Gå til innhold

Utfylling av omslagsark - kompetansebevis vs. vitnemål


Anbefalte innlegg

Litt bakgrunn, eg har gått følgjande studieløp i VGS:

 

- Media/kommunikasjon (GK)

- IKT-driftsfag (VK1)

- Læretid IKT-driftsfag, med bestått fagprøve

- Allmennfagleg påbygging (VG3)

 

Kunnskapsløftet kom under læretida mi, difor har eg ei blanding av nye og gamle kursnivå.

 

Eg har no søkt høgare utdanning, og skal fylle ut omslagsark. Frå dei tre skuleåra har eg kun fått kompetansebevis for kvart år, ikkje noko vitnemål i VG3. Eg spurte skulen, dei sa eg ikkje får papiret vitnemål når eg har tatt fagbrev først, det kan godt stemme. Men eg har jo likevel studiekompetanse, så eg lurar på kva eg skal fylle ut.

 

Eg fullførte VG3 i 2009, så eg har alle dokument klare. Skal eg sende kopiar av alle kompetansebevis og skrive vedleggsnummera i vitnemål-feltet (dei utgjer kompetansen min), eller skal eg kun sende inn dokumentasjon på enkeltfaga, som står under (norsk, historie osb.), og sende inn kompetansebevisa som har avsluttande karakter i kvar enkelt av dei?

 

Ekstraspørsmål: Dersom sistnevnte er rett (ikkje skrive på vitnemål, kun enkeltfag), skal eg rekne kun karakterane frå faga i omslagsarket for å rekne ut studiepoeng, eller skal eg rekne dei ut frå alle avslutta karakterar? :)

 

(samordna opptak og saksbehandlande institusjon er ikkje på jobb i dag, og eg vil gjerne få dette ferdig sidan fristen for innsending er på onsdag, difor spør eg her)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...