Esod Mef
-
Innlegg
227 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Innlegg skrevet av Esod Mef
-
-
I 2020 sidan tipsa eg ein representant frå Westcon på Vestnorsk ingeniørkonferanse om oppstarten Hydrogenious frå universitetet i Erlangen. Eg oppgav då også tettleiken på 57 kg H2/m3 i LOHC-olje kontra 70,85 kg H2/m3 for flytande nedkjølt hydrogen. Tilbakemeldinga var då at dette ikkje var så relevant for verken Westcon eller kundane. Litt artig at dette dukkar opp i media etter 2 år.
-
Det er nok som vanleg utviklingstillatelsane som er det interessante her og mogeleg konvertering av desse til regulære produksjonstillatelsar. Interessa for teknologi er her underordna så lenge det er gratis å produsere lus, dumpe kloakk og skitne til felles ressursar og område. Det viste MOVI sin sabotasje av testen av Aquafarm Equipment sin merd i Skånevik for fleire år sidan. Fisken vart bevisst skada, slik at den lettare vart sjuk og testen kunne avbrytast før endelege resultat vart klare.
Berre vent nokre år, så er utviklingslisensane skilt frå teknologiselskapet og ingen vil kjøpe teknologien sjølv om denne skulle vise seg overlegen.
-
Jens Kr. Kirkebø skrev (På 3.9.2022 den 17.11):
Med et hull på 200m får du en COP på minst 4 året rundt. Da er det lite lønnsomt å bore noe særlig dypere. Det er for dypt ned til varmen i Norge, _litt_ tykkere jordskorpe her enn på Island kan man si.
Eit anna alternativ er om dei kunne lagre varme i sand slik som Polar Night Energy i Finland. Om dette let seg kombinere med høgtemperatur varmepumper, kunne det jo vere endå betre. Dette burde vel mest vere eit studentprosjekt verdig.
-
NERVI skrev (5 minutter siden):
Tja, mangel på vind er en eksportbrems, og mangel på nedbør er en eksportbrems. Til og med mangel på gass og kull.
Dette er jo en form for fundamentalisme, rett og slett! Den norske situasjonen skyldes jo at man har produsert mer vannkraft enn man har hatt vann til, på bekostning av magasinene. Bruker man ikke de til sesonglager, så blir jo vannkraftsystemet redusert til ett eneste uregulert elvekraftverk. Vi får se...
Uttalelsene fra RME-kollegene i norden burde ikke fremstilles som offisielle uttalelser fra myndighetene, slik man kan få inntrykk av.
For mykje vind vert visst også ein brems. Og Tyskland betaler for lågare produksjon.
- 3
-
Morten Simonsen skrev (48 minutter siden):
Det blir ingen riksrett og det er ingen svindel. Vi har hatt kabler til utlandet i mange, mange år og særlig Danmark er det landet som vi har eksportert mest til. Dette systemet er har tjent oss vel til nå, og det har ikke vært noen svindel. Kapper vi alle kabler så må vi produsere mer enn vi trenger for å håndtere tørrårene. Videre lever vi faktisk godt i et kapitalistisk samfunn, fordi det dirigerer innsatsen dit vi tjener mest på det. I tillegg får du penger igjen av staten som tar det meste av regningen, så du trenger ikke å sutre så mye. I tillegg kunne i prinsippet en kommune valgt å selge kraften sin billig (feks. Oslo kommune eier mye kraftproduksjon). Alt i alt skriver du bare tull og tøys. Kjedelig at TUs kommentariat har havnet ned på E24-nivå.
Eg tykkjer me skal snakke meir om insentiv og korleis marknadsaltoritmane fungerer. Verknader av ansvarspulverisering gjennom omorganisering i blåruss-regi, er velkjend. Det er same er "tragedy of the commons", som er ein versjon av dette.
Ein kan gjerne spørje seg kor våt hausten er venta av kraftverksoperatørane, sidan så mange reservoar tappast så langt ned. Det vert litt som å tøme sparekontoen no fordi ein forventar å vinne i lotto.
