Gå til innhold

JanSaxhaug

Medlemmer
  • Innlegg

    117
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av JanSaxhaug

  1. Det er jo smak og behag heile vegen. Men det er nok betryggande å lese kva for erfaringar andre har. Eg nyttar vanlegvis MX510 og tykkjer den er knall. Har testa Razer'n også og har ingenting å utsetje på den. Den er litt liten, men speccs er betre på den. Den kjem også med ferdigmonterte teflonføt og den glir utruleg bra på dei fleste underlag. Har testa MX510 og Razer DB på Steelpad og fUnc.

     

    Du må nesten berre få testa musene sjølv og finne ut kva for ei som ligg best i handa di. Det er det som gjer utslaget då du ikkje merkar den store skilnaden på nøyaktighet/presisjon...

  2. Gå for eit standard-tastatur berre. Det viktigaste er at avstanden og størrelsen mellom/på knappane passar hendene dine og at du kan halde inne 3 knappar samstundes. Har høyrd at du ikkje kan det i t.d. det Ultra X Flat-tastaturet. Keytronic trur eg er bra.

     

    Men, for all del: Køyp eit godt tastatur då det er ei forbruksvare som varer omtrent like lenge som skjermen din (så lenge du ikkje har småsysken med brus i handa) =)=)=)

  3. Tja. Eg vil seie at det er 99% sikkert at du har eit skjermkort som går varmt. Hadde det slik for ei lita stund sidan på LAN og då viste det seg at vifta på skjermkort hadde løysna. Hadde også same problemet med eit tidlegare skjermkort som slo seg av. Først blei det litt lydkaos, så stoppa biletet og til slutt slo skjermen seg av som følgje av at skjermkortet blei varmt og kobla seg ut...

     

    Sjekk om vifta sit fast og sjekk temp. på skjermkortprosessoren hvis det klikkar...

     

    EDIT:

    Leste no at du har eit 9800 Pro. Dei korta utviklar mykje varme og det er ein del varmeproblem med dei...

  4. Faktisk samd med deg. Komplett.no var min "helt" før også, men no skortar det på servicen. Det eg tykkjer er best med Komplett.no per dags dato er at dei har eit stort lager. Det er bra. Men Netshop har utan tvivl den beste servicen eg har opplevd og så lenge eg finn vara mi hjå dei, så bestillar eg der.

     

    Komplett.no har tapt seg. Men det er kanskje eit resultat av dei har lagt seg attpå etter at dei var såpass store for nokon år sidan. Eller at dei har mange kundar. Kven veit? Det er uansett ei bra bedrift og er min #2...

  5. Eg er godt nøgd med min kombinasjon: Logitech MX510 og fUnc 1030.

    Den beste frå Logitech er MX510

    Den beste frå Microsoft er MS3.0

    Den beste frå Razer er Diamondback

     

    Eg har berre testa MX510 av desse og er godt nøgd, men både mus og musmatte er smak og behag. Om du har sjanse til å teste litt, så er det jo topp - ellers må du berre ta ein sjanse... GL

  6. Tja. CD-ROM kan vere kjekt, men istaden så ville eg bytta ut CD-ROM med DVD-ROM og køyrd den saman med ein DVD-brenner.

    Kva er vitsen med DVD-brennar og -ROM? Av erfaring så les ein DVD-ROM mykje betre enn ein DVD-brennar. Eg veit ikkje korleis dette er med nye DVD-RW, men utruleg keisamt viss du sit der og får CRC-overføringfeil når du skal laste inn store mengdar data frå ei DVD-plate. Men, CD-ROM kan du eigentleg drite i ja ;)

  7. Trur ikkje det er nokon tvil om at MX1000 er betre og meir presis enn MX510. Men, det var nokon som spurde etter ei samanlikning som gjekk inn på CS-bruk. Eg har sjølv ikkje prøvd MX1000 endå, men eg har ei MX510. Den er eg ganske, ganske nøgd med. Det som kanskje er bakdelen med MX1000 er jo vekta og kanskje størrelsen. Er den for tung, så slit det på handleddet og det er ikkje bra. Til gaming skal musa vere lettast mogleg og, ja, presis.

