Gå til innhold

[Løst]Informasjon om eller alternativ til Sony VAIO bærbar pc


Anbefalte innlegg

Eg har i lengre tid hatt behov for å skaffe meg en ny bærbar PC og har leita litt rundt om kring etter alternativ. Utifrå mine preferansar har eg kome fram til at ein Sony VAIO VGN-Z21 hadde vore heilt supert.

 

Sony VAIO har vist seg å vere utruleg vanskeleg å få tak i Norge utan at ein ved import endar opp med dobbel meirverdiavgift. Så eg endar opp med nokre spørsmål:

 

Spørsmål:

  1. Kvifor er det ikkje Sony VAIO i salg i Norge? Har det vore nokon tvist angåande garanti eller andre forbrukarfiendtlege sakar?
  2. Eksisterar det nokon godt kjente importkanalar for Sony VAIO til Norge?
  3. Har nokon erfaring med kvaliteten på desse pcane?
  4. Nokon som har gode tips til alternativ?

  • Størrelse: 12-13 tommar
  • Oppløysing: 1280x800, helst større
  • Vekt ~ 1.5 kg
  • Kraftig skjermkort
  • Kraftig prosessor
  • DVI/HDMI utgang
  • Lengst mogleg batterilevetid
  • Pris < 25,000 NOK

 

Med andre ord har eg sansen for både i pose å sekk. Grunnen til at eg krevjar så bra specs er at eg nyttar pcen til spele og har ikkje ein stasjonær og har per i dag ingen planar om å skaffe meg det heller. Har i dag ein LG TX Express som har gjort jobben sin utruleg bra i snart tre år.

 

Eit eventuelt alternativ må vare i omlag tre år før det er naudsynt å skifte ut av ytelsesmessige omsyn. Bruksområdet til pcen er mykje photoshop, illustrator, film, spel og ellers generell pc-bruk. Eg er stadig på farta så dess lavare vekt dess betre. Optisk medie er ikkje så veldig viktig då denne kan vere ekstern.

 

 

 

Takkar på forhånd for eventuelle svar og eg skal gi ei oppdatering på om eg finn ein måte å få tak i Sony VAIO til Norge på eit tilfredsstillande vis. :new_woot:

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Sendte epost til Netshop:

 

Hei, har lenge leita etter moglege forselgarar av Sony VAIO produkter og

har såvidt fått med meg at dere har solgt nokon tidligere?

 

Eg er på jakt etter ein Sony VAIO VGN-Z25WN/B. Har Netshop moglegheit

for å importere ein laptop av dette merket til Norge og vidareselge den?

 

Reknar ikkje med at dette går an, men ville sjekke for enkelheits skyld

då eg ikkje finn nokon svensk butikk villig til å sende til Norge.

 

Hei. Vi selger dessverre ikke Vaio lenger. Det blir for tungvint med garantihåndtering så lenge Sony Norge ikke selger de.

 

Og til Komplett.no:

 

Hei, har lenge leita etter ein mogleg forselgar av Sony VAIO produkter

og la merke til at Komplett.se selger dette.

 

Eg er på jakt etter ein Sony VAIO VGN-Z25WN/B. Har Komplett.no

moglegheit for å importere ein laptop av dette merket frå Komplett.se

til Norge og vidareselge den?

 

Reknar med at dette ikkje utan vidare fungerar, men ville sjekke for

enkelheits skyld då eg ikkje finn nokon svensk butikk villig til å sende

til Norge.

 

Hei.

 

Nei dessverre det gjør vi ikke.

 

Vidare:

Er forøvrig i dialog med Sony Center, Helsingborg i Sverige og har spurt om dei har moglegheit for å sende til Norge. Dei er litt seine å svare, men skal skrive ei oppdatering når eg får svar.

Lenke til kommentar

Du kan kjøpe fra Sverige, Megastore har også norsk nettbutikk hvor de også selger sony laptop'ene slik at det ikke noe problem rundt moms osv.

http://www.megastorenorge.no/template/next...?itemid=2089629

 

Jeg har faktisk kjøpt maskinen i linken selv, fikk den om mandagen. Den har også scandinavisk tastatur, med æøå plassert riktig (jeg hadde egentlig regnet med at det var svensk tastatur på den).

