Erik B. Skrevet 8. juni 2006 Skrevet 8. juni 2006 (endret) Hei! Jeg filmet en goddel i helgen og jeg vil gjerne brenne filen ut på dvd. Jeg har en avi fil som jeg gjerne vil kunne se på dvdspilleren, støtter vanlige dvdspillere avi format? Evt hva må gjøres for at den skal kunne spilles av på en dvdspiller? Takker for svar! EDIT: Leste det var en post om dette rett under, prøver det som blir anbefalt der. (Beklager jeg ikke så den før) Endret 8. juni 2006 av erixz
Torbjørn T. Skrevet 8. juni 2006 Skrevet 8. juni 2006 Du har kanskje fått det til, men eg seier no dette likevel... AVI er ikkje eitt format, men ein kontainer der mange ulike format ligg under. DivX og XviD, som vert støtta av enkelte DVD-spelarar, er det einaste AVI-formatet som kan spelast av slik. Har ikkje gjort det sjølv, men har forstått det slik at det berre er å brenne ei DivX/Xvid-fil på ein vanleg CD, so kan den spelast av på enkelte DVD-spelarar. Vanlege DVDar må ha videoen i formatet MPEG2, og eit spesielt filsystem. For å lage ein DVD må ein då ha eit program som både konverterer filene til MPEG2 og set opp dette filsystemet. (Eventuelt eitt program som konverterer og eitt program som set opp filsystemet.) Det einaste gratisprogrammet eg veit om som kan gjere begge deler er AVI2DVD, som vart nemnt i ein tråd litt lengre nede på sida. Om du har planar om å filme meir i framtida som skal brennast på DVD, kan det vere ein god idé å kjøpe eit billeg videoredigeringsprogram med mogelegheit for å eksportere til DVD. Då kan du gjere heile prosessen -overføre video, redigere (om du vil) og brenne DVD - i det same programmet. Døme på slike program er Magix Movie Edit Pro (ca. 500kr), Adobe Premiere Elements (ca. 900kr), Ulead Video Studio (hugser ikkje pris, men i området 500-1000kr) og Pinnacle Studio (same som Video Studio). Meir info om, og linkar til programma, finn du i guiden til redigeringsprogram, link i signaturen min.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå