Gå til innhold

ottgrims

Medlemmer
  • Innlegg

    90
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av ottgrims

  1. Er det noken som har fått Accuweather til å virke? Eg lasta den ned frå SonyEricsson sine websider, men først så lot den seg ikkje pakke ut i telefonen. Den kom som ein zip-fil, men ved hjeløp av PC-tilkobloinga så fekk eg pakka den ut. Då såg eg at den var merka Nokia. Starta installeringa. Det kom ei feilmelding om at den ikkje var MIDl-godkjent eller noke slikt. Noterte ikkje ned. men eg fortsatte likevel. Når eg starter den opp, så kjem det ein Java-logo på skjermen, men elles skjer det ingen ting.

  2. krever at du har en server først, for eksempel exchange server

    9317738[/snapback]

     

     

    uhu. hvor kan jeg lage det? og er det gratis? og kan jeg bruke gmail'en min på den?

    9317936[/snapback]

     

    Eg trur ein Exchangeserver koster nokså mykje krever ein del for å sette opp. Det er mogleg å kjøpe tenesta frå private firma som t.d. http://smartsync.no/.

     

    Gmail kan settast opp til å vidaresende all mail til ein slik server, men eg trur ikkje gmail kan settast til å støtte pushmail direkte.

  3. Jeg for min del har forelsket meg i p1. Og vil derfor, selv om jeg er en større tilhenger av windows mobile enn symbian gått for denne.

    Dette grunnet bedre prossessor, og at UIQ er ett "lettere" system som krever mindre ressurser enn Windows mobile i utgangspunktet. Andre gode grunner er;

    Bedre programpakke, og den er nærmere den "perfekte telefonen". (har 3g, office funksjonalitet, touch skjerm, skikkelig kamera, og muligheter for GPS.)

    9197091[/snapback]

    Men blir ikkje p1 "tung" å skrive på når du skal bruke æøå?

    Ottar

  4. Eg ser meg rundt etter ny mobil som bør ha

     

    - quertytastatur

    - Epost og muligheit for å åpne og redigere vedlegg i Word

    - Godt avtaleprogram

    - WiFi

    - God og rask telefonfunksjonalitet med god talekvalitet

     

    SE P1i:

    For tungvint å skrive inn særnorske bokstavar?

    Er det lett å lære seg det spesielle quertytastaturet?

    Fin fasong og touchskjerm

     

    HTC S710:

    Er Windows Mobile eit operativsystem som er raskt nok til å gi god telefonfunksjonalitet?

    Er byggkvaliteten god nok? Slark? Riper? Joystick som faller av?

     

    Nokia E61i:

    Føles det rart å bruke ein så brei telefon?

    Er tastaturet godt å skrive på?

     

    Nokia E90:

    Truleg beste skjerm til surfing på nettet

    Men blir den for klumpete å drasse rundt på?

     

    Synspunkt? Andre telefonar som burde vurderast?

     

    OG

  5. Er S710 god som telefon?

     

    Eg har ein QTEC 9000 og synes ikkje den er god som telefon. Den begynner for seint å ringe etter at den som ringer deg har starta å høyre ringesignal på si side. Det går litt tid frå du trykker på telefontasten til du kan starte å snakke. Det var nesten regelen heller enn unntaket at eg mista anrop fordi folk trudde eg ikkje svarte, så måtte eg ringe tilbake. Dessuten var ikkje lydkvaliteten så god i telefonsamtalar.

     

    Ein venn av meg fortel at TyTN har det litt på same måten.

     

    Er det eit uttrykk for at Windows Mobile ikkje er eit godt operativsystem når det gjeld den reine telefonfunksjonaliteten?

     

    Korleis fungerer dette på S710? Er alle problem løyst?

  6. Skal kjøpe meg en brukt lommepc, valget står mellom Qtek 9000 og Qtek 9100. selv liker jeg best 9000 men pga. størrelsen er jeg i tvil. Er den for stor til daglig bruk? Som F.eks få i lomma, sykkle med, gå tur med osv..?

    Takker for svar :)

    9181369[/snapback]

     

    Eg har Qtek 9000 men har ikkje erfaring med 9100. 9000 går greit i innerlomma på ei jakke uten problem. Den går også i bukselomma men du kjenner godt at den er der. Det er ein flott lommecomputer men ein dårleg telefon. Eg bruker SIM-kortet i den nesten berre for datatrafikk. Prøvde å bruke den som einaste telefon ei periode, men var plaga av at den tok telefonen seint, at lyden ikkje kom med det same og litt dårleg lydkvalitet. Mista fleire anrop på grunn av dette. Men som lommekomputer er den berre heilt flott.

  7. Eg har ein Nokia 6230i som fungerer greit som telefon. I tillegg har eg ein Qtec9000 med tvillingkort som eg bruker til kalendar/avtalar, mail, sjekke enkelte ting på nett og også som MP3-spelar og til enkelte spel.

     

    Det hadde vore greiare å berre ha ei eining å forholde seg til i det daglege. Eg bruker faktisk stadig meir 6230i med gmail mobile til å sjekke mail og kalendaren der også som eg held synkronisert med QTEC9000. Men til denne bruken blir 6230i litt for spe, særleg vert skjermen for liten.

     

    Eg har no prøvd å bruke QTEC9000 som primærtelefon og einaste eining nokre dager. Den er for stor og tung, men det kunne eg nok vent meg til. Verre er det at eg synes telefondelen fungerer for dårleg. Det går for lang tid før den "tar" telefonen. Når eg skal svare må eg åpne den opp for å sjå kven som ringer, når eg trykker på svarknappen virker det ikkje som dei høyrer på andre sida før det er gått nokre sekund. Fleire samtalar har eg mista og må ringe tilbake sjølv fordi den på andre enden legg på før eg er klar.

