Gå til innhold

senderos

Medlemmer
  • Innlegg

    44
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av senderos

  1. I garden får du mindre fri en andre steder.

    Shock and awe! :ermm: Eg meiner å ha lese at Garden er ein av dei plassane der det er mest fri? Om rekrutten står det dette på garden.no:

    På Terningmoen kan rekruttene regne med rundt to frihelger i måneden, og på Huseby kan det medregnes to til tre frihelger i måneden.
    I mine auger er då dette rimeleg mykje. Tek eg heilt feil, eller avspeglar desse svara ikkje røynda?

     

    On another note: Eg las denne artikkelen og forstår eg det riktig i at ein får betalt for å vere "standby" for intops i 2-3 år? Kunne gjerne tenke meg intops, berre så det er sagt. Nokon som veit kva ei slik "standby"-lønn vil vere på?

    De som til slutt får tilbud om å skrive kontrakt vil få tilbud om kontrakter på 2-3 år. I løpet av disse årene vil de få et fast beløp utbetalt hver måned, samt at det i tillegg kommer en bonus for å signere kontrakten og en sluttbonus når den er fullført. De kan bruke tiden på hva de vil. Studier, utenlandsreiser og jobb er i utgangspunktet ikke noe problem. [... ]Da opphører ”friheten” og en samtreningsfase på noen måneder vil normalt vente før de blir sendt til det aktuelle operasjonsstedet.

     

    Takk for at du svarer på spørsmåla våre, det er til stor hjelp! :thumbup:

  2. Hei.

     

    Dette skal gjerast på Mac, men tenkte det passa best under "lagringsmedier".

     

    Eg har ein Maxtor II ekstern harddisk, som eg tidlegare hadde utelukkande NTFS på. Så laga eg ein eigen FAT32-partisjon for Mac-stuff, og tenkte det var lurt. Men no vil eg gjerne gjere partisjonen (UTAN å miste innhaldet på FAT32-partisjonen).

     

    Kan eg:

     

    1) Lage ein ny partisjon av FAT32? Har aldri drive med partisjonering på Mac, nokre som har gode programvareforslag?

     

    2) "Smelte" saman FAT32 med NTFS? Eg har min tvil på om det går, men det er jo berre eit forslag?

     

    Fint om nokon kunne hjelpe meg med dette raskt, ettersom eg har lyst å sjå Prison Break, og HDen er full!

  3. Eg har litt av det same problemet, men eg ville ikkje starte ein ny tråd i fare for å få kjekft for ikkje å søke i forumet. :!:

     

    Eg 2 stk rimeleg nye Samsung Spinpoint 250GB. Begge bruker SATA, og eg skal hente ut nokre filer frå den eine, #1. Når eg koplar til #2 fungerer alt fint og det dukker opp i min datamaskin. Når eg koplar til #1 derimot, ligg disken i diskbehandling (men IKKJE i min datamaskin der eg vil ha den) med karakteristikken "dynamisk, ekstern disk"!

     

    Kva er dette for noko, og kan nokon hjelpe meg?

  4. finnes det noe alternativ til itunes? det slutte å svare hele tiden og er helt umulig, begynner å angre på at jeg kjøpte ipoden...

    5790721[/snapback]

    MediaMonkey er et alternativ.

    5805503[/snapback]

     

    Har MediaMonkey støtte for bileter og videoar også? Nokon som veit?

  5. Hadde:

    ...

    Canon EF 16-35 f/2.8L

    ...

    Canon EF 70-200 f/2.8L

    ...

     

    Men fant vel egentlig ut at det hverken gjorde meg lykkeligere, eller til noen bedre fotograf....

    Gleden av kul hardware går over fort (når man innser at det ikke er begrensningen). 

    Gleden over gode bilder man har tatt, blir bare større med årene.

     

     

    Eh, heftig utstyr. :!:

     

    Har

    Canon EOS 350D

    Canon EF 18-55mm 3.5-5.6 (under utskiftning)

     

    Ynskjer seg

    Canon EF-S 17-55 mm F2.8 IS

    Canon EF 16-35 f/2.8L

    Canon EF 70-200 f/2.8L

    Canon EF 50mm f/1.4 USM

    Canon EF 24-70 mm F2.8 L

     

    Det var dei pengane då... Men ein fin sumarjobb gjer susen. :)

  6. Hei, eg skal selgje eit stk. bærbar Acer Aspire 2012, men eg lurer på kva som er rimeleg pris for denne maskina

     

    Spesifikasjonar:

     

    Acer Aspire 2012 WLMI

    15.4¨ WXGA screen (1280 x 800)

    1.5 Ghz Pentium-M CPU

    1 GB PC2700 (RAM) --- Oppgradert frå 512mb

    60 GB 4200rpm HDD (Hitachi Travelstar 80GN)

    ATI Mobility Radeon 9700 64 MB GPU (Grafikkort)

    Intel 2200BG Pro Wireless (Trådlaust nettverkskort)

    DVD-RW

    4-i-1 minnekortlesar. Secure Digital (SD), MultiMedia Card (MMS), SmartMedia (SM) og Memory Stick (MS)

    Vekt: 3 kg

    Modem

    Nettverkskort

    Firewire

    3 USB-portar.

    Batterikapasitet er oppgitt til 5 timar ser eg, men det varierar etter bruk. Vil tru 1,5-3 timar etter bruk.

     

    Maskina er snart to år gamal, blei kjøpt i august 2004. Pris då eg kjøpte var 17 000. Er i rimeleg god stand, med unnatak av eit ripete "lokk".

     

    Takk på førehand.

     

    Sjur

  7. Hei.

     

    Eg har eit Asus A8N-SLI Deluxe hovudkort som bråker ganske kraftig. Ein kamerat foreslo difor at eg skulle bytte ut vifta med ei Zalman ZM-NB47J kjøleribbe for å dempe støyen.

     

    Då sit eg med tre spørsmål.

     

    1) Er dette rett kjøleribbe for meg/passar den til hovudkortet?

     

    2) Er denne vanskeleg å montere? (Han var ikkje villig til å montere denne for meg, iom at det var risikabelt. Sjølv har eg ikkje spesielt gode hardware-ferdigheiter, så vurderer å legge to lapper på bordet og få ein lokal databutikk til å fikse dette om det skulle vise seg å vere vanskeleg.)

     

    3) Påverkar dette garantien?

  8. Eg og ein genial ven av meg har eit lite problem med oppdateringa til Mac OS X Tiger.

     

    Eg (og/eller søstera mi) har ein G3 PowerPC iMac med 450MHz og 192 MB SDRAM. Eg køyrer Mac Os 9.0.4 Norsk Versjon med enabler Mac OS ROM H1-5.5.1.

     

    Dette er historia:

    Ein kompis av meg (den geniale) har skaffa meg eit eksemplar av Tiger OS (ja, heilt lovleg. Det går til skulen sine elevar).

     

    Me prøvde å oppdatere Macen min med denne DVD'en, men fekk kjapt opp den første (av mange) feilmeldingar: Update Firmware

     

    ... Jaja, greit det, tenkte me og fann etter litt slit ein firmware-versjon som visst nok skulle gå. Men... nei... Kvifor det ikkje gjekk? Ikkje spør meg...

     

    Me måtte ha minst Mac OS 9.1 for å legge inn Mac OS X Tiger! Så me leitte på nettet (Google er din venn!) og fant ein gratis multi-part-versjon av Mac OS 9.1 International English på ein engelsk geek si side (den var fjerna frå apple si side), som såg ut til å fungere greit.

     

    Men... nei... For å oppgradere til Mac OS 9.1 International English Version, måtte me ha Mac OS 9.0 International English Version, noko me ikkje har.

     

    Så då var det ut å leite igjen! (Google er din ven!)

     

    Men... nei.. Så no håpar eg at dykk kan hjelpe meg (og min geniale ven, som etter kvart har blitt makteslaus) med å oppdatere Macen min til OSX! Kvar i prosessen har me feila!? Hadde vore utruleg bra med eit raskt svar.

     

    Helsing senderos' geniale ven.

  9. Eg tenkjer på å kjøpe ein 60Gb's svart Ipod video, og skal i same slengen kjøpe iSkin eVo3 for iPod 5G i raud farge (eventuelt svart om dette viser seg å ikkje passe).

     

    Då er spørsmålet: Har nokon av Dykk erfaringar med iSkin (eller andre "etui" av silikon) i forskjellige fargar saman med den svarte iPoden? Eller har nokon formeining om korleis dette vil sjå ut saman med ein raud iSkin?

     

    Her er link til i iSkin eVo3

    Her er ein test hos ilounge.com av iSkin'en for andre interesserte.

     

    Med venleg helsing og på førehand takk,

    Sjur

     

    PS: Legger ved to bileter av dei aktuelle iSkin'ene.

    post-68842-1140894617_thumb.jpg

    post-68842-1140894626_thumb.jpg

  10. Hei,

     

    eg sit her med eit Logitech Ultra X Flat Tastatur. På mi bærbare maskin kan eg stille volum ved å trykkje Fn+Opp eller nedoverpila. Men på dette tastaturet er det ingen knappar for justering av lyd, kun dempingsfunksjon.

     

    Mitt spørsmål er: Finnast det program, måtar eller metodar som gjer at eg enkelt kan skifte volum utan å måtte gå inn på volumjusteringar? (eks. in-game)

     

    Takk på førehand,

     

    Sjur

  11. Eg skal kjøpe ein ekstern minnekortlesar til maskina mi, og lurte på om nokon av Dykk hadde forslag til eller erfaringar med nokre produkter eller produsentar? Eg veit det er ein lite, kanskje ubetydeleg ting, men det er kjedelig å kjøpe ein lesar med mange problem o.l. Difor, best å vere på den sikre sida, og høyre på Dykk :yes:

     

    På førehand takk,

     

    Sjur Rasmus

×
×
  • Opprett ny...