Gå til innhold

KayAU

Medlemmer
  • Innlegg

    3 361
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av KayAU

  1. Spelet blir truleg heilt greit, men eg har ikkje noko interesse av sjangeren. Då hjelp det ikkje so mykje at ein sett det i Fallout-universet, for det blir ein veldig avgrensa måte å oppleve det på. I dei gamle Fallout-spela reiste du rundt og utforska, snakka med karakterar som budde i spelverda, og gjorde oppgåver knytt til ei eller fleire interessante historier.

     

    I Fallout 76 vil du sikkert kunne reise rundt og sjå på ting, men når du ikkje vil møte karakterar som tilhøyrer spelverda, har eg vanskeleg for forstå korleis dette skal bli noko meir enn ei enkel kulisse for endå eit fleirspelar overlevelsesspel på nett.

    • Liker 1
  2. Ok, so denne tråden er steingammal, men eg vekker han opp at for å meddele at Hero-U: Rogue to Redemption no er ute! Spelet ser ut til å innfri forventningane til oss som støtta det, men har dessverre gått under radaren dei fleste stader.

     

    For dei som er interesserte i eit unikt og uvanleg spel i liknande stil som QFG, kan dette vere verdt å sjekke ut. Spelet kan kanskje skildrast som ei blanding av eventyr, rollespel, og life-sim. Det er laga på eit lite budsjett, men det er tydleg at utviklarane har lagt hjarte og sjel i det. Det er tilgjengeleg på GOG og Steam:

    Hero-U på GOG

    Hero-U på Steam

     

    Det har jamnt over fått gode tilbakemeldingar. Snittet av 85 omtalar på GOG er 4,5 av 5 stjerner. Av 105 som har vurdert det på Steam er 98 positive. :-)

  3. John Bain var slik eg oppfatta han, eit oppriktig godt menneske, og ein kjempe innan sitt felt. Han var heilt i front både når det gjaldt forbrukarrettar og forretningspraksis i spelbransjen, og når det gjaldt openheit og etikk for Youtuberar som han sjølv. Arbeidet hans var prega av ein høg grad av integritet og at han stilte minst like høge krav til kvaliteten på det han sjølv laga, som han stilte til spelindustrien.

     

    Han fortener òg å hugsast for korleis han hjalp til med å spre bevisstheit rundt kreft. Eg trur der var mange av oss som over tid hadde oversett og skubba til side symptom som vi absolutt burde ha diskutert med legen, men som fekk det undersøkt etter å ha blitt formana til det av Totalbiscuit. Det er tragisk at han sjølv skulle døy so ung av sjukdommen, men han redda truleg fleire liv ved å bidra til at andre sin kreftsjukdom vart oppdaga tidleg.

     

    Kvil i fred, TB.

    • Liker 1
  4. Sanlikningane med leilegheiter på 40 og 350 kvm, eller TVar på 1 eller 60 tommer, held ikkje mål. Der er ein vesensskilnad på kva du kan gjere med so forskjellige leilegheiter og TVar.

     

    Det samme kan ikkje seiast om mobiltelefonane. Det kjem sjølvsagt an på personen og bruken, men skilnaden mellom kva dei gir deg er sannsynlegvis ganske liten.

    • Liker 1
  5. Eg meiner som fleire at Lotteritilsynet bommar litt her. Eksempelet med å selge "premieposar" på torget er nært nok det EA driv med.

     

    Men uansett om ein vil plassere lootbokser under kategorien "lotteri" eller ikkje, endrar det ikkje korleis dette i praksis fungerar: ein bruker dei samme psykologiske mekanismene som i tradisjonell gambling, i eit produkt som mellom anna vil bli brukt av mange barn, for å friste dei til å kontinuerleg pumpe pengar inn i spelet.

    • Liker 2
  6. Det at den er dyr gjer ikkje telefonen dårlegare i seg sjølv. Det har sjølvsagt sin plass i ei kost/nytte-vurdering, men prisen kunne sånn sett ha vore 500 000 kroner (håpar Apple ikkje les dette og får idear for neste modell), og det ville fortsatt ha vore den beste telefonen tek.no hadde testa.