     

    Eg ville helst hatt ein telefon med tastatur for å kunne svare på mail rimeleg greit. Eg synes HTC S710 ser nokså lekker ut. Eg har holdt den i handa i ein butikk og synes ikkje den er for stor. Men kva er erfaringa til brukarar? Er den rask og lett å ta telefonen med? God samtalekvalitet? Blir skjermen for liten til avtalar og epost? Blir det eit sakn at den ikkje er trykkfølsom?

     

    Kva med HTC TyTN? Skjermen der blir større og den er vel trykkfølsom, men blir det eit sakn at den ikkje har vanleg tastatur på forsida. Og er den kvikk nok til å svare på anrop? Samtalekvalitet?

     

    Ottar

  8. Eg kunne ynskt meg eit system der GPS-en i alle fall kunne gjort ei enkel vurdering av kva som er den beste vegen, og ikkje berre den kortaste vegen. Det er kanskje ikkje så enkelt å få til, men det pluss mykje betre kartdekning i utkantane må nok til før me kan kaste ut kartet frå hanskeromet... :)

    8985734[/snapback]

     

    Min Novogo T700 gir meg valg om eg vil akseptere grusvegar, motorvegar, bomvegar, fergesamband i avkryssingsbokser. I tillegg kan eg velge om eg vil ta kortaste veg eller raskaste veg eller mest økonomiske veg. Dersom eg likevel ikkje er heilt fornøgd, kan eg krysse ut punkt på ruta den har valgt som uaktuelle og den finn alternativ.

  9. Eg går på internett frå min berbare PC via bluetooth til min Nokia 6230i. Dette går uten problem i Norge, men i Finland og Danmark kjem det opp ei melding på telefonen at eg må abbonnere på GPRS først. Det merkelege er at det går fint å bruke GPRS frå telefonen med program som ligg i sjølve telefonen (wap og gmail mobil).

     

    Eg har tvillingabbonnement frå Telenor og tvillingkortet montert i ein QTEC 9000. Denne kjem seg også på nettet i Danmark og denne lar seg bruke som modem for min bærbare PC.

     

    Eg prøvde å bytte om SIM-korta, men det same skjedde. Nokia 6230i protesterte og sa at eg ikkje hadde abbonnement på GPRS men QTEC-en kom seg på nett.

     

    Kva kan forklare slik oppførsel?

     

    Ottar Grimstad

  10. Flott

     

    Eg har elles oppdaga at QTEC også har ein anna modell med tommeltastatur QTEC 9090. Tastaturet er mindre og sit for enden og ikkje på sida. Skjermen er større, men oppløsninga den samme. Den har ikkje EDGE og den har Windows Mobile Phone Edition 2003 Second Edition i staden for Windows Mobile 5.

     

    QTEC 9090

    1953xs1.gif

     

    Den koster litt meir enn 9100. Og i ein anmeldelse såg eg at ein måtte eit stykke inn i menyane for å skifte mellom landskap og portrettmodus på skjermen mens på 9100 så skjer vel det med ein gang du drar ut tastaturet.

     

    2404.gif

     

    Når skjermane har samme oppløysing så vil dei jo vise like mykje av f.eks. websider. Blir det for småstilt på 9100 eller er skjermen stor nok? Dersom den er stor nok, så skulle jo 9100 vere beste valget med større tastatur, EDGE og bedre pris. Eller...?

  11. I den butikken eg såg på 9100 så visste ingen av betjeninga om Flight mode, og ved å kikke i bruksanvisninga såg eg berre ein advarsel på første sidene om ikkje å bruke den i fly, uten henvisning til Flight Mode.

     

    Korleis aktiverer du denne flight Mode? Software? Dedikerte tastar?

     

    Ottar Grimstad

  12. Er selv den lykkelige eier av en Qtek 9100, og keyboardet fungerer glimrende !

    Landscape modus er også en fremragende god funksjon.

     

    Har du i tillegg Exchange 2003 server på jobben( eller seff hjemme ...).

    Kan du kjøre løpende oppdatering av dagbok og mailfolder !

     

    Anbefaler Qtek 9100 på det varmeste !

     

     

    _nifty_

    5344382[/snapback]

     

    No har eg sett ein 9100. Tastaturet likte eg godt, men eg synes kanskje skjermen var litt liten. Dessuten oppdaga eg at den ikkje kan brukast som PDA med avslått telefo ndel slik at den kan brukast ombord i fly. Så eg ser meg om etter alternativ.

     

    Ottar

  13. Eg har ein HP IPAQ 2210 som er eit par år gammal. Det er ei bra maskin, men eg har noken ønsker om forbedringar:

     

    - når eg skal lese gmail-posten så blir skjermen for smal. Skulle derfor hatt ei maskin som støtta landskapsmodus.

     

    - eg ønsker meg tastatur i ei eller anna form for å kunne skrive notat og mail, trykk på skjermtatstatur med pinne blir for tregt. Eg likte godt min gamle Psion. Hadde dei fortsatt å produsere maskiner i samme format med fargeskjerm, så hadde eg kanskje vore der.

     

    - eg ønsker meg trådlaust nettverk

     

    QTEC 9100 ser ikkje så verst ut på bilder med uttrekkbart tastatur på breisida. Eg treng vel kanskje ikkje telefonfunksjonaliteten (er godt fornøgd med min Nokia 6310i), men har tvilling SIM-kort så om det er innebygd mobiltelefon så er ikkje det noken ulempe heller.

     

    Er Qtec 9100 det rette valget for meg, eller er der andre gode forslag?

     

    Helsing frå Ottar

×
×
  • Opprett ny...