Gå til innhold

Kjetil T.

Medlemmer
  • Innlegg

    22
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Kjetil T.

  1. Heilt fint at det ikkje konkurrerer med fiber - kapasiteten til satellittane er ikkje stor nok uansett. For min del sit eg her med ADSL på 15 Mbps ned og 2 Mbps opp, og betalar 500 kr/mnd for dette. Og der er ingen raskare eller billegare alternativ, fordi det ikkje er tilstrekkeleg mange i gata som vil ha fiber til at det vert satt i gang utbygging. (Og om det det vart satt igong, ville oppstartskostnaden vere på 20-25000.)
  2. Snakkar om å overkomplisere problemet.  Her er det mange som ser sitt snitt til å lage nye portvoktar-tenester som dei skal verte rike på.  Ein prosent eller to av all omsetjing på ladestolpar i framtida - ikkje rart folk får dollarteikn i augene.

    Dette burde vere enkelt: Kvar bilprodusent har sin CA som utsteder eit klientsertifikat til kvar bil dei produserer og lagrar det sikkert, tilgjengeleg for datamaskina som styrer ladinga.  Dette klientsertifikatet kan då eigaren av bilen knytte til eit abonnement fyrste gong han ladar hos ein ny leverandør.  Dette treng ikkje eingong vere online!  Ein må berre vedlikehalde og oppdatere eit sett med rot-CA-ar for bilprodusentane.

    Om ein vil ha "roaming" (ladeføderasjon) på toppen av dette, må ein gjerne lage det - så lenge ein har ein trygg ID for bilen, er dette ei smal sak å få til.

    • Liker 2
  3. Dette er på høg tid! Var for eit års tid sidan rundt om på ulike elektrobutikkar for å finne erstatningskabel til ein Mac-ladar. *Ingen* av kablane i butikkane hadde merking som sa noko som helst om kor mange watt dei støtta, så eg måtte berre gjette basert på tjukkelse og fysisk utforming. Endte opp med ein kabel med maks 60W viste det seg, men det var godt nok i nødssituasjonen.

    Til tommyb: Ingen grunn til at det skal vere meir bruk og kast enn det er for andre kablar. Kabelen er intelligent og kan fortelje utstyret kor mykje som er støtta. Du treng ikkje kjøpe ny kabel om du aksepterer treigare lading eller overføring. Ein vanleg USB-C-kabel utan PD-støtte taklar typisk 10W, som også kan brukast i nødsfall for lading over natta.

    Tilsvarande er det for HDMI - sjølv om du ikkje har nyaste HDMI-kabel så vil du få bilete - du risikerer berre å få 1080p (HDMI 1.2) i staden for 4K (HDMI 2.0). Dessverre er heller ikkje HDMI-kablar merka med versjonsnummer i dag, så det kan vere ein del prøving og feiling når ein vil gjenbruke ein gammal kabel på den nye TV-en.

     

  4. Tusen takk for oppfølgingsartikkel, Digi!

    Eg lurer på korleis ein unngår kollisjon i tilordninga av hjelpenummer på tvers av sjukehusa? Har vi liksom ein offisiell utstedar av uoffisielle fødselsnummer hos Elektronisk Pasientjournal? Brukar alle sjukehusa denne? Kvifor kan ikkje Folkeregisteret ta denne rolla direkte? Helst ved at EP snakkar med Folkeregisteret, på vegner av Partus og dei andre systema på dei ulike sjukehusa.

     

  5. Dette er mystisk. Håper Digi vil grave djupare i dette og finne ut korleis slike hjelpenummer vert tilordna og korleis systemet tek høgde for at det ikkje vert kollisjonar mellom nyfødde på ulike sjukehus. Kor mange bits er hjelpenummera på? Det er trass alt berre 1000 personnummer per kjønn og dag, så ein kan ikkje basere seg på tilfeldig tilordning utan å risikere hyppige kollisjonar.

     

    • Liker 1
  6. Ah, nettopp.  Vel, det er vanskeleg å vite kva som ville skjedd om ikkje sjåføren greip inn der.  Jamfør situasjonen her, der bilen startar på å køyre ut i krysset, og ombestemmer seg, og ventar på at ein bil til passerer.  Dette kunne skjedd i situasjonen over også.
     


