ocvmelbye Skrevet 2. desember 2006 Skrevet 2. desember 2006 Hei! Lurer sånn generellt sett på hvilke program man bruker for å manipulere video? Har ikke mye peil på dette men vil lære! Takk for alle svar!!
Torbjørn T. Skrevet 2. desember 2006 Skrevet 2. desember 2006 Det kan vere ganske mange forskjellige. Kjem i stor grad an på kva slags manipulering det er snakk om. Er det berre fargekorrigering, vil dei fleste redigeringsprogram ha verktøy for det. Meir avansert arbeid kan verte gjort i compositing-program som Adobe After Effects, Discreet Combustion og Apple Shake, medan 3D vert gjort i program som Autodesk Maya, Autodesk 3D Studio Max, eller NewTek Lightwave. Det er sjølvsagt ikkje begrensa til desse, og ein har mykje å velge mellom. Skal ein drive med rotoscoping -- kort fortalt endre på kvart enkelt bilete i ein video for seg -- kan ein gjere det i eit kva som helst biletbehandlingsprogram, som Photoshop, eller litt meir spesialiserte program, som CinePaint. Som mange andre ting vil det nok krevje ein del innsats, både å lære seg program og å verte dyktig til å lage ting, men det er no ingen grunn til å la det skremme ein. Prisen kan kanskje vere meir skremmande... Har du nokon spesifikke døme på kva slags manipulering det er snakk om, kan ein kanskje seie meir nøyaktig kva type program som er brukt.
ocvmelbye Skrevet 2. desember 2006 Forfatter Skrevet 2. desember 2006 Ta et eksempel da... Foreksempel bytte ut en persom med en annen? Eller som i Prison Break manipulere filmen slik at det var Linchon Burrows som skøt den mannen. Vet dette er veldig avansert men er nyskerring og har lyst til å prøve
Torbjørn T. Skrevet 2. desember 2006 Skrevet 2. desember 2006 Det var ikkje akkurat det enklaste dømet... Merk at noko det eg seier er delvis gjetting, då eg ikkje har direkte erfaring med slikt sjølv. Eg vil tru det viktigaste i eit slikt tilfelle er opptaka ein gjer, sjølve redigeringa kan sikkert skje på fleire måtar. Den enklaste måten å gjere noko slikt på, vil nok vere å ha gjort opptak frå akkurat same vinkel som «originalen», og helst under same lysforhold. Då vil det kanskje vere relativt enkelt å maskere ut originalpersonen og bytte ut med den nye. Det kan -- med ein god del arbeid -- gjerast i After Effects iallfall, og sikkert nokon av dei andre eg har nemnt (er kun AE eg har noko kjennskap til). Mesteparten av arbeidet, om ikkje alt, vil nok kunne gjerast med rotoscoping i Photoshop eller CinePaint* òg. Grunnen til at opptaka her er viktigast, er at det ikkje nytter å bytte ut til dømes ein person filma frå fugleperspektiv, med ein person filma frå froskeperspektiv, ettersom han/ho må passe inn med omgivnadane. Då må ein i tilfelle lage personen på ny med eit 3D-program vil eg tru, noko som vil vere tilnærma umogeleg å få heilt truverdig. (Opptaka som vart vist i PB var sjølvsagt ikkje manipulert, ettersom det er ein TV-serie, men det er no ikkje direkte relevant. Akkurat det kan vel sikkert og verte gjort om ein kan lage masker av personar, slik som i Mission Impossible.) *: CinePaint, som so vidt eg veit er gratis, har forresten vorte brukt i ei rekkje spelefilmar. Windows-utgåva av den nyaste versjonen er dessverre ikkje heilt ferdig endå, so det er berre eldre versjonar tilgjengeleg (kanskje då under namnet Film Gimp).
ocvmelbye Skrevet 2. desember 2006 Forfatter Skrevet 2. desember 2006 Okay! Takker for svar:) men hva er rotorscooping... er drevet i photoshop men ikke på alle uttrykkene;)
Torbjørn T. Skrevet 2. desember 2006 Skrevet 2. desember 2006 (endret) Eg skreiv det i det fyrste innlegget mitt: kort fortalt endre på kvart enkelt bilete i ein video for segEin må fyrst gjere om videoklippet ein skal endre til enkeltbilete, og so endre kvart bilete for seg, og til sist importera rekkja med bilete inn att i redigeringsprogrammet. Ingen direkte enkel prosess, og ganske tidkrevjande. Redigert: Det finst nok program som er meir spesialiserte for slik jobb enn kva PS er. Trur til dømes nemnte CinePaint skal vere litt betre. Endret 2. desember 2006 av incanus
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå