Åndsverksloven forbyr ikkje at eg lagar ein del som passar med ein bil som lar deg modifisere den og sel den til deg, så lengje eg elles ikkje bryt reglar for sikkerhet, etc. Slik eg ser det er ikkje dette annleis.
Eg er einig i at ein ikkje kan stole på chatgpt, samstundes tykkjer eg dette er ei interessant problemstilling, som til sjuande og sist handler om eins rett til å modifisere ting ein kjøper og å selje modifikasjonane til andre.
I EU finst det òg ekstra reglar for at software skal kunne snakke med anna software som eg trur er relevant.
USA på si side har DMCA, som eg meiner ikkje er relevant i denne saka, men som dei nok gjerne vil forsøke å bruke som brekkstang uansett. Det viktigaste er ikkje om DMCA er relevant, men om du kan overbevise ein dommar som kanskje nærmar seg pensjonistalder at det er det.
Om det finst rettspraksis på dette veit ikkje eg heller. Eg vil dog bemerke at eg trur det ofte er den største pengesekken som vinn slike saker. Eg synest dessutan å hugse at nokre rettssaker som gjeld den digitale sfæren utviser påfallande lav forståing av den, utan at eg kjem på eksempel i farten.