     

    Eg ville ikkje bytte til MX1000 no om eg berre skulle ha ei mus til gaming, men kanskje vente litt og sjå kva for mus som kjem i morgon. Kanskje vi då ser ei MX1000 med ledning? Det trur eg hadde vore draumen for gaimere. Men på ein anna side så brukar jo MX1000 eit lithium-ion batteri som er lettare enn vanlege AA-batterier som vanlegvis blir nytt. Har du pengar, så prøv MX1000, men ikkje bytt den ut til viss det er kun til gaming du skal bruke den. Då ville eg ha venta litt.

     

    (Skulle gjerne prøvd MX1000 då eg hadde hatt ei betre grunnlag for å uttala meg)

  8. For tre dagar sidan så dukka det opp eit problem med PC'en min. Då eg skulle starte han opp, så byrja den å pipe noko heilt valdsamt og slo seg av uten at det kom noko skjermbilete. Eg satt då på LAN saman med eit knippe andre kompisar og vi tenkte at det sannsynlegvis var for varmt i PC'en og at det var orsaka til at den slo seg av. Så, eg tok han med ut på verandaen og kobla han opp der. Då starta den lett opp og viste ikkje tekn til problem i heile tatt. Men då eg tok han med inn att, så kom problemet igjen.

     

    Dagen etter flytte vi på oss til eit annan stad og PC'en fungerte normalt i litt over eit døgn før den klikka igjen på akkurat same måte. Då satte eg han på trappa slik at eg fekk kjølt han ned litt, men det hjalp ikkje stort. Etter det kom også eit anna problem - den peip ikkje i heile tatt i BIOS'en og skjermen var svart. Denne gongen gjekk det ikkje an å slå han av med Power-knappen så eg måtte dra ut leidninga. Men det var også litt rart at då slo maskina seg på igjen berre eg stakk leidninga inn att.

     

    Altså, maskina starta på forskjellege måtar:

     

    1. Maskina startar normalt med eit pip og den bootar normalt. Feilen er at den etter 5 minutt slår seg av og det tar lang tid før eg kan starte den opp slik att.

     

    2. Maskina startar opp og eg kan høyre 2 pip etterfulgt av 8 raske pip. Harddisk og vifter durar og går, men slår seg av etter ei stund. Skjermen er heilt svart og sett seg sjølv Stand-By. Dette er den vanlegaste måten maskina startar opp på for tida.

     

    3. Maskina pip ikkje i oppstarten i heile tatt og det kjem heller ikkje noko skjermbilete. Det er sjelden at eg klarar å slo ho av med Power-knappen og eg må koble ut straumen heilt, men når eg koblar straumen på att (utan å bruke Power-knappen) så byrjar maskina å jobbe igjen.

     

    Av desse tre punkta er det berre Punkt 1 som fungerar, men berre i 5 minuttar.

     

    Kva er gale?

     

    Info:

    CPU: AMD XP2200+

    HD: 80 GB

    VGA: Sapphire Radeon 9800 Pro 128 MB

    Mainboard: ECS K7S5A

    Minne: 1024 DDR-SD RAM

    OS: Windows XP Professional

  9. Jeg skal nå kjøpe meg hovedkort og skjermkort og har allerede bestemt meg for hovedkortet. Valget falt på sus A7N8X-X Socket A AMD ATX. Skjermkortene det står og vipper mellom nå er disse:

     

    Asus Radeon 9600XT 128MB DDR AGP, ATI 9600XT, DVI-I, Tv-Out, Retail

    Sapphire Radeon 9600XT Atlantis 256M DDR AGP,ATI9600XT,DVI-I,TV-Out, Full-Retail

     

    Hvilket lønner det seg å kjøpe? Jeg bruker PC'en mye til spill som CS, Unreal Tournament 2003 (snart 2004), Quake III Arena, Star Wars: Knights of the Old Republic o.l. og er drittlei av hakking. Det må også sies at jeg liker høye oppløsninger og eyecandy. Siden disse to koster omtrent det samme, hvilket lønner det seg å kjøpe med tanke på ytelsen?

×
×
  • Opprett ny...