     

    Berre so det er sagt, eg synest dette er ein absurd pris å betale for ein mobiltelefon. Eg er ingen fan av Apple, og synest generelt at produkta deira i stor grad er overprisa jåleri.

    • Liker 5
  7. Eg ga i all hovudsak opp "AAA"-spelindustrien for lenge sidan. Det har rett og slett vore for mykje tøv frå den kanten, om det skulle vere plagsom DRM, krav om konstant tilkopling til server, mikrotransaksjonar, uærleg marknadsføring, sesongpass, "loot crates", eksklusivt innhald for førehandsbestilling, og so vidare. Samstundes har vi fått ein glimrande indie-industri som lagar fleire spel enn eg har tid til å spele, med ein kvalitet som kan måle seg med og ofte overgå kva som helst frå dei store utgivarane. Divinity: Original Sin-spela er gode eksempel på dette.

     

    Valget blir då lett for min del. Dersom eit spel blir lansert med ein forretningsmodell eller ei DRM-løysning eg ikkje ønsker, droppar eg det, sjølv om spelet i seg sjølv er interessant.

    • Liker 1
  8.  

    Der er eit konsept innanfor psykologi/spelteori som heiter "escalation of commitment" *snip*

     

    Heile greia byrjer å likne veldig på ei sekt. 

     

    Med mindre du har en grad i psykologi/psykiatri vil jeg nå påstå at det å slenge "diagnoser" på meningsmotstandere er noe lavmåls.

     

    Blir som "drittslenging" kamuflert som rolige argumenter i mine øyne.

     

    EDIT: Enig i at noen av disse backerne er blinde for all kritikk. Som at CIG/Roberts/SC crew har gjort mange feil, ikke minst det å love så veldig mye, fokusere for mye på alt bortenfor det å få ferdig hovedspillet og det å sette release datoer de vet de ikke kan overholde.

    Men å sammenligne hele greia med en sekt/kult er en kvalmende "alle-over-en-kam" adferd synes jeg.

    Det er ikkje meininga å skjere alle over ein kam, dette er berre mitt forsøk på å forklare kvifor enkelte ser ut til å ha eit sterkt behov for å forsvare ting, som tidvis går utover det som for meg verkar rasjonelt. "Escalation of commitment" er forøvrig ikkje ei diagnose, det er ein veldig vanleg tankefeil/felle som mange av oss av og til går i. Meg sjølv inkludert. Du kan tru meg eller ikkje, men når eg omtalar det, er det først og fremst fordi eg sjølv finn det nyttig å vere merksam på sånne ting, og håpar at det på samme måte kan vere nyttig for andre, for å unngå å bli lurt.

     

    Eg ser at eg formulerte meg for agressivt når eg utan vidare samanheng sa at det likna "veldig på ei sekt". Det er ei kraftig overdriving, og eg ser korleis det verkar fornærmande og usakleg. For å forklare kva eg tenkte: det minnar meg *litt* om ei sekt, på samme måte som pyramidespel minnar meg om sekter. Dei tinga eg spesifikt tenker på er lojaliteten, opphausinga og den personlege investeringa ovanfor nokon som truleg er ute etter å utnytte deg. Du har eit element av "escalation of commitment" fordi ein etter å ha solgt huset og flytta inn på sekta sin ranch i Texas, truleg har eit sterkt ønske om å rasjonalisere ein kvar indikasjon på at dette kanskje ikkje var det luraste å gjere.

     

    Men som sagt, dette var ei usakleg samanlikning frå mi side, som eg beklagar. Eg trur denne siste bemerkninga drog ned resten av innlegget mitt og fekk det til å framstå som meir aggresivt enn det var meint. Eg er sikker på at det store fleirtalet av dei som fortsatt støttar og har trua på Star Citizen er rasjonelle, oppegåande personar. Eg har òg over 50% tru på at utviklarane har ein oppriktig intensjon om å levere eit glimrande spel. Samstundes synest eg at ein del av oppførselen og forretningspraksisen deira er sterkt kritikkverdig, og håpar folk klarar å utvise kritisk sans sjølv om dei kanskje har gjort ei vesentleg investering av pengar og prestisje.

