Gå til innhold

Eirik_R

Medlemmer
  • Innlegg

    264
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Eirik_R

  1. Er på jakt etter videokamera for filming av korte snuttar i industrielt miljø, dvs lukka hall med dårlig lys og støv i lufta.

     

    Ser for meg prisnivå rundt 5000. Er open for store avvik, så lenge det er sammenheng mellom pris og kvalitet/funksjonalitet.

     

    Viktigaste krava vil vere

    • Nybegynnersikkert - Skal brukast av uerfarne folk med lita læringsvilje, auto-modus må vere god
    • Takle dårlige lysforhold - Som nevnt over vil mykje av filminga vere med dårlig lys og støvete luft i tillegg
    • Framtidsretta - Mindre prioritert enn dei to over, men vil unngå å investere i eit kamera som er utdatert den dagen det forlet butikken

     

    Har sett på Canon LEGRIA HF M36, Samsung HMX-S10, Sony HDR-CX350VET og Panasonic HDC-SD600 som mulige kandidatar. Er vel på gli mot Panasonic HDC-SD600 som favoritt, har inntrykk av at dette er best på dårlig lys og overkommelig for uerfarne.

     

    Kan nokon bekrefte (avkrefte) Panasonic HDC-SD600 som eit godt valg? Eller har andre kamera å anbefale?

     

    (I tilfelle nokon endå var i tvil, så er det ikkje snakk om kjøp til meg personlig, men at eg skal kjøpe til jobben. Berre sånn i tilfelle nokon bryr seg. Derfor har eg også lagt ned meir jobb enn (for meg) normalt i å finne ut av det sjølv.)

  2. Kor mykje er optisk bildestabilisator verdt?

     

    Tenker å kjøpe kamera, bruksområde vil nok i hovudsak vere ein kombinasjon av utandørs og små, mørke rom. Ein kombinasjon eg går utifrå ikkje er heilt enkel. Skriv i denne tråden ettersom eg så langt har vurdert stort sett det same utvalet av kamera som er diskutert over.

     

    Har sett at F30 får skryt for ISO-verdi, og at dette skal vere bra for å ta bilder i dårlege lysforhold. Samtidig ser eg at ein av dei tinga som vert mest fokusert på for kritisk vurdering er optisk bildestabilisator, og då at dette skal hjelpe for å ta mørke bilder.

     

    Var igrunnen bestemt på F30, men kor mykje er eigentleg optisk bildestabilisator verdt, burde eg gå over på P4?

     

    Dersom eg har forstått det rett så har også P4 fleire MP på ei mindre brikke, og dette er vel ikkje bra med tanke på støy; og vil helst i likheit med trådstartar(etter det eg har forstått) ha eit peik-og-klikk kamera, der eg i utgangspunktet ikkje treng å gjere manuelle innstillingar både inne og ute.

     

    edit: leif var på besøk

  3. Må beklage om dette nettopp er spurt om før, men kunne ikkje finne noko i farta.

     

    Kva gir 700,- ekstra for F30 som eg ikkje får med F11. Kan ikkje heilt sjå den store forskjellen, men noko må det jo vere til 700,-.

     

    Kan også nevne at eg kategoriserar som rimelig nybegynnar på kamera, men har hatt digitalt "familiekamera" i 3-4 års tid. Skal no ha det første som er berre mitt.

  4. har folk ei formeining om dette helikopteret? har tidligare erfaring med elektrisk fly og bil, men begge deler søker lett inn i omgivelsane( :cry: )

     

    prisen ser nærmast for god ut til å vere sann, sjølv med moms og gebyr skulle det vere under 1000NOK, så har vi gavepakking då...

     

    Helikopter

     

    edit:

    reknar nesten med at det er "plastic fantastic" og går i oppløysing ved første bruk

     

    er det nokon som veit noko om skjulte avgifter/gebyr på slike varer?

    kanskje nokon har prøvd eit slik?(bortsett frå at eg går ut i frå at dette er kinesisk kopi...)

    kan eg rekne med at det er lovlege kanalar for norsk bruk?