Ein kan jo spørje seg kva insentiv har kraftprodusentane for å halde att nok vatn til å unngå ågerprisar på straum (som me allereie har), i høve til insentiv for å oppretthalde beredskap. Eller om dei medvite utnytter situasjonen til å drive ein vedvarande anstrengt situasjon og høge prisar over tid. Det nyttar ikkje å sjå på antalet kablar for å frikjenne systemet. Ein må sjå på kapasitet og endring i kapasitet også.
- 1
- 1
-
Simen1 skrev (På 21.6.2022 den 21.00):
Ok, jeg bommet på prisanslaget. Men DJI produserer ikke militære droner.
"dessverre uten konkurranse fra store kvanta av små god nok-droner." Militær sikkerhet på kommunikasjonen er nå et minstemål.
No var det vel ei nyhendesak for ei tid tilbake om at DJI visstnok skulle slutte å selgje droner i Russland og Ukraina for å forhindre "militær bruk".
https://www.reuters.com/technology/chinese-drone-maker-dji-suspends-business-activities-russia-ukraine-2022-04-26/
-
Simen1 skrev (På 9.6.2022 den 13.12):
Mikroplast stammer i all hovedsak fra land med elendig søppelhåndtering. Oppegående land samler i det minste inn plasten. Noen brenner det, andre materialgjenvinner og andre deponerer det. Det er i all hovedsak ikke de oppegående landene som forårsaker mikroplast i blant annet Antarktis.
Det kan nok stemme, men nokon må jo produsere all denne plasten, samt lære opp folk i å kaste den frå seg. Dette var faktisk eit stort problem for plastbransjen på 50-talet, at folk tok vare på ting og brukte emballasje oppatt. Så spørsmålet vert kor ligg feilen?
-
eivinds skrev (4 timer siden):
Legger til brannsikkerhet og ikke minst om oppbrukte batterier ender som farlig avfall på den listen. Det vil jo over tid dreie seg om enorme mengder batterier, så de bør kunne resirkuleres, evt. omgjøres til noe som ikke er farlig avfall (om det er mulig).
Høyrer ein del som klagar i “hobbymekk”-miljøet at celler frå el-bilar har vorte så dyre grunna mange firma som bygger husbatteri. Så det er nok mange som kjem til å glede seg over større mengder batteri etterkvart.
Og med leveringsproblem, høge råvarekostnader og slikt, er det klare insentiv for å bedrive effektiv resirkulering. Så farane ligg nok heller i klassisk eksternalisering av kostnader samt desinformasjon frå fossilbransjen.
- 1
-
Håper verkeleg dei har fått inn nokre klausular i kontrakta med operatøren/lakseprodusenten som skal ha "biomassen" inn i dette egget, som vanskeleggjer sabotasje av testen. Andre utviklarar har opplevd at operatør har sabotert slik at testresultata ikkje nådde endeleg konklusjon og at laksen måtte slaktast prematurt.
Årsaka ligg sjølvsagt i at "lakse(lus)produsentane" har sterkare insentiv for å skaffe utviklingslisensar med tanke på å konvertere desse til produksjonslisensar, enn å utvikle teknologi som kan redusere problema i bransjen. Ureining av felles ressursar, (fjordbassen) er billeg og utan konsekvens for "lakse(lus)produsentane".
Utviklingslisensar må vere tidsavgrensa og aldri kunne konverterast til produksjonslisensar.
-
Lab Roy skrev (På 6.5.2022 den 22.35):
Det grønne skifte krever en enorm økning i gruvedrift over hele jordkloden.
Ei temmeleg stor auke må nok påreknast ja, men samstundes går det vel ha ha fleire tankar i hovudet samstundes. Det er jo ikkje akkurat slik at dagens eksisterande energi- og verdikjeder er utan negative verknader for folk og natur.
For gruveprosjekt i Noreg er det jo svært interessant om avfallet kan inngå i ei verdikjede for geopolymer som erstatning for betong i byggebransjen.
-
ChrisQ skrev (27 minutter siden):
Misoppfatning?
