vestrejenta Skrevet 28. desember 2008 Skrevet 28. desember 2008 Heisann! Har to problem her, som eg håpar nokon kan hjelpe meg med. Har ein bærbar pc, acer aspire, som køyrer vista. 1. Det virkar som det ikkje er kontakt mellom cd-rom og datamaskina. Den snurrar plata at alt virkar greit, men det stoppar liksom der, og ingenting skjer. Datamaskina registrerer ikkje at den er der. Ved feilsøk får eg beskjed om at den fungerar som den skal. Prøvar eg å starte eit spel f.eks får eg beskjed om å sette inn cd sjølv om cd står i. 2. Fekk problem med usb for ei veke sidan, uansett kva eg puttar inn (fotoapparat, videokamera, minnepinne) så får eg denne feilmeldinga: "Kjenner ikke igjen usb enhet. En av usb-enhetene som er tilkoblet maskinen har en feil og windows kjenner den ikke igjen." Denne meldinga kjem også opp innimellom utan at noko er plugga inn, som regel når vi slår på maskina. Det kjem opp ei liste over 8 usb portar, og i port nr. 5 er det tilsynelatande eit eller anna, sjølv om ingenting står i. Datamaskina har berre 3 portar utanpå, så kvar dei restrerande 5 er veit eg ikkje, men eg er dog ikkje noko datageni.. er jo derfor eg spør her. Håpar nokon kan hjelpe meg i alle fall!
vestrejenta Skrevet 29. desember 2008 Forfatter Skrevet 29. desember 2008 Ingen som kan hjelpe? Har prøvd å reinstallere drivarane, utan at det utgjorde nokon forskjell. Får ikkje noko verken inn eller ut av maskina slik det er no, og det er ganske upraktisk.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå