Gå til innhold

Ny HTPC, trenger tips


Anbefalte innlegg

Gigabyte GA-E350N-USB3 er eit mini-ITX-kort, og har DDR3 DIMM-spor. Det er ingen fast minnestandard for mini-ITX-kort, nokon brukar DIMM, andre brukar SODIMM. Du har jo plukka DDR3 DIMM-modular til eit mini-ITX-kort i forslaget ditt, så eg ser ikkje grunnlaget for denne påstanden.

 

Til trådstartar:

Du har valt Gigabyte GA-E350N-USB3, Asus E35M1-I Deluxe (foreslått lenger opp) har passiv kjøling og vil difor bråke mindre. Med passiv kjøling er luftstrøm i kabinettet viktigare. Elles kjem desse hovudkorta med same prosessor og brikkesett, og er difor svært like når det gjeld ytelse. Vel etter fysiske eigenskapar - tilkoblingar og kjøling.

 

OCZ sine SSD-ar har eit frynsete rykte, mange opplever at dei sluttar å virke etter kort tid, uventa. Ingen er feilfrie, men Intel har eit betre rykte enn OCZ, Corsair er heller ikkje så ille.

 

HOW-TO use VAAPI HW Acceleration on AMD Zacate (Fusion) platform

 

Dette er ein guide for å få XBMC til å køyre med maskinvareakselerasjon på AMD Fusion-plattforma (som gjeld dei to nevnte hovudkorta). Om du ikkje forstår kva dette inneber, og/eller ikkje har lyst til å prøve deg på det, bør du gå for Windows der maskinvareakselerasjon fungerar fint, eller gå for eit oppsett med Nvidia-GPU, som har støtta maskinvareakselerasjon på XBMC/Linux (via VDPAU) i lengre tid.

Endret av enixitan
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...