Hvordan forklarer du figuren nedenfor (Carbon intensity of global crude oil - upstream and refining):
Så i følgje figuren over er det heilt rett at Saudi Arabia omtaler si olje som verdast reinaste, særskilt om ein tek omsyn til at usikkerheita rundt tala er større for Noreg. Azerbaijan ligg for øvrig også godt an. Danmark er jo betydeleg betre enn Noreg.
Elles har ein jo også dette med volum. Om Saudi får noko betre praksis kring fakling tippar eg dei lett slår Noreg. Eg går då utifrå ein mogeleg reduksjon tilsvarande forskjellen på norsk og britisk sektor.
- 2
- 1
-
Er dette del av ein bevisst politikk frå oljesmurte "høgrepolitikarar" for å byggje "fiendebilete" som kan rettferdiggjere vidare handlingar som rettferdiggjer "planetdrap", tru?
- 2
-
Machz skrev (41 minutter siden):
Problemet med solceller er at det er for energikrevende å lage det. Det kreves myyyyye energi å lage en solcelle og så lenge den energien er billig, koster det relativt lite å produsere solcelle men hvis man tenker at energien fra solceller skal lage solcelle, ja da blir prisen noe helt annet og det er jo i prinsippet dit mange vil. Svaret er at det tar ca 4 år for en solcelle å produsere energien som skal til for å lage den. Energien fra solen er enorm men den er også veldig uttynnet. All brukbar energi i dag er konsentrert solenergi eller fisjonenergi.
Stikkordet her er energitetthet. Alt vi bruker i dag har svært høy energitetthet. Jeg har ikke noe trua på at menneskeheten klarer å fungere ved å plutselig gå over til å bruke lav energitetthet.
Et menneske, ja - mennesket, nei.
No er vel 4 år i øvre del av spekteret, men eg forstår jo at du vil fremme det synet om du har ein agenda.
Kjelde: https://cleantechnica.com/2018/02/03/solar-power-can-pay-easily/
Elles kan det jo argumenterast med at bidraget frå solceller på tak, på eksisterande bygg, ikkje medfører arealinngrep.
- 3
- 1
- 1
-
Eg fekk opp 14 panel (5 kWp) på sørvendt garasjetak i mars. Så langt har eg ikkje tenkt på eige batteri, men benytter meg av virituelt batteri hos den lokale "faktura-bedrifta". Salg av inntil 500 kWt til 1kr/kWt freista lite så lenge eg må betale spotpris på over 2 kr/kWt. Ulempa er at eg må betale nettleige på "eigen straum", samstundes har eg mogelegheita til meir "sesonglagring".
-
Slakter Hansen skrev (9 timer siden):
Russerene tilpasser sine strategier nå M72 og Javelin. Starstreak har enda ikke blitt omsatt der nede. Når det kommer vil Russerene ta noe tap ja, men de vil også beslaglegge eksemplarer og utvikle mottiltak uansett hvor umulig dette syntes å være, samt å tilpasse krigføringen etter denne trusselen.
Tenkjer du her at det er observert "Technics"? i bruk på russisk side? Eller kan du vise til kjelder der infanteri vernar pansra einingar?
-
AnRoBa skrev (2 minutter siden):
Dette burde ikke TU lage artikkel om.
Når og hvor en slik forsendelse befinner seg må omtales minst mulig.
Open pakkesporing i krig... ikkje det luraste det nei.
- 7
-
- Populært innlegg
- Populært innlegg
Med tanke på tryggleik og at det er ein krig på gang, er det kanskje ikkje det luraste å kringkaste lokasjonen av denne lasta vel?
Greit at me er stolte av dei få produkta me lagar her i landet, men dette byrjar å likne ein parodi. Like før ein forventer ein artikkel som refererer erfaringane til "avsendar" og "sluttmottakar" av dette produktet. (På ein skala frå 1 til 5, kor død kjenner du deg no?)
Dette er ein kritikk av journalistikken, for dei som måtte lure...
- 10
- 1
-
Morten Simonsen skrev (17 minutter siden):
Hvordan har du tenkt å få dette til å fungere? Vil du betale produsent A 50 øre og produsent B 100 øre i samme prisområde? Fordi om produsent A produserer rimelig, skal ha dermed ikke ta seg like godt betalt for *samme vare* som produsent B? Dette avgjøres som en auksjon i dag, noe som man skulle tro presser prisen ned til det minimum som er mulig for en samlet gruppe å bli enige om...
