Gå til innhold

Trenger Kart til animasjon, Oslo-Krakow


Anbefalte innlegg

Prøver meg her ettersom jeg er avhengig av å oppdrive et kart (spesifikasjoner under)

 

Jeg skal i neste uke på en tur med organisasjonen/stiftelsen Hvite busser. Jeg trenger i den forbindelse et kart som dekker alt fra Oslo til Krakow og omhegn. Kan noen hjelpe meg med å finne/komme med tips til hvor jeg kan få tak i et kart av overnevnt dimensjon?

 

Kartet skal brukes til å lage en animasjon hvor en buss "kjører" over kartet og viser reiseruten. Hadde vært svært hyggelig om noen kunne komme med tips til hvordan jeg skal utføre dette.

 

Mads

Endret av .:stinky:.
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Jeg trenger i den forbindelse et kart som dekker alt fra Oslo til Krakow og omhegn. Kan noen hjelpe meg med å finne/komme med tips til hvor jeg kan få tak i et kart av overnevnt dimensjon?
Leiter eg etter noko kart (ikkje at det er so ofte... ) plar eg gjere slik. Kan vere det er nokre greie alternativ der.

 

Kartet skal brukes til å lage en animasjon hvor et tog "kjører" over kartet og viser reiseruten. Hadde vært svært hyggelig om noen kunne komme med tips til hvordan jeg skal utføre dette.

Kva program har du tilgjengeleg?

Lenke til kommentar

Skal du teikne inn ruta òg, eller skal du berre ha bussen til å køyre langs den?

 

I det siste tilfellet kan det gjerast enkelt i Vegas eller Premiere ved å keyframe posisjonen til bussen over tid. Om du vil teikne inn ruta, kan det gjerast relativt enkelt i AE. (Redigert: Eg forklarer berre for AE nedanfor.)

 

Om kartet ikkje skal bevege seg:

  1. Lag ein ny komposisjon med rett oppløysning osb. (PAL, vanleg/widescreen) og den lengda (i sekund) du vil animasjonen skal vare.
  2. Importer kartet og dra det ned i komposisjonen.
  3. Bruk Pen tool, og teikn ei maske langs ruta. Pass på at du byrjer i Oslo (viktig for noko seinare)
  4. Legg til effekten Stroke, set den til Mask 1, juster breidda på streken og keyframe Start og/eller End (hugser aldri vilken) slik at streken vert teikna opp.
  5. Importer bilen, og dra den ned i komposisjonen over kartet.
  6. Med forbehold om at det er feil, ettersom eg ikkje hugser heilt: Gjer slik at du ser både Position-eigenskapen til bilen og maska på kartet i tidslinjevindauget. Hald inne Alt, og klikk på stoppeklokka ved Position-eigenskapen til bilen. No vil du få opp nokre nye knappar. Den midterste av desse er ei linje som går i ein spiral. Klikk og hald inne på denne, og dra so ned til Mask 1 under kartet. Om eg hugser rett vil no bilen følgje maska frå byrjing til slutt.
     
    Om dette ikkje fungerer, Alt + klikk på stoppeklokka igjen, og animer posisjonen til bilen på vanleg måte, med keyframes.

Om du vil at kartet skal bevege seg:

  1. Importer kartet, og dra det ned på "New composition"-knappen i Project-vindauget. Det vert då laga ein ny komposisjon som er like stor som kartet. Juster lengda på den om du vil.
  2. Føl punkt 3-6 i forklaringa over.
  3. Lag ein ny kompoisjon som er PAL, anten vanleg eller widescreen.
  4. Dra komposisjonen med kartet ned i denne.
  5. Animer posisjonen til kartkomposisjonen med keyframes.

 

Eksportering:

Gå til Composition --> Make Movie eller Composition --> Add to render queue (dei gjer det same). Trykk på pila ved sida av Output module, og vel ein mal for PAL DV AVI frå lista. Trur det skulle verte bra nok. Om kvaliteten vert for dårleg kan du eksportere som ukomprimert ved å velge Lossless, slik som er standard.

 

Treng du nokre nærare forklaringar (ikkje usannsynleg, då eg ikkje er god til å forklare...) so berre spør.

 

Redigert: Eit lite uhell med noko klipping og liming vart retta opp.

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Var det Stroke du lurte på? Har ikkje AE her, so eg kan ikkje lage nokon skjermskot, og eg hugser ikkje alt heilt nøyaktig, men eg skal prøve å forklare litt nærare.

 

I komposisjonsvindauget, høgreklikk på namnet til kartet, gå til Effects. Trur Stroke ligg under Render. Om ikkje, so finn du det snart ved å leite.

 

Etter å ha klikka på Stroke kom det sikkert opp eit nytt vindauge som heiter Effect Controls (om ikkje, høgreklikk på same stad --> View effect controls). I det vindauget står det Stroke. Klikk på den vetle pila, og du får opp ei liste med forskjellige parameterar. Om eg hugser rett kan du omlag øvst velge maske frå ein dropdownmeny. Her vel du Mask 1 (som er den einaste som ligg der).

 

(Er ikkje heilt sikker på om eg hugser rett her, men du vil raskt sjå om det er noko gale.)

Sjå lengre ned, og du finn ein stad det står End. Flytt tidsindikatoren til byrjinga av tidslinja om den ikkje er det, klikk på stoppeklokka ved sida av "End", og set verdien til 0%. Flytt so tidsindikatoren heilt til slutten, og set verdien til 100%. Om dette vart rett, vil du når du ser gjennom sjå at streken veks fram.

 

Det er ein annan dropdownmeny, slik som den om maska, lengre nede i kontrollane. Hugser ikkje akkurat kva den heiter, men den skal stå på "On original" eller noko liknande.

Lenke til kommentar

Eg gjorde no det eg burde gjort frå byrjinga, nemleg leite etter ein tutorial som omhandlar dette.

 

Det viser seg at eg hugsa feil. Det ein gjer er ikkje å linke posisjonen direkte til maska, men å kopiere maska frå eit layer og lime den inn på posisjonseigenskapen til eit anna. Tutorialen finn du her:

http://creativemac.com/articles/viewarticle.jsp?id=31558

 

Kort fortalt, det du gjer er å fyrst trykke på "Shape" under Mask 1, trykke Ctrl + C, og so merke Position for bilen og trykke Ctrl + V. Tutorialen viser og korleis du kan enkelt få bussen til å rotere etter kva retning maska har til ei kvar tid. Beklager ekstraarbeidet, håper du får det til no.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...