    • Liker 3
  9. Der er eit konsept innanfor psykologi/spelteori som heiter "escalation of commitment". Veldig enkelt forklart i denne samanhengen: dess meir ein har investert, om det er i form av pengar eller prestisje, dess vanskelegare blir det å trekke seg ut. Dette er noko ein lett kan observere i mange samanhengar som har med dataspel å gjere. Til dømes vil enkelte, etter å ha investert pengar og tatt til orde for ein bestemt spelkonsoll, forsvare denne iherdig mot "fiendekonsollane", uavhengig av om objektive fakta skulle tilseie at desse er betre. Ein leitar etter alt som er positivt om det ein sjølv har valgt å knytte seg til, og alt som er negativt om det som er i opposisjon til det.

    Eg har ein sterk mistanke om at dette er noko av grunnen til at mange har eit sterkt behov for å forsvare Star Citizen, og utviklaren sin høgst tvilsame oppførsel. Sjølv ga eg dei $37, noko eg for so vidt angrar på no. Men det kostar meg ikkje so mykje å inrømme dette. Eg trur kanskje det hadde vore verre dersom eg hadde gitt dei tusenvis av kroner og vore ein aktiv forkynnar av hype og lovord ei stund. Då er det ikkje so lett å innrømme at her er noko gale.

    Men det meiner eg absolutt at det er. Det ein ting å skape litt blest, og få hjelp frå vanlege folk til å realisere eit prosjekt som ellers ikkje kunne eksistere. Det er ein ting å vere forseinka, eller til og med mislukkast. Men RSI har no samla inn mykje over ein milliard kroner, gjennom ei pågåande kronerulling for eit prosjekt der dei har latt omfanget komme heilt ut av kontroll. Det dei derimot fekk på plass ganske tidleg, var salget av ekstrainnhald til det ikkje enno utgitte spelet. Og her snakkar vi ikkje om DLC-pakkar til 5 og 10 dollar. Vanlege skip kostar over tusenlappen, og om du går for "den komplette pakken", som forøvrig ikkje er komplett, meiner RSI at $15 000 er ein anstendig pris.

     

    EDIT: Fjerna usakleg og lite gjennomtenkt påstand på slutten av innlegget. 

    • Liker 1
  10. Der har komt mykje bra og nyskapande ut av Kickstarter, og eg er glad for at det finst som eit alternativ for utviklarar. Spel som FTL, Banner Saga, Shadowrun, Divinity: Original Sin er berre nokre få av eksempel på glimrande spel som har komt ut av folkefinansiering. So har du ein del spel som ikkje er eintydig fantastiske, men som eg likevel er glad for at eksisterar, som t.d. Jane Jensen sitt Moebius.

     

    Der har vore floppar og lureri òg, som Godus. No støtta eg dette vel vitande om kven som stod bak, og risikoen for fiasko, men det er noko ein må rekne med.

     

    Det at Star Citizen står på lista over kontroversielle prosjekt, er høgst fortent. Der er absolutt grunn til bekymring, og ikkje alt utviklarane har gjort er heilt uproblematisk. Dei har samla inn enorme summar, og solgt mykje dyrt ekstrainnhald til spelarar, som tek kjøpsbeslutninga basert på fagre lovnadar og hype. Samstundes ser det ut til at dei i staden for å låse omfanget og levere det dei har lova innan rimeleg tid, har latt ambisjonane auke og auke. Der var vel òg noko bråk om avtaletekstar som vart endra på eit tidspunkt, rundt den tida ein del folk starta å spørje om å få att pengane. Det kan godt hende der kjem eit bra spel på eit tidspunkt, men basert på det dei har gjort so langt, er eg ikkje veldig imponert.

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...