Gå til innhold

Innkjøp av skjermkort og PCU-vifte.


Anbefalte innlegg

Hallo.

 

Eg har tenkt å kjøpa ny datamaskin (eigentleg i dag, men nokre komplikasjonar oppstod), som ser ut slik som dette.

 

 

Planen var å kjøpa Sapphire Radeon HD 4850 og OCZ Vendetta 2, men no har det seg slik at skjermkortet er utseld på Amentio, der eg kjøper resten av utstyret frå, og ingen av nettbutikkane i Noreg ikkje får inn CPU-kjølaren på over to månader.

 

Spørsmålet er då om det er nokon monaleg skilnad på dei ulike versjonane av 4850 som er å finna på Amentio, altså frå ulike produsentar:

 

GAINWARD Radeon HD 4850 512MB GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/ HDMI/ HDCP

GAINWARD Radeon HD 4850 512MB GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/ HDMI/ HDCP

POWERCOLOR Radeon HD 4850 512MB GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/ HDMI/ HDCP

 

Kva, viss det er nokon, er i så fall skilnaden frå det opphavlege skjermkortet?

 

Når det kjem til kjølaren, er det til mest på grunn av støynivået, samt at det skal halda ein temperatur i høve til stockkjølaren som rettferdiggjer prisen. Det kjem ikkje til å verta noko særleg overklokking. Eg såg på Noctua NH-U12P, men denne vart litt i dyraste laget (646,- frå Amentio). Eg planleggjer å leggja rundt 400 kr i den (frå Amentio).

 

Takkar for svar, og god helg til alle.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...