Det kunne vore interessant å få ein god diskusjon om marknadsmekanismar og kva som kan gjerast for å sikre både forbrukarane og industrien greie pristilhøve. Truleg burde fleire gått for fastpris, men då bør gjerne denne innehalde klausular om maksimal profitt i høve til produksjonskostnader.
Dei færraste hadde vel akseptert å betale biffpris på alle kg i ei handlekorg med 5kg poteter, 1kg havregryn og 200 gr biff? Så kvifor skal me akseptere dette prinsippet med straum? Produsentane veit jo kor mykje dei produserer for å oppretthalde frekvens og "stivt" nett. Så om me tek utgangspunkt i det, så kan produsentane få betalt etter den brøken.
Elles så kan me diskutere om straum i det heile er ei vare som er egna for børshandel og maksimering av profitt for aksjonærane.
-
- Populært innlegg
- Populært innlegg
Eg bur sjølv i eit "typehus" bygd i 1958. Me har teke oppgraderingane litt etterkvart som økonomi og tid har tillatt det. Eg forsøkte i byrjinga å finne ut om det var mogeleg å få støtte frå Enova, men fann fort ut at det var dødfødt. Trinnvis oppgradering var ikkje mogeleg og støtta er heller ikkje høg nok til å forsvare eit fullstendig renoveringsprosjekt på kort tid. Ei anna sak var at lokale firma ikkje hadde kompetanse til å lede veg i søknadsprosessen.
Eg vil tru det kan vere ei nisje for eit firma med bygningsingeniørar og advokatar som kan ta seg av søknadsprosess og oppfølgjing mot Enova. Samstundes hadde dette også vore ei ekstrem sløsing og skaping av "bullshit-jobs".
Så eg stemmer heller for nedlegging av Enova i si noverande form, og gå for ei enklare modell. Skil også støtta til hushaldningar og industri. Det gjer ikkje meining at hushaldningane skal dekke utgiftene til grønvaskingsprosjekt i oljeindustrien.
- 11
-
Mykje spanande, men det er vel fleire som kunne ynskje seg eit kjedelegare fokus. Slik som å få service og reparasjons-apparatet til å fungere optimalt. Dessverre er ikkje dette "sexy" nok.
- 5
-
rosetta stoned skrev (2 timer siden):
Atomkraft og gass nesten uansett type er mer bærekraftig enn kull/olje og sannsynligvis vindkraft iom at mangel på vind har blitt pekt på som en bærer av de hinsidige energiprisene det siste halvåret. Dette er en helt reell observasjon basert på grunnlaget for energiprisene.
At de forskjellige EU-landene, eller alle land i verden strides om dette, er ikke ut fra et synspunkt om at EUs og verdens karbonutslipp må ned, men ut fra de enkelte landenes økonomiske synspunkt.
Summa sumarum; bygg ut atomkraft og gasskraft om vi skal motvirke på betydelig vis klimaendringer, det enkelte lands interesser kan ikke lengre være en faktor i dette arbeidet.
Nja, kvar gong det bles nok til at alle vindkraftanlegga produserer nok straum utan gasskraft, dett prisen til botnar. Problemet med høge prisar er nok meir grunna gassprisane og korleis prisdanninga på straum vert gjort.
Det er to måtar å kjøpe gass på. Langsiktige kontraktar eller spot. Grunna nedstengingane har mange av dei med langsiktige kontraktar tapt pengar sidan dei også forpliktar seg til å ta imot eit visst volum. Overskytande må selgjast (med tap) på spot-marknaden. Difor har det vore mange som heller har kutta kontraktane for å kjøpe spot ved første mogelegheit. Dette har vore billegaste mogelegheit, men ikkje når mange gjer det same.
Vidare vert straumen prissett etter siste tilbydar inn, som også er den dyraste. I dette tilfellet gass. Og alle får den prisen.
Det er fleire mogelegheiter for å løyse dette.
