Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

svchost.exe feilmelding til plage


Anbefalte innlegg

Jeg får denne feilmeldingen hver gang jeg starter min laptop og den fucker opp skrivebord bl.a. Maskinen bruker også 5-10 min når jeg skal slå den av.

 

Håper noen kan hjelpe meg med dette problemet.

 

Jeg kjører WinXP Home.

 

Mvh

John-André

post-23763-1173339705_thumb.jpg

Endret av lammis
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Sidan ingen andre gir deg nokre anbefalinger so får eg forsøke meg. Er ikkje nokon spesialist innan Win. men har nyleg vore borte i ein del liknande problem.

 

svchost.exe er eit windowsprogram som nyttast av både Microsoft og mange andre til å få gjort særs ulike tenester. T.d. å søke etter nye programversjoner, laste ned siste antivirus oppdateringer osv. Men svchost.exe kan også nyttast av f.eks. spionprogram, osv. Ikkje få panikk! Mest sannsynleg er det ikkje det. svchost.exe er ikkje eit virus men ein 100% naudsynt systemkomponent, so 'don't touch' sjølve svchost.exe. Det det også kan vera er at du har ein feil på ein av dei fundamentale systemfilene.

 

Det eg vil anbefale deg er å prøve å sirkle inn kva kommando som vert forsøkt utført når du starter opp maskina - og som ikkje lukkast. Før vi tek den smørbrødlista vil eg tipse deg om å gå rett til siste punkt - om å benyte HijackThis.exe og sende logg-fila til eit av foruma som dette programmet refererer til. Den feilen du har KAN ha noko med RAM / minnet å gjera. Særleg det at maskina bruker lang til på å avslutte taler for dette. Sjå dette debatt -punktet:

http://www.bleepingcomputer.com/forums/lof...php/t41291.html

 

Alternativt er å sjå på alle service'er som køyrar på maskina etter at du har starta - opp imot dei som blir forsøkt oppstarta ved boot'ing (oppstart). Det fyste gir gratis-programmet Process Explorer til Sysinternals ei grei oversikt over. Du finn det her; http://www.microsoft.com/technet/sysintern...ssExplorer.mspx Når du starter det vil du sjå under "services" alle versjonane av svchost.exe som køyrer i øyeblikket som "Win32 services". Sannsynlegvis vil du sjå 5-10 stk. Held du musa over vil du få opp litt info om kvar av desse prosessane.

 

So kan du sjå denne info'en opp imot dei tjenestene som vert forsøkt køyrt ved oppstart. Dette for å ringe inn den som krasjer. Denne info'en finn du i registeret. Her skal du "berre sjå" og ikkje gjere noko endringar! Klikk Windows-tasten +R (du får opp kjør-vinduet), skriv inn "regedit" og klikk >enter. Gjennom å klikke + teiknet, kan du bla deg fram til denne adressa;

HKEY_LOCAL_MACHINE\Software\Microsoft\WindowsNT\CurrentVersion\Svchost Her ligg alle tenestene som vert forsøkt køyrt ved oppstart. Kvar REG_MULTI_SZ verdi her viser ein (eller fleire) tenester som blir iverksatt ved oppstart. Har du begge desse vindua opne ved sidan av kvarandre vil du (ved å halde musa over) sannsynlegvis kjenne att beskrivelsen i Regedit, men i motsatt rekkefølge. ( Mest sannsynleg.) På denne måten vi du kunne ringe inn kva for REG_MULTI_SZ verdi som forårsaker feilmeldinga. Men enno veit vi for lite til berre å kunne fjerne denne oppføringa i registeret. Skriv ned både >Navn og >Data-verdi for den som det mest sannsynleg er. Og so søker du på nettet etter meir info om denne tenesta, kva den er, og kva program som nytter den.

 

Her kan også gratis-programmet WinPatrol vera nyttig. ( http://www.winpatrol.com )

Sjå under fana >Services. Forsøk fyst å huk av nederst for å skjule Microsoft-tenester, og sjå om du ikkje kjenner att den tenesta du kanskje har ringa inn, og kva for program som køyrer den. Eg trur sannsynlegheita er stor for at du faktisk gjer det. So lenge det ikkje er Microsoft kunne du med ein gong forsøke å restarte etter å ha bedt om å ikkje ta den med ved neste oppstart - for å sjå om problemet er løyst. Dette gjer du gjennom å endre Systemkonfigurasjon. Som beskrevet ovanfor; Win+R (Run), lim inn "msconfig" og klikk >Enter. Gå til "Tjenester", igjen huk av nederst for å skjule Microsoft-program og sjå om ikkje du finn att programmet. Sjå også under kolonna "status" om ikkje det "ikkje kjører". I so fall har du ringa inn kva som er årsaka til feilmeldinga. Huk av til venstre for at du vil at denne tenesta ikkje skal bli med ved neste oppstart og forsøk å restarte maskina.

Er det ei Microsoft teneste skal du ikkje gjere dette før du veit at den ikkje er av fundamenta betydning. Då kan du heller gå attende til WinPatrol og igjen prøve å ringe inn gjennom tittelen kva for dll det er som ikkje fungerer. Igjen, søk på nettet etter meir informasjon.

 

Som nevnt fyst er ein annan reiskap her er å la programmet HijackThis.exe skanne maskina og sjå kva for tenster som vert lista opp under tenester. So søker du etter hjelp på ein av dei debatt-sidene som programmet refererer til, f.eks. www.atribune.org Men bruk dette programmet med aktsemd! Å scanne går greit, men ikkje gjer nokre endringer før du er rel. sikker på kva du gjer.

 

lykke til

LR

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...