Gå til innhold

USB-tastaturtrøbbel ved XP installasjon.


Anbefalte innlegg

Har eit merkelig problem med det nye Microsoft Digital Media Pro tastaturet mitt (kopla på USB). Under oppstart og i BIOS fungerar det normalt. Under booting frå XP cden fungerar det og normalt under innlasting av filer. Men akkurat når det er ferdig, og neste vindu for å velge installasjon eller reparasjon forsvinn lyset i diodene på tastaturet, og så fungerar det ikkje lenger. Så eg får ikkje akkurat gjort så masse meir av installasjonen. Var akkurat det same med 2k cden. Prøvde og med ps2adapteret og kopla det til ps2kontakta, men då stoppa booting frå cden på inspeksjon av hardware heilt i begynnelsen. Stod i fleire minutt uten at noke meir skjedde. Tilkopla på USB tok dette berre noken sekund.Sidan tastaturet funherar fint inntil innlasting av filer er ferdig virkar det litt merkelig at det plutselig ikkje fungerar lenger. Kva er galt?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har skrive same innlegget under Den store DFI tråden og, og vore i kontakt med Netshop. Har komt litt vidare med problemet og delvis løyst det. Men eg er fortsatt ikkje heilt i mål.

 

Inbreak:

 

Prøv å stille jumperne på USB power select til 2-3 on 5vSB. Skal kurere noen usb problemer

 

Hadde både USB og PS2 på 5VSB, så det vil nokk ikkje hjelpe nei. Prøvde for morro skyld å kople begge over til 5V, men var akkurat same resultat då og. Har testa litt meir no, og komt fram til følgande:

 

Gamle tastatur tilkopla PS2:

- Win2000 og XP: kjem til "inspecting computer hardware" rett etter booting frå cd

har starta. Så stoppar det opp. Denne operasjonen skal normalt ta berre nokre

sekund.

- Win2003 Server: Fungerar fint så langt som eg har prøvd foreløpig, dvs. inntil

valg av harddisk å installere på.

 

Nye Microsoft Digital Media Pro tastatur med PS2-adapter:

- Win2000 og XP: same som med gamle tastatur.

- Win2003 Server: Cd bootar, og lastar inn filer frå CDen. På første vindu etter

innlasting av filer (reparasjon eller installering av Windows) får eg trykke ENTER

for å installere Windows. På neste vindu for å bekrefte lisens med F8 fungerar

det ikkje lenger.

 

Nye tastatur tilkopla USB:

- Win2000: Cd bootar, og lastar inn filer frå CDen. På første vindu etter

innlasting av filer (reparasjon eller installering av Windows) stoppar det opp. Får

ikkje trykke ENTER for å installere Windows.

-WinXP og Win2003 Server: same som Win2003 Server ved bruk av PS2-

adpteret.

 

Med andre ord er det BERRE Win2003 Server med det gamle PS2 tastaturet som fungerar (så langt eg har prøvd foreløpig). Men det hjelper lite sidan eg ikkje skal ha Win203. Berre testa for å sjå kva resultat eg fekk med det. Så kva i himmel og hav kan vere feil i grunnen. Windows CDane har fungert fint tidligare på andre maskiner, så kan ikkje vere det som er problemet. Og tastatura fungerar og, ei stund. Fungerar fint på andre maskiner. Så då kan det berre vere hovedkortet då? Eller....? Forstår null og niks. Aldri hatt slike problem før.

 

 

Då har eg vore i kontakt med Netshop support nokre gangar, og komt litt vidare.

 

Eg skulle Disable USB tastatur og mus i BIOS.

Då fungerte ikkje USB tastaturet, som vel er normalt.

Men USB tastaturet med PS2 adapteret fungerte heller ikkje.

Tidligare førte denne kombinasjonen med 2000 og XP til at det stoppa opp med

ein gang under inspeksjon av hardware (låsing).

2003 kom så langt at eg skulle trykke F8 for å godta lisens, så fungerte

ikkje tastaturet lenger.

No med USB Disabla kom alle OS så langt som 2003 kom tidligare.

 

Med det gamle PS2 tastaturet i kombinasjon med 2000 og XP hadde eg før

Disabling same resultat som med USB tastaturet via PS2-adapteret.

Mens 2003 fungerte.

No fungerar faktisk alle 3 OS så langt som eg har prøvd, dvs å velge

harddisk for installasjon.

Så då reknar eg med det vil fungere heile vegen og (skal sjekke no).

 

Men kva kan vere grunn til at det nye tastaturet ikkje fungerar då, verken via USB eller PS2? Eg hadde virkelig håpt å få kassere det gamle som er godt utslitt.

Men sidan det nye ikkje fungerar med PS2 adapteret ein gang kan eg jo ikkje

det. Straumforsyninga (den nye MIST frå Microplex) leverar 2,5A på 5VSB (og

resultatet er det same om USB og PS2 er på 5V eller 5VSB innstilt på

hovedkortet), så det skulle absolutt ikkje vere noke problem med straumtilførselen skulle ein tru.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...