    Sjå også situasjonen 3:30 i videoen over, der bilen køyrer utanom ein syklist utan lys.  Det byrjar å nærme seg ekte autonom køyring.

     

    • Liker 4
    • Innsiktsfullt 1
  7. Eg er skeptisk til GPS-basert (GNSS-basert) vegprising, men det er mogleg med smart programvare.

     

    Scenario 1: mottakaren er frittståande, har berre GPS og aksellerometer.  Når aksellerometeret registrerer at bilen er i rørsle, utan at GPS gir posisjon, kan systemet falle tilbake til sjablongmessig 60 km/h til dyraste sats.  Om den estimerte distansen stemmer bra overeins med luftlinje mellom dei to GPS-målingane, brukar ein det beste alternativet.  Målet er å sørge for at det ikkje løner seg å jamme signalet, men ikkje straffe dei som køyrer i GPS-skugge under ein fjellhammar.

     

    Scenario 2: mottakaren er plugga inn i ODB II-porten og har tilgang til kilometerteljaren til bilen.  Då kan ein droppe sjablongmessig teljing av kilometer, men i GPS-skugge må ein framleis ilegge dyraste sats innanfor radius sidan forrige GPS-lokasjon.

     

    I begge tilfelle er tidspunkt kjent, så endringar i avgift avhengig av tid på døgnet (eller dato), kan avkrevjast korrekt.  Ein bør rett nok tilstrebe å ha same rushtids-bestemmelsar over heile landet sidan ein ikkje nødvendigvis veit om bilen er i Oslo eller i Sandefjord.

    Utfordringar:

    • tunnelar: algoritma med sjablongmessig estimat målt opp mot GPS-lokasjon på kvar side handterer dette greit nok, trur eg.
    • ferger: her vil bilen registrere rørsle, men folk vil ikkje forvente å betale for vegbruk.  Dette er forsåvidt eit definisjonsspørsmål.  Med tilgang til ODB II-bussen er det greit å handtere fritak for avgift på ferger korrekt.
    • reiser i utlandet: dei som køyrer i utlandet bør skru av jammeren når dei krysser landegrensa, ellers kan det verte dyrt.
    • forfalsking: ein jammer er triviell, men du får også kjøpt sendarar som kan lure mottakaren til å tru han er plassert i Indre Mongolia eller Gøteborg.  Her har eg berre ei god løysing: krevje kryptografisk signerte signal frå Galileo, i alle fall ein gang i blant.

    Personvern: for å redusere personvernsbelastninga må alle grunnlagsdata liggje i mottakaren og faktura reknast ut inne i mottakaren.  Innsyn i grunnlagsdata bør krevje skjellig grunn frå ordensmakt.  Eg meiner det ikkje er realistisk oppdateringsmessig eller CPU-messig å ha komplette kartdata i mottakaren.  Pris-informasjon bør definerast som geofencing-koordinatar, og då kan oppdatert prising overførast på nokre få megabytes ein gong i månaden, saman med opplastinga av fakturadata.

     

    Men så kjem vi til elefanten i rommet som ingen snakkar om.  Kva vil dette koste?  Så vidt eg veit, finnest det ikkje ferdige slike mottakarar.  Dei skal utviklast, produserast og installerast.  Det er ikkje så lenge sidan vi hadde eit liknande trykk frå myndigheitene, ei oppmoding om å få ettermontert DAB-radio.  I dette tilfellet var DAB-radioane ferdigutvikla og -produsert, men likevel kosta det meg 6000 kroner å "oppgradere" min Ford Mondeo.  Eg burde heller kjøpt ein Tiny-DAB som stakk ut av sigarettennaren, men det er ikkje eit alternativ for ein vegprisingsdings.  Eit optimistisk anslag er 3000 kr per bil.  Med 3,3 millionar bilar i Noreg, vert det 10 milliardar kroner.  Telenor og Telia gnir seg nok i hendene ved tanken på 3,3 millionar nye abonnement, også.  Kven skal betale dette?

    Min konklusjon: Det er ikkje verdt det.
     

    • Liker 3
  8. Så og si all elektronikk som selges i Norge (telefoner, kamera, hodetelefoner, etc.) blir oppgitt til å tåle mellom 10 og 40 grader.

