Gå til innhold

Ei "X-sky" + eit "jente ansikt" i eit tre


Anbefalte innlegg

Her er det bakgrunnsbiletet eg bruker nå. (Full storleik)

X-sky_Redigert_tumb.jpg

 

Og her er orginalen til biletet (Full storleik)

X-sky_Orginal_tumb.jpg

 

Min favoritt del av biletet er midten av det midterste treet i den venstre treklynga, men det er sikkert ikkje alle som tykkjer det. I tilleg er X-sky i midten òg viktig for meg.

 

Det er teke i fjor sumar, på Roskilde (derfor dei irriterande høgtalane), med eit Olympus mju300, så det seier seg sjølv at kvaliteten er noko laber. Det er òg det fyrste bilde eg nokon gong har redigert "seriøst" i Photoshop. Eg veit at det er ein kategori for redigerte bilder, men eg vurderte det dithen at dette bildet passa i denne kategorien.

 

Alle tips, råd og kritikk blir teke imot med større, eller mindre grad av takk.

(Og dersom nokon mot formodning skulle ha lyst på bildet, er det berre å spørja meg. Eg kan ikkje hindre folk i å bruke det, men eg sett pris på om den "tullingen" som gjer det spør meg fyrst.)

Endret av Sevald
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eg har prøvd å sjå litt på utsnittet, men når eg skulle ha med både tre og ha X-skya mi i midten begrensa det seg litt. Kva utsnitt meiner du/dykk evt eg skulle ha prøvd?

 

Når det kjem til kor skarpt det er, er det vel to minst to faktorar som speler inn.

1. Eg er ikkje nokon spessielt erfaren fotograf, så noko "brukarfeil" må ein pårekne.

2. Olympus mju300 som er brukt er ikkje eit heilt topp kamera, ikkje til kompakt kamera å vere ein gong.

Er det noko ein kan gjere i ettertid for å få det skarpare?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...