Gå til innhold

Compaq

Medlemmer
  • Innlegg

    8
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Compaq

  1. Eg er på jakt etter ein god sykkel som vert brukt til ca 13km pendling kvar dag, pluss litt sykling utanom dette. Eg kjem til å sykla på asfalt og grusveg; ikkje så mykje i skog, sjølv om det er jo kjekt å variera ruta litt av og til. Dempargaffel er nok ikkje nødvendig for dei aller fleste turane mine, men dersom eg tek ein svipptur inn i skogen, så er det greit å ha. Eg er 194cm høg, med lange bein, så eg trur eg treng ei ramme opp mot 62cm.

     
    Eg lener mot ein hybrid som er meir terrengsykkel enn landevegssykkel, då slike kjem med dempargaffel, litt grovare dekk og kanskje meir "robuste" girsystem (SLX/XT vs Sora/105, til dømes). Men eg er open for gode innspel.
     
    Her er syklane eg har funne som eg trur er gode kandidatar, med link og detaljane frå linken. Eg set veldig pris på meiningar om kva sykkel de ville valgt, og kvifor! :)
     
    Gavia Barletta 2018
     
    Farge: Sølv/Orange
    Modell: Gavia Barletta Hybrid
    Dropout: 
    Ramme: Gavia Barletta 18
    Styrelager: FSA No.42 ACB Tapered
    Gaffel: Aluminium Disc Tapered M/Skjermfester - 45mm offset   
    Felg: Alex ACE-18, 700 x 14, 32H, med eyelets, dobbel bunn 
    Nav: Formula
    Eiker: 32, Rustfritt 
    Dekk: Continental Cityride II 700x32C  
    Slange: Kenda, presta ventil 
    Bremser: Shimano BR-M395 Hydrauliske skivebremser 
    Bremseskiver: Shimano RT54 - 160 mm 
    Bakgir: Shimano Ultegra 6800 GS 11-delt
    Framgir: Shimano 5800 105
    Kassett: Shimano 5800 11-32T  
    Kranksett: FSA 50/34T  
    Kranklager: FSA BSA   
    Girhendler: Shimano SL-R700   
    Kjede: KMC X11L
    Sadel: Selle Royal
    Sadelpinne: Sort aluminium 27.2 x 350 mm 
    Styre: Sort aluminium 31.8 mm - 640 mm 
    Styrestem: Sort aluminium
    Vekt: 11,3 kg (veid i str. M)
     
     
    Everest Adventure 2016
     
     
    Ramme: Everest 6061-T6 aluminium 
    Gaffel: SR Suntour, NCX D LO LITE 700C, 63mm
    Girhendel: Shimano Deore 
    Frontgir: Shimano Deore XT 
    Bakgir: Shimano Deore XT 
    Krank: SRAM S650, 26x36x48T 
    Kassett: Shimano CS-HG40-9, 11-32T 
     Kjede: KMC HG-53 9-Speed 
    Bremser: Tektro Draco 2, hydraulic disc brake, 160mm rotor 
    Setepinne: Racelite aluminium, 27,2 x 350mm 
    Stem: Racelite aluminium, S:90mm, M:100mm, L:110mm, XL:120mm, XXL:130mm 
    Styre: Racelite aluminium, 25mm rise, 31,8 x 9D x 620mm 
    Hjul: Alex Rims ACE17, 
    Dekk: Kenda K-935, 700*38C
     
     
    Crescent Hamra 2017
     
     
    materiale  Aluminium
    Generelt
    Merke  CrescentRammetype  HerresykkelSerie  HamraÅr  2017Hjulstørrelse  28 inchSykkelkategorier  HybridsyklerSykkelserie  Crescent HamraArtikkelnummer  CF-YMC3405501-YMC3405901
    Gir og Bremser
    Antall gir  30Type gir 
     UtvendigBremsetyper  Hydrauliske skivebremserGirgupper 
     Shimano SLXGirspak  Shimano DeoreFramgir  Shimano DeoreBakgir  Shimano SLXKjede/Reim  KjedeKranklager  Shimano FC-M521 48/36/26 170 mm
    Komfort
    Sittestilling  Lett foroverbøydRammemateriale  AluminiumDempegaffel  JaDekk  Spectra Quantum Regular 40-622Sete  Spectra SE SUUSKick stand  IngenBagasjebrett 
     IngenPedaler 
     Ja
    Vekt
    Nettovekt  13.1
     
     
     