    Om det stemmer at flere personer ikke har et problem med produktet, og at denne løsningen fungerer for flere som har problemet, så ser jeg ikke hvorfor produktet ikke skulle selges. Spesielt med tanke på den oppgitte temperaturen i instruksjonene.

     

    har du opplevd andre produkt som ikkje fungerer ved 2-3 plussgrader?  ville du kjøpe slike produkt om du visste dei ikkje kan brukast utandørs?

    • Liker 5
  9. Om det er alt som skal til for å fikse dem så virker det veldig greit.

    Spesielt med tanke på at de ifølge bruksanvisningen ikke skal brukes under 0 grader, og at det kun er enkelte som opplever problemer.

     

    eg synest ikkje det er så greit.  kvar dag på veg til jobb så slår høyreklokkene seg over til "ambient mode" spontant etter ca. to minutt.  då reagerer ikkje klokkene på nokon knappar i det heile teke.  så må eg slå av klokkene, og slå dei på igjen, ta av meg hanskane, spole tilbake til der eg var, og så setje på avspeling igjen.  og om eg er heldig, tek det ti minutt før eg må gjere dette igjen.

     

    det går rett og slett ikkje an å selje produkt som ikkje kan brukast ved 2-3 plussgrader her i Noreg.  då må dei berre la vere å importere dei.

     

    • Liker 4
  10. Motoren i en elsykkel kobler ut ved 25 km/t, så den gir ikke særlig mye høyere fart (unntatt i oppoverbakker).

     

     

    auka masse (ca. 10 kg) gir større fart i nedoverbakke også.  til gjengjeld får bakbremsen meir effekt, så det er vanskeleg å gjette seg til den totale effekten.  eigentleg trur eg geometrien på sykkelen er viktigare - ein elsykkel er gjerne tilbakelent, medan ein sit meir framoverlent over styret på ein vanleg tråsykkel.

  11.  

    Visjoner og prototyper.

    Alt er fint på papiret, men reelt sett er det jo ingen som har noe på veien. Bortsett fra Tesla, da.

    Jaha. Tesla har jo ingen ting på nye biler... Foruten hw. Noen sw har jo enda ikke kommet.

     

     

    jau, programvare har kome.  no kan eg setje på autopilot i opptil 130 km/h på Autobahn (testa dette i forgårs), men det varierer litt om autopilot let seg slå på i det heile teke.  det er framleis eit godt stykke igjen til AP 2.0 har like god funksjonalitet som AP 1.0 (Mobileye).

    • Liker 4
  12.  

    synest det er rart at det ikkje er nemnt noko om stabiliteten til Bluetooth-oppkoplinga.  mi erfaring er at alle slike dingsar (trådlause proppar) har problem med tidvise dropouts viss telefonen ligg i framlomma.  eg har Jaybird X2 som er den beste eg har funne hittil, men får likevel hakking i lyden når eg lener meg framover på sykkelen i oppoverbakkane, eller bøyer meg ned for å knyte skoa.  i jakkelomme eller baklomme går det mykje betre, men det skulle helst ikkje vere naudsynt.  Bluetooth har store problem med å trenge gjennom feitt og musklar (eller vatn).

    Jeg kan gå 8-9 meter unna telefonen med QC30 uten å miste signal eller merkbar lydkvalitet. Samme med QC35.

     

     

    ja, eg kan gå gjennom to dører og hente kaffi på jobb og likevel ha lyd med mine Jaybird X2 (signalet går 20 meter gjennom 3-4 lettvegger).  slike ting taklar Bluetooth veldig bra.  det er det å sende signalet gjennom vatn som er problematisk.

  13. synest det er rart at det ikkje er nemnt noko om stabiliteten til Bluetooth-oppkoplinga.  mi erfaring er at alle slike dingsar (trådlause proppar) har problem med tidvise dropouts viss telefonen ligg i framlomma.  eg har Jaybird X2 som er den beste eg har funne hittil, men får likevel hakking i lyden når eg lener meg framover på sykkelen i oppoverbakkane, eller bøyer meg ned for å knyte skoa.  i jakkelomme eller baklomme går det mykje betre, men det skulle helst ikkje vere naudsynt.  Bluetooth har store problem med å trenge gjennom feitt og musklar (eller vatn).

×
×
  • Opprett ny...