at du veit kva du gjer!

Endret av Dabola
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...