-
Content Count
1794 -
Joined
-
Last visited
Community Reputation
913 :)Profile Information
-
Kjønn
Kvinne
Recent Profile Visitors
The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.
-
Heilt OK spel so langt. Men eg har fylgjande å seia: 1. Brukargrensesnittet er dårleg 2. Når ein røyrer på seg so kjennest det veldig tungt og ikkje like glatt som i BFV. Eigentleg ganske skuffa.
-
Dette er nok det svaret som er mest dekkjande. Selte eit 6700 XT for ei stund attende, og han som kjøpte det kortet sa at han ikkje hadde høyrt om kortet før ein kompis hadde tipsa han. Han var svært nøgd med kortet då han fekk det. Tenkjer han ikkje var villig til å kjøpa RTX 3070 til 11-12k som det gjekk for på den tida, men nøgde seg med 6700 XT til 7500 som for so vidt var/er eit mykje betre kjøp.
-
Tusen takk for svar:) Veldig vanskeleg å finna info om flugefiske på nett - so fyrstehandserfaring set eg god pris på! Då trur eg at eg skal satsa på Lamson som du lenka til.
-
Eg har ikkje lyst til å nytta so mykje meir enn 1500kr på detta. Eg har i hovudsak sett på desse to: 1. Scierra Traxion 3 LW Fly Reel #4/6 Titanium finish - Skitt Fiske 2. Orvis Clearwater Large Arbor II 2019-modell - #4/6 - Skitt Fiske Ser at Scierraen har vatntett bremsesystem - det må vel vera ein fordel i saltvann? Evt. kva snelle av desse to burde eg gå for eller burde eg sjå på noko anna?
-
Skjer ikkje at ein får noko brukbart til spel til den prisen ved mindre ein kjøper ferdigbygd på Finn. Viss du vil byggja frå botn av må du ut med meir.
-
Ikkje installer Armory Crate - det er eit makkverk av eit program som krev nyinstallering av Windows for å verta kvitt.
-
Beste sparkesykkel til rundt 8 tusen
Vannlinjen replied to Vannlinjen's topic in Hjelp til kjøp og salg
Tusen takk for innspel, folkens! Det vart ein Segway Max G30D på meg. Gidd ikkje stø svindlarar type Stayclassy. Høyrt mykje tvilsamt om E-wheels au. Bydue verka svært gode, men valte Segway mest pga. litt betre rekkevidde til lågare pris. -
Har i hovudsak sett på desse to: ClassyWalk® S200 N Lovlig EL-sparkesykkel – Stayclassy.no E-Wheels E2S V2 MAX | Lovlig el sparkesykkel Evt. kva andre modellar burde eg vurdera og kva modell av desse to er best?
-
USA Politi skyter svart 16-åring.... Og reddet ung jentes liv.
Vannlinjen replied to Alexander4840's topic in Oppslagstavlen
Då bur du under ein stein 👌 -
USA Politi skyter svart 16-åring.... Og reddet ung jentes liv.
Vannlinjen replied to Alexander4840's topic in Oppslagstavlen
Statistikk utan kontekst er ganske farleg som du gjer her (i tillegg har det ingenting å seia for denne saka kven som drep kven eller kor mange som drep kvarandre). Ein må ALLTID spyrja seg sjølv: KVIFOR er det slik? Historisk og systematisert rasisme sit utruleg djupt i USA og det er ein feil å tru at ikkje politiet ogso er ein del av dette. Sterke ulikskapsstrukturar skaper fattigdom og elende særleg for Afro-amerikanarar og andre minoritetar. Det er forska mykje på forholdet mellom vald, fattigdom og ulikskap - og her er samfunnsvitskapen ganske klar på at desse prosessane heng saman. Politidrap er eit symptom på eit mykje større problem som diverre er ganske usynleg for det blotte auge - og det er nettopp difor politidrap gjer seg gjeldande med tanke på kor synleg det er og tydeleg rasistisk motivert i svært mange tilfelle. Politidrap viser kor urettferdig det amerikanske samfunnet er. Poenget er berre at det eigentleg ikkje er so veldig rart at folk nyttar desse drapa som ein uttrykksmåte (sjølv om drapa kan verta tolka som rettferdigjorte).