Honnør til Atlantehavet for hjelp med omsetjing!
Eg har nokre forslag til forbetringar, men ta det med atterhald, for eg er amatør.
Opt er gott þat er gamlir kveða.
Ordet «er» er her to gonger, men eg trur det siste tyder «som», altså:
Ofte er (det) godt som (dei) gamle syng/kvedar.
Eigi er alt gull sem glóar.
Ikkje er (det) gull alt som glitrar/glimrar.
Sveltr sitjandi kráka, en fljúgandi fær.
Her er det vel presens, ikkje imperativ, og «en» er vel «men», altså:
(Ei) sitjande kråke svelt, men (ei) flygande får (noko).
Ilt er at koma tveim digrum í einn sekkinn.
Det er vanskeleg å få to store (ting) i ein sekk.
Svín fór yfir Rín, kom aptr svín.
Dette er gjerne noko kryptisk, men meininga er vel at ein udanna person gjorde ei «danningsreise» til Tyskland (over Rhinen), men kom heim utan å ha tatt til seg noko av verdi.Tyskland var vel langt framme i kultur og visdom.
Bezt er at skera stakk eptir vexti.
«Stakk» her står vel for kufte eller trøye og «skera» for å arbeide med tøyet, jamfør tysk «Schneider» = skreddar, «schneiden» = å skjera. Liknande tankegang som for fotformskor! Altså:
Det er best å lage kufta slik at ho høver (til kroppsfasongen).
"Frændr eru frændum verstir," kvað refr, sá rauðan hund.
«Eru» er fleirtalsform av verbet, jamfør Wegelands «Vi ere en nasjon vi med…) eller dialekt i Hallingdal «Eg er», men «dei era». Og «sá» står for «såg». I dag bruker vi eintalsform i dette ordtaket («Frende er frende verst»), men eigentleg står det «Frendar er verst mot (sine) frendar». Altså:
«Frende er frende verst», sa reven, han såg ein raud hund.
"Ofnær nefi," kvað karl, var skotinn í auga.
NB! Ikkje dobbel f i «ofnær» = alt for nær. Her er det sterk ironi:
Alt for nær nasen, …
Lík börn leika bezt.
Her skal det ikkje vera ö, men «o med kvist» (under o’en).
Like barn leikar best. (Liten «tyrkkleif» i omsetjinga.)
Eit ordtak som burde ha vore med her er (kanskje det var med?):
I myrkri eru allir kettir svartir.
I dag seier vi «grå». Merk fleirtalsform av verbet her også («eru»).
«Kettir» = kjetter, hokatter, med omlyd frå a til e som i tang/tenger, stang/stenger, vrang/vrengje, hard/herde, kam/kjemme,…