 

Jeg var forøvrig selv i kontakt med Sony Norge ang Vaio i Norge. De kom ikke med noe klart svar, men forstod det slik at det var planer om lansering.

Endret av Spectre
Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...

Eg bestilte Sony Vaio VGN-Z31 WN/b frå Megastorenorge.no og fekk denne tilsendt etter vel tre veker. Desse laptopane er bestillingsvare og det viste seg at Megastore.se var tomme på lageret, derav den lange leveringstida.

 

Servicen var bra, dei holdt meg rimeleg oppdatert og var hyggeleg i tonen. Einaste som kanskje kan plukkast på er at dei ikkje sendte med "sendingsnummer" på kvitteringa og samt at det ikkje stod i klartekst på nettsida at alle prisar inkluderte norsk MVA.

 

Førsteinntrykk

Har no hatt laptopen i to dagar, er nesten 100% nøgd, men har litt å utsetje på den.

  1. Den kjem med ein utruleg "bloated" Windows Vista installasjon. Og ved oppstart brukte den omtrent 1.6gb minne utan at eg køyrde noko som helst. Men det kan ein reinstall fikse (
    NB!
    Les kommentar lenger nede)

     

     

  2. Den støyar under last, men ikkje ubehageleg mykje. Dette kan ha samanheng med at eg ikkje har fått installert alle dei korrekte driverane etter at eg reinstallerte.

     

     

  3. Eg nyttar pcen til å spele og i for eksempel world of warcraft har eg mykje sære knappekombinasjonar som eg nyttar for å effektivisere spelestilen min og her merka eg eit stort minus. Knappe kombinasjonen SHIFT+W+1 fungerar ikkje. Dei delar nok den same kretsen på tastaturet (om nokon lurar på kvifor eg vil ha ein sånn kombinasjon: Eg spring med W, og caster en spell SHIFT+1 samtidig). Det er ikkje det verste som kunne ha skjedd, men det var ein ganske irriterande feil for min del.

 

 

Kommentar til reinstallering:

Når det gjeld å reinstallere Sony Vaio laptoper er det ein veldig viktig ting å merke seg. Nettsidene deira har ikkje alle driverar og program ein treng for nokre pcar. Dette merka eg den harde vegen og endte opp med å søke overalt på nettet etter løysingar på problemet. Eg fekk ikkje tak i nokon av dei nytteprogramma som kom med originalinstall og Vaio Update fungerte ikkje ergo eg vart sittane med ein uferdig install.

 

Eg held på å reinstallere originalinstall frå recovery funksjonen og forhåpentlegvis får eg tak i alle program og drivarar frå den.

 

Så om du har planar om å reinstallere ein Sony Vaio VGN-Z31 vær sikker på at du har alle programma du treng og det er nok ein god idé å lage recovery DVD-ar ved første oppstart sånn at du har originalinstallasjon tilgjengeleg utan å måtte kontakte Sony.

 

Kommentar til det tekniske:

Skjerm:

Det første som slår deg når du får denne laptopen er skjermen. Den er utruleg tynn og følast litt veik i starten, men kvaliteten på biletet er fantastisk. Fargane er utruleg bra og grunna den høge oppløysinga er den utruleg skarp i tilleg.

 

Tastatur:

Etter litt lengre bruk av laptopen vart eg overbevist om at den har det beste tastaturet eg nokonsinne har skrive på. For dei som har små hender kan det verte litt longt mellom tastane, men eg trur at det enda er ein del kortare enn på eit fullverdig tastatur. Responsen er veldig bra og knappevandringa er akkurat i beste laget.