    Cube Nature Pro 2017
     
     
    Generelt
    Merke  CubeRammetype  HerresykkelSerie  NatureÅr  2017Sykkelkategorier  HybridsyklerSykkelserie  Cube NatureArtikkelnummer  CF-83400046-83400062
    Gir og Bremser
    Antall gir  30Type gir 
     UtvendigBremsetyper  Hydrauliske skivebremserGirgupper 
     Shimano DeoreGirspak  Shimano Deore SL-M610, Rapidfire-PlusFramgir  Shimano DeoreBakgir  Shimano XTKjede  KMC X10Kjede/Reim  KjedeKranklager  Shimano FC-T551, Hollowtech II , 48x36x26T, 175mm, Integrated BB, ChainguardKassett  Shimano CS-HG500, 11-34T
    Komfort
    Sittestilling  SportyRammemateriale  AluminiumDempegaffel  JaPunkteringsbeskyttelse  JaDekk  Schwalbe Smart Sam Active, 44x622Sete  Selle Royal ViperBagasjebrett 
     IngenFelger  Cube ZX20, 32H, DiscPedaler 
     JaSetepinne  Cube Performance Post, 27.2mm
    Vekt
    Nettovekt  13,3
    B
     
     
    Cube Cross 2016
     
     
    Generelt
    Merke  CubeSerie  CrossÅr  2017Nettovekt  12,75Hjulstørrelse  28 inchSykkelkategorier  HybridsyklerSykkelserie  Cube CrossArtikkelnummer  CF-83500046-83500062
    Ramme & Gaffel
    Rammetype  HerresykkelRammemateriale  Aluminium
    Gir & Bremser
    Bremsetyper  Hydrauliske skivebremserGirgupper 
     Shimano LXType gir 
     UtvendigAntall gir  30Krankparti 
     TripleKranklager  Shimano FC-T551, Hollowtech II, 48x36x26T, 175mmCrank ratio  48x36x26Framgir  Shimano LXBakgir  Shimano XTGirspak  Shimano SLX SL-M670, Rapidfire-PlusKassett  Shimano CS-HG500, 11-34Cassette ratio  11-34Elektrisk/mekanisk gir  Mekanisk
    Komponenter
    Pedaler 
     JaKjede  KMC X10Dekk  Schwalbe Smart Sam, Active, 44x622Felger  Cube SX24Sete  Selle Royal ViperSetepinne  Cube Performance, 27.2mmStyret  Cube Rise Trail Bar, 660mmType stem  Cube Performance, 31.8mm
     
     
    Hard Rocx C3
     
    Modell: Herre
    Ramme: 1750 gram CROSS 2 lightweight double butted 6061 Alu.
    Rammestr Dame: 16,5’’ – 18,5’’ – 20’’
    Rammestr Herre: 16,5’’ – 18,5’’ – 20’’ – 21,5’’
    Gaffel: Speed by Hard Rocx Alu.
    Gir bak: Shimano Deore
    Gir foran: Shimano
    Girhendel: Shimano
    Bremser: Shimano BR-M355
    Krankarmer: Shimano FC-311
    Kranklager: Shimano BB-UN26
    Frikrans: Shimano
    Kjede: Shimano
    Pedaler: Leveres uten
    Styre: HRX
    Styrestem: HRX
    Sadelpinne: HRX
    Antall gir: 24
    Utveksling: 11/32 – 28/38/48
    Vekt: 11,6
    Modell: 2016
     
     
    Trek 8.5 DS 2017
     
    Ramme: Alpha Gold Aluminium, DuoTrap S-kompatibel, bagasjebrett- og skjermfester
    Dempegaffel: SR Suntour NRX, ATB-klassifisert, spiralfjær, forspenning, hydraulisk fjerninnstilt lockout, 63 mm vandring
    Størrelser: 15,5, 17,5, 19, 21, 22,5"
    Frontnav: Shimano RM35 aluminium
    Baknav: Shimano RM35, aluminium, CenterLock
    Felger:Bontrager Tubeless Ready-skive
    Dekk: Bontrager LT2 Expert, 700 x 38c
    Girvelgere: Shimano Deore M590, 9-delt
    Krankgir: Shimano Deore
    Bakgir: Shimano M592 Deore
    Krank: FSA Dyna Drive, 48/36/26
    Kassett: Shimano HG200 11–32, 9-delt
    Pedaler: Wellgo, nylonkropp med aluminiumsramme, tåklips og stropper
    Kjede: KMC X9
    Sete: Bontrager Evoke 1.5
    Setepinne: Bontrager SSR, 2-bolts hode, 27,2 mm, 12 mm offset
    Styre: Bontrager Low Riser aluminium, 31,8 mm, 15 mm oppsving
    Styrestem: Bontrager Blendr Elite, med computer- og lysfester, 31,8 mm, 7 grader
    Styrelager: 1-1/8" gjengeløst, forseglede maskinlagre
    Bremser: Shimano M355 hydrauliske skivebremser, 160 mm skiver
    Håndtak: Bontrager Satellite Elite, låsering, ergonomisk
     
