Gå til innhold

Overføre mange filer frå server til pc


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei, eg har rundt 4000 filer som skal overføres. Dei er 2.2GB tilsaman, (er bileta mine)

og eg har ikkje meir enn 1GB ledig plass på serveren.

 

Eg kan ikkje lage ein TAR av filene sidan eg ikkje har plass til det. Om eg overfører

via SCP så blir overhead-en så stor at det går driiittregt med så mange filer.

 

Eg veit at det skal gå an å tar-e -> sende over nettverk -> untar-e "on the fly". Men eg

fann ikkje ut korleis.

 

Er det nokon som veit kva eg kan gjere? Ein mogleg løysing? I bunn og grunn er problemet

mitt at eg er giddalaus, eg vil ikkje vente i år og dag på at det skal bli ferdig + eg gidder

ikkje kome på idéar om korleis eg kan løyse problemet. Eg har brukt heile dagen i dag til

å skrive backup skriptet som tek informasjon frå Gallery sine .dat-filer og leggjer denne

informasjonen inn i sjølve biletefila (IPTC, EXIF, osb) og legg dette i eigne mapper. (skal

gjere hack-en tilgjengelig om det er nokon andre som trenger han)

 

Men, altså. Forslag? (som ikkje er alt for stress :> )

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Om du NFS-monterar volumet ("fråkatalog") du skal kopiera frå, vil kanhende standardoppskrifta funke:

(cd fråkatalog && tar cf - .) | (cd tilkatalog && tar xBf -)

Tek hand om symlinkar med, greit for å flytta t.d. heile partisjonar.

Skrevet

jeg bruker ftp til det.. eneste du må passe på er at den tar med skjulte filer og at det ikke er noe i/o problemer på hder for da klikker alt.

 

men det enkleste er ofte det beste og ftp er konge til sanne tinger :)

Skrevet
Om du NFS-monterar volumet ("fråkatalog") du skal kopiera frå, vil kanhende standardoppskrifta funke:

(cd fråkatalog && tar cf - .) | (cd tilkatalog && tar xBf -)

Tek hand om symlinkar med, greit for å flytta t.d. heile partisjonar.

Genialt! :D Eg treng ikkje symlinkar osb - er trass alt berre 4000 biletefilar (jpeg) det her

gjeld.

 

Men det fungerte supert :] Akkurat noko slik eg såg etter.

 

-- Og eg gidder ikkje FTP av di eg ikkje gidder å setje det opp - det tek så lang tid.

Forresten utruleg lur idè «ways» -- eg kunne jo gjort det. Men det er ikkje like kult. ;)

 

Takk for svara, no kopierer eg over. :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...