Gå til innhold

hardwaresantiantiannonseskripterelendig

Medlemmer
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av hardwaresantiantiannonseskripterelendig

  1. Har ein "rein" laptop med berre Windows og Chrome som eg brukar til jobbføremål (mykje basert på Google-docs og andre nettbaserte verkty.) Der driv Windows og masar på oppdatering. Oppdateringa treng 8 GB plass men etter å ha sletta alt som ikkje er Windows har eg berre 6 GB (total plass 28 GB). 

     

    Framlegg til workarounds? Går det an å få til noko med ein ekstern HD via USB f.eks?

  2. På jakt etter brukt større stasjonsvogn med restgaranti, dvs '14-modell eller nyare. Har eit budsjett på 200K kontant (ingen lånefinansiering). Ut frå kva eg ser på FINN.no burde dette vere realistisk dersom ein brukar ein tommelfingerregel på 5-10% rabatt (iallefall ved kontantbetaling).

    Var hjå ein Bertel O Steen i dag. Han ville selje meg ein 508 '14-mod køyrt 44K for 193K ferdig registrert. Eg baud 175K + omreg kontant men han nekta å rikke seg på pris i det heile, han kunne i høgda slenge på ein DAB-adapter. Så då blei det no deal.

    Er det forskjell på merke- og frittståande forhandlarar kor lett der å få ned prisen? Er det forskjell frå merkeforhandlar til merkeforhandlar (BOS vs Møller vs Bilia osv.)? Meiner å ha lest at Toyota kun tilbyr nettopris f.eks, stemmer det?

    Eg handlar ikkje så ofte bil, men ut frå anna handel ville eg trudd at kontantoppgjer ville vere eit temmeleg bra forhandlingskort?

    Takksam for tips frå nokon som har nøyare kjennskap til forhandlarane sin strategi så sparer eg både dei og meg for tid.

×
×
  • Opprett ny...