     
    Trek 8.6 DS 2017
     
    Ramme: Alpha Gold Aluminium, DuoTrap S-kompatibel, bagasjebrett- og skjermfester
    Dempegaffel: SR Suntour NRX, ATB-klassifisert, spiralfjær, forspenning, hydraulisk fjerninnstilt lockout, 63 mm vandring
    Størrelser: 15,5, 17,5, 19, 21, 22,5"
    Frontnav: Shimano RM66, aluminium, CenterLock
    Baknav: Shimano RM66, aluminium, CenterLock
    Felger: Bontrager Tubeless Ready-skive
    Dekk: Bontrager LT2 Expert, 700 x 38c
    Girvelgere: Shimano SLX M670, 10-delt
    Krankgir: Shimano Deore LX
    Bakgir: Shimano SLX M675, Shadow Plus
    Krank: Shimano T551, 48/36/26 m/kjedebeskytter
    Kassett: Shimano HG50 11–36, 10-delt
    Pedaler: Wellgo, aluminium, banetype
    Kjede: KMC X10
    Sete: Bontrager Evoke 1.5
    Setepinne: Bontrager SSR, 2-bolts hode, 27,2 mm, 12 mm offset
    Styre: Bontrager Low Riser aluminium, 31,8 mm, 15 mm oppsving
    Styrestem: Bontrager Blendr Elite, med computer- og lysfester, 31,8 mm, 7 grader
    Styrelager: 1-1/8" uten gjenger, forseglede maskinlagre
    Bremser: Shimano M445 hydrauliske skivebremser, 160 mm skiver
    Håndtak: Bontrager Satellite Elite, låsbare, ergonomiske
  2. "Kjøp et kamera som lar deg ta de bildene du ikke kan ta med mobiltelefonen. Foto: Kristoffer Møllevik "

     

    Akkurat det bildet kunne man ikke "tatt" uten photoshop.

     

    Og ellers med tanke på hvor fort mobilkameraene utvikler seg så er der per dags dato slik at den vanlige kompaktkameraen hos massene har nesten dødd ut pga sin overflødighet, og speilrefleks var og forblir kamera for fotoentusiaster og vil strengt sagt ikke berøre "vanlige" brukere uansett.

     

    Edit:

    Og hva menes egentlig med dette?

    Ikke misforstå, de billige alternativene er fortsatt gode kameraer, som holder døren åpen til den dagen du har tenkt å ta steget ut av «Auto» og JPEG.

    Greit nok man skal kunne leke med kamerainstillingene, men dette med å ta RAW og (per def) shoppe inn farger og kontraster som ikke finnes hverken i naturen eller på bildet man har tatt for å så presentere det som "bilde"... beklager, men det er ikke det. Å shoppe vekk blålig luft fra bilder som viser ting på lang avstand, å shoppe inn kontrast i skyene og bakken slik som på bildet i artikkelen er ikke fotografi men nettopp photoshop, samme gjelder hundens øye og den fake refleksjonen man har shoppet inn der.

    Og det er helt greit - men da bør man kunne selvf. gjøre, men hvis man først kjøper skikkelig kamera så IMHO bør man fokusere å heller kunne ta skikkelige bilder enn å ta ett eller annet for å så "fikse" det ut fra RAW.

