ibi-ubu 0 Report post Posted September 15, 2005 Eg har eit Olympus Camedia 750UZ som eg er godt nøgd med og prøver å ha det med meg så mykje eg kan. Det funkar bra til å ta bilete i konfirmasjonar, juleselskap og liknande, og eg kan "trikse" litt med det og få fine bilete av naturmotiv og anna knask. Problemet er at Olympusen er litt stor og klumpete å ha med seg over alt så difor tenkte eg og kona at det kunne være greitt å ha eit lite enkelt kamera å ta bilete av ungane med sånn i farten. Eg er sjølvsagt på utkikk etter best mogeleg kamera, men til ein billeg penge. Aller helst vil eg ikkje over 1500,- sidan desse bileta berre skal brukast i fotoalbum til å bla i. Er det nokon som har tips her? Dei to viktigste kriteria er at kameraet tar fine bilete og er lite og nett, slik at eg kan ha det i lomma eller liknande. Det hadde og vore kjekt om kameraet ikkje brukte så lang tid på å starte opp, då ungar gjerne ikkje sit og ventar på å bli fotografert. Quote Share this post Link to post