Hei! Har ei oppgåve som eg ikkje helt skjøna, skal programmeres i eit PLS-program, men aner ikkje heilt korleis.
På inngangene til PLSèn har vi ei vanleg tilkopling til ein PLS med start og stopp samt motorvern.
I tillegg har vi kopla inn to hjelpekontakta frå kontaktorane våre, dette kallar vi tilbakemeldingar frå kontaktorane, (FeedBack frå Q1 og Q2).
Det betyr at når vi aktiverer kontaktorane våre med utgangen til PLSèn, slår kontaktorane seg på og hovud- og hjelpekontaktane blir aktiverte på kontaktoren. Då sler motoren etc seg på, men samstundes vil og hjelpekontaktane bli aktiverte.
Dette vil då fortelje PLSèn ( programmet) at kontaktoren(ane) faktisk har slått seg på eller av.
Får vi ikkje denne tilbakemeldinga må det være noko feil og ein alarm må bli akiverte og vi må sette (køyre) anlegget vårt i sikker posisjon med eit naudprogram.
Takk på forhand