Me kan endre måten prissetjinga vert gjort, t.d. ved å la prisen auke andelsvis etter produksjon levert. 50% vind til 25 øre + 25% kjernekraft til 75 øre + 25% gasskraft til 192 øre= 79,25 øre til forbrukar i staden for som no at alle får 192 øre.
Me kan gjere noko med løyva til kraftverka og kva pris dei får. Eller byggje ut meir fornybart og ikkje minst lagring.
-
kremt skrev (17 timer siden):
UX300e.
Ekstremtilfellet frå eigen erfaring er noko mellom 11-12 timar frå sør i Tyskland til Hirtshals med forbrennarbil. Altså sjekkar eg ymse elektriske modellar mot dette på "A Better Routeplanner".
Tesla Model Y, Long Range: Køyretid 10:31, Ladetid: 02:01, 7 ladestopp
Lexus UX300e: Køyretid 11:49, Ladetid: 09:27, 13 ladestopp
Når eg skal byte bil om nokre år, kjem denne testen til å vere inkludert og vektast høgt.
- 1
-
Simen1 skrev (På 26.12.2021 den 17.39):
En annen ting som ikke nevnes med et ord, er å bruke steinmasser som varmtvannsbereder. Altså et varmelager der man putter inn like mye som man henter ut over tid. Altså som et batteri, ikke energikilde. Dette er spesielt gunstig i kombinasjon med solkraft og vindkraft ettersom de produserer når det er hhv sol og vind, ikke når markedet etterspør energi. Da trengs det et lager og det trenger man ikke bore kilometer dypt for å finne. Lagret kan starte få meter ned i bakken og f.eks 100m ned. Varme pumpes inn når man har overskudd, flomvannet i elvene renner, vinden suser og sola steiker. Så henter man varmen ut når man trenger den. En slags konto med innskudd og uttak, der målet må være å aldri komme under netto null. 100m hull er langt billigere å bore og bør bores i tette bergarter. Stein nært borehullet fungerer som varmelager, som vannet i en varmtvannstank, mens det omkringliggende berget fungerer som isolasjonen rundt vannet i varmtvannstanken. Det isolerer. Det er ikke noe skarpt skille mellom lagringsmediet og isolasjonen rundt, men det gjør ikke noe. Det betyr bare at jo nærmere hullet, desto raskere kan temperaturen varieres.
Det er eit finsk firma som tenkjer i dei banane du skisserer. Dei har visst eit pilotanlegg gåande i Hiedanranta, Tampere i Finland. Dette har ei lagringskapasitet på 3MWt og lagrar energi frå eit 100m2 solcelleanlegg. Dei satsar på sesonglagring av varme frå fornybare kjelder. Desse byrja med vatn som lagringsmedie, men har utvikla vidare med sand som lagringsmedie. I følgje nettsida deira kan dei varme denne opp til 1000 grader C, eller meir. Varmeflyten i lageret får dei via eit rørsystem begravd i sanden. I utgangspunktet er lageret tenkt som del av eit fjernvarmesystem, men eg ser ikkje vekk frå at dette kan vere såpass enkelt og billeg at det kunne nyttast i industielle prosessar eller som varmelager for drivhus.
Kjelde: https://polarnightenergy.fi/
-
asshole skrev (12 timer siden):
Acer krever jo at vi må kunne eksportere 35% av krafta vår, det har garantert noe å si for strømprisen....
Kjelde?
Er det her snakk om energimengd, eller effekt? Det er litt forskjell...
Det grønne skiftet ser ikke ut som vi tror
i Diskuter artikler (Tu.no)
Skrevet
Takk for særs interessant lenke til foredrag.
Materialtilgang er eit kritisk viktig tema eg håper fleire i maktposisjonar fokuserer på. Dette berre viser kor langt utanfor planetes bæregrenser vår moderne menneskelege sivilisasjon, befinn seg. Og eg tenkjer då ikkje på befolkningsantal. Til det er forbruksavtrykket til oss rikaste 1-5% altfor stort i høve til resten av verdast befolkning. Uansett utvikling, må me byrje å setje "tæring etter næring". Drastisk reduksjon i forbruk, design for lang levetid, enkel gjenbruk og resirkulering må til.