Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Nytt hovudkort gått opp i røyk


Anbefalte innlegg

Hei

 

Sjølv om eg vart sterkt advart i denne tråden gjekk eg likevel, naiv som eg var, til innkjøp av det kriktikerroste EVGA 750i SLI. Eg byta ut mitt gamle Asus P5N-E og sette inn EVGA kortet.

 

Eg sit no med tre ymse resultat og eg får forskjellig resultat for kvar gong eg tar inn og ut alle delane.

 

1. Pcen slår seg på og alle lys og vifter går i om lag eit halvt sekund før dei slår seg av.

 

2. Pcen slår seg på, men gir aldri frå seg eit biip og eg får aldri bilete på skjermen.

 

3. Pcen slår seg ikkje på.

 

Første gongen eg sette saman pcen fungerte alt fint og eg fekk t.o.m installert windows. Eg hugsar ikkje heilt kva som skjedde som gjorde at pcen gjekk over til resultat nr. 2, men det var ikkje noko nemneverdig som skjedde, men meinar å hugse at eg slo av pcen og tok ut straumkabelen og at det var dette som skjedde før.

 

Kan seie at eg har prøvd med to forskjellige straumforsyningar, forskjellig RAM og to skjermkort utan resultat. I tilegg har eg prøvd alt på det gamle hovudkortet mitt, noko som stadfestar at det ikkje er noko gale med dei andre komponentane.

 

Anbefaler alle å lese kva 007CD fortalde meg i tråden eg linka til heilt øvst sidan han heilt tydeleg har erfaring og peiling på dette og gir meg stor grunn til å vere etterpåklok.

 

No er spørsmålet mitt om de har noko å utsetje på mine metodar eller har forslag til kva eg kan gjere eller om eg berre kan byrja å krangle med komplett.

 

Er ganske oppgitt no etter å ha tatt ifrå og sett i saman igjen pcen tallause gonger.

 

Specs

Intel Core 2 Duo E6850

2x 8800GT (prøvd 1 og 1 skjermkort)

Ocz Stealthxtreme 600w (alt. Silver Power 600w)

6GB OCZ Gold XTC DDR2 PC6400 (prøvd alle kombinasjonar)

EVGA 750i SLI (alt. Asus P5N-E SLI)

 

Takk på forhand

Endret av -TB-Raiden
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hvis du hører en beep-kode kan det være Poer On Self Test (POST). Søk på Post Error Codes og se om du finner "dine beep" forklart.

 

Ettersom du får tre forskjellige resultat ville jeg dobbeltsjekket monteringen (også hvor avstandsstengene under hovedkortet er plassert (ikke sikkert de skal stå på samme sted som for det andre hovedkortet.

Lenke til kommentar

Problemet er at når eg får liv i pcen, får eg ikkje noko som helst svar frå det så eg kan ikkje sjekke beep-koden.

 

Men eg kan no med tungt hjerte meddele at gjennom det siste døgnet har 1 straumforsyning og begge hovudkorta tatt kvelden.

 

Då hadde gitt opp og kopla opp min OCZ Stealthxtreme 600w mot resten av komponenta, kom det røyk ut av straumforsyninga og eg fekk ikkje liv i mitt P5N-E SLI hovudkort.

 

Dagen etter gjorde eg eit nytt forsøk med 750i kortet og og då eg kopla Silver Power straumforsyninga opp mot berre hovudkortet aleine kom det røyk ut frå hovudkortet, medan PSUen ser ut til å overleve. Er 100% sikker på at eg ikkje gjorde koplingsfeil sidan eg berre kopla straum til hovdukortet og ingen andre komponentar var involvert bortsett frå CPU.

 

No lurer eg berre på kva andre komponentar som er øydelagt.

 

Kva skjer med verden?

Lenke til kommentar

Her virker det vel som om hovedkortet kan være feilmontert. Fjern hovedkortet og sjekk at avstandsskruene er i samsvar med hullene på hovedkortet. Virker som det er kortslutning ved at hovedkortet ligger nedpå kabinettet noen steder.

Uansett er vel både hovedkort og PSU på god vei til de evige jaktmarker.

 

Ugh :(

Lenke til kommentar
Her virker det vel som om hovedkortet kan være feilmontert. Fjern hovedkortet og sjekk at avstandsskruene er i samsvar med hullene på hovedkortet. Virker som det er kortslutning ved at hovedkortet ligger nedpå kabinettet noen steder.

Uansett er vel både hovedkort og PSU på god vei til de evige jaktmarker.

 

Ugh :(

 

Takk for din sympati Oslo. Det er godt mogleg det var feilmontert, men dette er 100. gang eg monterer det så skulle tru eg var blitt ekspert no, men skjedde dette i så fall på begge hovudkorta? Uansett så har eg no søkt om garanti på alle tre produkta så det blir nok ein travel tid for posten framover :p Prøver å sjå lyst på situasjonene, men kan sjå ut som eg har bygd min siste pc. Ganske utruleg at 3 kompononentar blir øydelagt på 1 døgn og det eine var heilt nytt.

Lenke til kommentar

Er vel nettopp det at du har erfaring med å bygge som er den farlige faktoren her... De første PC'ene jeg bygde var det aldri feil på - men etterhvert så blir man ekspert og ikke fullt så nøye med ting... Akkurat det med å slurve med avstandsstykkene er noe jeg selv tar meg i å være litt nongalant med i det siste...

 

Kondolerer...

Lenke til kommentar
Er vel nettopp det at du har erfaring med å bygge som er den farlige faktoren her... De første PC'ene jeg bygde var det aldri feil på - men etterhvert så blir man ekspert og ikke fullt så nøye med ting... Akkurat det med å slurve med avstandsstykkene er noe jeg selv tar meg i å være litt nongalant med i det siste...

 

Kondolerer...

 

Det trur eg du kan ha rett i. Brukte lang tid og var nøye når eg ikkje var så altfor erfaren og var redd for å øydelegge pcen. No i den siste tida gjekk det veldig raskt så det har vel mykje av skylda. Du får vere litt meir nøye, eg får vere eit prakteksempel på kva som kan gå gale om du ikkje er det ;)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...