Gå til innhold

Lånord som 'automatisk' blir hunkjønn på norsk


Gjest Slettet-IHZgkuqNJD

Anbefalte innlegg

Gjest Slettet-IHZgkuqNJD

Hei


 


Eg har oppdaga at nesten alle engelske lånord med -ing vert hokjønn på norsk (t.d. Spinning™, crowdsourcing osb.).


Er det andre tilfelle at slikt som dette hender? Er det andre endingar enn -ing òg som 'automatisk' vert hokjønn på norsk?


Endret av Slettet-IHZgkuqNJD
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Gjest Slettet-IHZgkuqNJD

Når endinga -ing finst i nøgda frå før, ja at til og med same ordet finst ("vinninga går opp i spinninga"), skulle det vel rart vere om ikkje den nye tydinga av ordet fekk same kjønnet?

 

Samd. Spinning var kan henda ikkje beste dømet, men etter litt tenking kom eg på tumbling som heilt klårt ikkje er norsk, men flestalle vil bøya det til tumblinga (veit ikkje sidan det ikkje er normert). I alle fall kjennest det mest naturleg ut for meg.

 

Eg har rekna meg fram til at hokjønnet på -ing-ord kjem av etterlekken me alt har på norsk, og vert styrkt med at ein nyttar han likt i dei to måla.

No er det store spørsmålet om det finst andre endingar som gjev same utfallet. 

Endret av Slettet-IHZgkuqNJD
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

-ing er vel ei av dei meir produktive endingane vi har, og det fell naturleg å nytta ho når det er snakk om substantivering av verb. Men hvis vi ser på framandord og låneord generelt som ikkje har gjennomgått ein substantiveringsprosess, så er vel hankjønn det mest vanlege (jf. ord med -sjon, -isme osv.). -else vert også nytta på bokmål og ordet får da hankjønn (til dømes utdannelsen), men -else er ikkje produktiv meir så vidt eg veit.

Endret av Vannlinjen
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...