    Viss eg forstår deg rett, så er eg veldig ueinig. Eit "realistisk" fotografi er ikkje slik som det tilfeldigvis kjem ut av eit kamera sine algoritmar. Det må vera fullt lovleg å bruka den ekstra skyggeinformasjonen som finns i Raw-filene til å manipulera biletet slik at skuggedetaljane kjem betre ut. Det må vera fullt lovleg å forsterka fargane i ein solnedgong i det litt lavkontrastbiletet som kom ut av eit kamera. Det skal vera fullt akseptert at me slår saman fem eksponeringar for å utvida det dynamiske omfanget i biletet, slik at det liknar meir på den verda som me lever i. Auga vore kan jo skilja detaljar i eit mørkt rom og ut til skyfri himmel, noko dei færraste kamerasensorar er i stand til. Det må vera lov å redigera bileta sine slik at dei framstår slik me vil dei skal framstå. Har eg lov til å gå bort og fjerna ei grein på stranda for å få eit reinare uttrykk? Har eg lov til å redigera ut nokre strømlinjer med Photoshop om eg ynskjer det? Vert det eit mindreverdig fotografi av den grunn? Kan eg få tre personar til å halda reflektorar rundt ein person, slik at lyssettinga vert veldig urealistisk men flatterande? Er det greit å "burna" litt ekstra på skyene i mørkerommet for å få meir kontrast? Er det greit med magentafilter for å auka kontrasten på biletet? Får eg lov til å pusha filmframkallingsprosessen for å meir kontrast i negativet? Kvar går liksom grensa? Etter mi meining er det inga grense. Manipulering av "verkelegheita" er jo essensen i fotografi som kunstform, og med mindre me er journalistar så har me har alle lov til å nett gjera det me vil med bileta vore. Og om somme personar begrensar seg sjølv til kun ørsmø kontrastjusteringar og kanskje ei beskjering eller to, så har dei lov til det. Men alle andre som ikkje begrensar seg slik er sjølvsagt likverdige fotografar!

    • Liker 5
  3. Litt kritikk til tek.no:

     

    Det er litt vanskeleg å forstå at de gir desse hovudtelefonane karakter 9/10. Det er same karakter som Bose QuietComfort 35, og Sony MDR-1000X og Beyerdynamic Custom One Pro+, der dei to fyrste kostar omlag 10 gongar så mykje.

     

    Etter mi meining kan ein ikkje oppsummera ein heil test med éin karakter. Eg forstår at ein ynskjer det er mogleg, men karakteren er jo meiningslaus; skalaen er ikkje ein absolutt skala, men ein relativ skala. Når eit par hovudtelefonar til 400,- får karakter 9/10, betyr ikkje dette av hovudtelefonane er i toppsjiktet av lyd- og byggjekvalitet, men at dei er veldig gode trass den låge prisen. Dette er problemet: Ein er absolutt naud til å lesa heile testen for å få informasjonen, for karakteren i seg sjølv er villeiande.

     

    Dersom ein skal benytta ein karakterskala, så meiner eg den bør dekomponerast til underkarakterar: Lydkvalitet, byggjekvalitet, overføringskvalitet (trådlause), osb. Ingen av desse karakterane må ta omsyn til pris, for då vert me (forbrukarane) forvirra. Når de testar hovudtelefonar, så ser de jo alltid på den same kriteria, så i staden for å oppsummera testen med berre éin karakter, så oppsummer med absolutte underkarakterar i staden. Då blir det mykje enklare for oss å samanlikna produkt som de har testa.

     

    Hovudtelefonar til 400,- er ikkje like gode som hovudtelefonar til 4000, så ikkje gi karakter 9/10. Det er høgst forvirrande.

  4. God kveld,

     

    Eg har ikkje drive med oppgraderingar av bærbare maskiner før, og har ein del spørsmål eg håpar nokon kan hjelpa meg med. Eg beklagar dersom spørsmåla er n00blege.

     

    Eg har tenkt å gjera to oppgraderingar i datamaskina mi: erstatta SSD-disken min med ein større SSD-disk og erstatta den optiske driveren med ein 9,5 mm HDD.

     

    1)

    Eg har kjøpt eit kabinett til HDD-en frå OptiBay. Treng eg ny SATA-kabel, eller er den optiske driveren allereie kopla til med ein SATA-kabel som eg kan bruka? Dersom eg treng ein SATA-kabel, kva type føreslår de?

     

    2)

    Kan eg bruka kabinettet som den eksisterande SSD-disken ligg inni til den nye SSD-disken, eller må eg ha eit nytt eit? Dersom eg treng eit nytt eit, kan de føreslå eit?

     

    3)

    Eg ynskjer å ta vare på den SSD-disken er erstattar, og kunna bruka den som ekstern lagringsstasjon. Kan eg kjøpa eit "sett" som inkluderer kabinettet og kablane eg treng? Det er ein 2,5 tommars SSD-disk. Kan nokon føreslå noko?

     

    4)

    Korleis installerer eg OS X Mavericks på den nye SSD-disken?

     

    Eg set stor pris på all hjelp!

     

    Venleg helsing Anders

×
×
  • Opprett ny...