 

Støy:

I starten la eg ikkje merke til støyen då eg var overvelda av at eg hadde fått ein ny laptop, men etter ei lita stund med normal bruk byrja det å gjer seg merkbart. Eg var litt redd for det då eg bestilte laptopen i første omgong, men det var noko eg følte det var verdt for den funksjonaliteten laptopen bringar. No har ikkje eg nokon vitenskapeleg måte å måle støyen på, men ved vanleg bruk er det såvidt du høyrar den. Når du køyrar tyngre progam, eventuelt spel vil du merke det relativt godt om ikkje du har på deg headset. Desibel ligg vel kanskje rundt 30-35 ved høg last (merk: ikkje målt, berre eit anslag). DVD-romen lagar mykje lyd under bruk då det ikkje er så godt isolert rundt denne, men dette er også ganske vanleg og den kan faktisk slåast av for å spare straum. Harddisken høyrer eg nesten ikkje. Sjølv under full last.

 

Varme:

Det var i grunn som forventa at ein liten laptop med masse kraft lagar ein del varme. Har ikkje ein temperaturmålar lagt inn, men ved full last er det ubehageleg å halde handa foran luftstraumen. Dette tydar i bunn og grunn at kjølinga verkar som den skal og på sjølve laptopflata merkar ein ikkje mykje av varmen. Dette er også forsterka av at tastane er av type "plast-gummi" som ikkje ledar varme. Sjølve chassiset blir middels varmt (~30-35grader) akkurat rundt vifteplasseringa.

 

 

 

Eg kjem tilbake med litt meir informasjon om korleis ting artar seg etter kvart og kan gi ein djupare test av sjølve laptopen.

 

Som eit søkbart samandrag for andre (vanskeleg å finne god informasjon om VAIO i Noreg):

 

Kjøp Sony Vaio i Norge - www.megastorenorge.no

Reinstall av Vaio VGN-Z31 - sørg for å last ned alle drivarar før du byrjar

Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...
Førsteinntrykk

Har no hatt laptopen i to dagar, er nesten 100% nøgd, men har litt å utsetje på den.

[*]Den kjem med ein utruleg "bloated" Windows Vista installasjon. Og ved oppstart brukte den omtrent 1.6gb minne utan at eg køyrde noko som helst. Men det kan ein reinstall fikse (
NB!
Les kommentar lenger nede)

 

Den er litt bloated ja, men slik er det dessverre med mange pc'er om dagen. I USA så har de en opsjon hvor du kan velge å få en med ren installasjon.

 

Jeg har byttet ut disken i min med en 120GB OCZ Vertex SSD disk, og installert Vista Ultimate fra bunnen av selv inkl nødvendige Sony drivere for full funksjonalitet.

 
[*]Den støyar under last, men ikkje ubehageleg mykje. Dette kan ha samanheng med at eg ikkje har fått installert alle dei korrekte driverane etter at eg reinstallerte.

 

Du må installere VAIO Control Center. Der kan du velge en temperaturprofil, dvs hvor aggressiv den skal kjøle, det er tre valg: Silent, Balanced og Performance (Jeg kjører den ofte på silent når jeg bare bruker den til å surfe med i sofaen osv).

 
Kommentar til reinstallering:

Når det gjeld å reinstallere Sony Vaio laptoper er det ein veldig viktig ting å merke seg. Nettsidene deira har ikkje alle driverar og program ein treng for nokre pcar. Dette merka eg den harde vegen og endte opp med å søke overalt på nettet etter løysingar på problemet. Eg fekk ikkje tak i nokon av dei nytteprogramma som kom med originalinstall og Vaio Update fungerte ikkje ergo eg vart sittane med ein uferdig install.

 

Eg held på å reinstallere originalinstall frå recovery funksjonen og forhåpentlegvis får eg tak i alle program og drivarar frå den.

 

Så om du har planar om å reinstallere ein Sony Vaio VGN-Z31 vær sikker på at du har alle programma du treng og det er nok ein god idé å lage recovery DVD-ar ved første oppstart sånn at du har originalinstallasjon tilgjengeleg utan å måtte kontakte Sony.

 

Drivere finner du her:

 

Noen nyere her:

 

Jeg fant alle nødvendige drivere for min reinstall. Det er også mulig å gjøre en delvis recovery (og unngå bloatware).

 

Det finnes forøvrig oppdaterte grafikkdrivere som gir noe bedre ytelse:

 

(Det er mye nyttig info om VAIO pc'er i Sony forumet på notebookreview).

 

Service manual som er nyttig hvis du skal montere inn ny disk selv finnes her:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...