  5. er klar over at denne tråden er gammal, men går vidare på mykje av same temaet so...

     

    generating package: SuSE/SUSE100-IA32
    /tmp/fglrx
    cp: missing destination file operand after «/home/user»
    Prøv med «cp --help» for mer informasjon.
    basename: missing operand
    Prøv med «basename --help» for mer informasjon.
    Package /home/user/ has been successfully generated
    Removing temporary directory: fglrx-install
    m096g:/home/user # ./ati-driver-installer-8.21.7-i386.run --buildpkg SuSE/SUSE100-IA32          
    

     

    finn inga generert rpmfil nokon stad, nokon som veit kva som er gale?

  6. dette hørtest veldig ut som ei vi kasta ut heime for eit år sidan.

     

    den varte i 50 år, vart aldri tatt spesielt godt vare på, men ingen misbruk.

     

    innvendig var den nesten heilt kledd med kleberstein, med tydelege skille mellom steinfragmenta. dette var ei kamin for koks, og det var også koks som var brukt første 30 åra. siste 20 åra var det ved; bjørk og or.

     

    den var heilt i orden, og vart berre utskifta fordi den store klossen ikkje passa inn etter oppussinga

  7. Det mest morsomme er at mange av disse rettsakene omhandler programmer og OS som gikk av moten i forrige årtusen ... Om Netscape kranger med MS om noe greier mellom IE4 og Communicator 4, så er det eeeegentlig revne likegyldig for folk ...

    1365141[/snapback]

     

    grunnen til at slike saker vert behandla er vel i stor grad at det vert gitt eit eksempel for vidare praksis. sjølv om den opprinnelige saka ikkje lenger er aktuell, kjem det oftast eit lik sak og då har dei eit ferdigbehandla tilfelle som mal

  8. er ferdig med vgs til sommaren og lurer på kva eg skal ta meg til neste år...

     

    har lagt merke til at det er mange rundt om på forumet her som går på ntnu eller nettopp er ferdige. det ville då vere fint om nokre av desse kunne lage ein liten kommentar om sitt studium liknande det golfbag har skrive i Holger's lille NTNU-tråd.

     

    lese katalogar og brosjyrer er eg i god stand til, og har her ein ganske stor stabel av desse, så det er alt det som eventuelt ikkje står i katalogen som er interessant.

    tanken var at dette kanskje også kjem betre fram når det er studentane sjølve som har skrive dette

     

    tankar om det å gå frå fullført tre års bachelor i ingeniør og bygge på til master ville også vere fint

     

    tenker særleg på desse studiuma:

    • Bygg- og miljøteknikk
    • Datateknikk
    • Elektronikk
    • Energi og miljø - langt på veg dekt av golfbag
    • Materialteknologi
    • Fysikk og matematikk
    • Marin teknikk
    • Teknisk kybernetikk

    som kanskje dei fleste legg merke til er det ingeniørfaga som er av interesse...

  9. kan ikkje finne noko på dette her ifrå før, så då får vi håpe nokon kan gi svaret på korleis eg får det til

     

    eg har ein tabell. denne har fire kolonner, den første er 120px brei, den neste er 70px, den tredje skal ta all tilgjengelig plass og den siste skal ta 300px. Problemet er at den tredje ikkje vil ta all tilgjengelig plass, den vil ha ei fast breidde, men det endrar seg ettersom tabellen endrar seg

     

    |120px|70px|auto|300px|

     

    dette er width verdiane eg har i css no

     

    har prøvd position og float for å få kolonne 4 mot høgre, er det fleire alternativ?

    kan ikkje bruke prosent-breidder på dei tre faste kolonnane

     

    og ja, det er tabulær data... :yes:

     

    edit: tabellen har 100%breidde i ein div

    edit2: i tilfelle nokon ikkje oppfattar det, er då ønska resultat slik

    |120px frå venstre|70px frå venstre|alt den treng frå venstre|eller kanskje også dette rommet|300px frå høgre|

×
×
  • Opprett ny...