Gå til innhold

karekbo

Medlemmer
  • Innlegg

    201
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av karekbo

  1. Takk for engasjement, og diskusjon som går litt utafor mitt opphavlege spørsmål. Eg har ein Windows10 lisens og har oppgradert datamaskina med nytt hovedkort, CPU etc for å kunne laste ned windows11. Eg var forberedt på ein prosedyre for å reaktivere windows10 lisensen med nytt hovedkort. Det blei det aldri noe krav om, derimot blei eg bedt om å skrive inn ein PIN-kode, like etter at eg hadde logga meg på med datamaskina sin PIN-kode. Så mitt spørsmål var: kva for PIN-kode er dette? Det viste seg ganske enkelt å vera datamaskina sin PIN-kode, ein gong til. Deretter gjekk installasjon av Windows11 greit, og maskina virker knirkefritt. Dermed er denne tråden slutt, for min del.
  2. Nei, usikkerhet er det som hersker her, men hvis ikkje den nevnte koden går inn ,skal eg prøve dette, å lage (og huske) ein kode
  3. Takk skal dokk ha alle. Nå skal eg pakke koffert og reise bort noen dagar, men har gode løysingsforslag å ta fatt i når eg er tilbake.
  4. Eg har bladd i notisboka for passord etc og finn ei innføring frå hausten 2015, det fell saman med tida då eg kjøpte ein ny, stor stasjonærPC. Der står: Windows10 min outlook e-post E-post passord kode: 7 siffer Dette er kanskje den koden det spørres etter.
  5. Takk. Så hvis eg ikkje eingong hugsar at eg fekk eller laga ein PIN for 30 år sidan, eller har sett noen på sms eller e-post, finst det kanskje ei oppskrift for kva ein kan gjera? Alle pengar og all tid eg har brukt til oppgradering kan da ikkje skrotast pga ein PIN?
  6. Takk for svar. Eg har 5 datamaskinar med stort og smått, alle med windows10 eller windows11. Dei har alle sin PIN kode eller passord. Er det dette dei spør etter? Eg trudde det galdt ein PIN kode for mitt microsofabonnement. Så når eg som første trinn i å aktivere min Windows10-lisens på nytt hovedkort, så er det innloggingsPIN på detnne spesifikke datamaskina dei spør etter?
  7. Eg har sett inn nytt hovedkort og prosessor i ein Windows10 PC. Eg er forberedt på å aktivere lisensen (ikkje OEM) for ny maskinvare, men nå blir eg bedt om ein PIN-kode. Eg har hatt Microsoft OS i meir enn 30 år, men kan ikkje hugse at eg ha fått eller laga laga PIN-kode. Konto og passord er greit, men PIN-kode har eg aldri brukt. Er dette ein kode for denne PC-en eg nå har oppgradert, eller for mitt microsoft-abonnement? Kva gjer eg då for å komme vidare?
  8. Nå har kanskje mine gode hjelparar trøyttna, men her er bare ein avsluttande kommentar: triumf! Eg har nå sett dei 10 år gamle komponentane (dei som nå er erstatta med nye for å kunne installere windows11) i eit gammalt kabinett frå wnindowsXP si tid. Og det funka, etter ein reparasjonsprosess av Windows10 (som starta utan min medverknad), starta systemet opp, og der var alle mine gamle dokument og bilder. Takk for alle svar og kommentarar
  9. ...og ikkje kan eg skjønne at diskane er skada, dei har jo stått urørte og ikkje-tilkopla i kabinettet. Eg har et tomt kabinett ståande, kanskje eg skal sette dei komponentane eg nettopp skifta ut, hovedkortet som desse to omtalte SATA-diskane høyrde til etc, og sjå om alle mappen lar seg åpne då? Er det noen logikk i det eller er det bare tull og bortkasta tid? Den nevnte Acronis backup'en er litt for gammal til at den har stor interesse.
  10. Nesten alle bildemapper og dokumentmapper i SATA- HDD er blitt utilgjengelige. Den tilsynelatende utildelte partisjonen uten stasjonsbokstav viste seg å være en Acronis backup Partisjonen har stasjonsbokstav og er MBR. Enten jeg installerer disken i min nye Windows11 PC eller en eldre windows10 PC er resultatet det samme, bare 4-5 GB av 742 GB er brukt. Det som finnes på disken er en bildemappe og noen få dokumentmapper fra 2015, en dokumentmappe fra 2017 og installasjon av videospilleren VLC fra 2024. Og disse kan altså åpnes både i Win11 og Win10. Hvorfor ligger akkurat disse mappene på disken, og hvor er det blitt av alt det andre?
  11. Takk toralfb (søndag, selskapelighet, sent svar) Godt poeng. Dei gamle SATA-diskane er angitt med stasjonsbokstav i "min datamaskin", men når eg åpner diskbehandling ser eg at partisjonane finst der, dei som manglar i "min datamaskin". Dei fleste partisjonane manglar stasjonsbokstavar. I morgon skal eg tilordne stasjonsbokstavar, og det skulle ikkje forundre meg om mine filer og mapper dukker opp.
  12. Takk for svar Installasjon av Windows11 fra minnepinne fra Microsoft gjekk greit, med same konfigurasjon i Bios som med mitt mislukka forsøk på å installerer Windows10. Årsaka til at det mislukkast var vel at eg la inn OEM-lisensnøkkelen etter at eg hadde sett inn et nytt hovedkort. Neste steg var å laste inn alle mapper og filer frå SATA-diskane (to 3,5", den eine med Windows10 OS) som hadde vore fråkopla hovedkortet under heile prosessen. Begge var partisjonert, med to eller tre partisjonar. Overraskinga var stor då det viste seg at: 1) Alle partisjonering var borte 2) OS var på plass i systemdisken, pluss noen program f ex Photoshop Elements 3) På ekstradisken er bare 4-5 GB av 742 GB brukt 4) Når eg åpner "Bilder" får eg fram noen mapper eg kjenner igjen frå datamaskina før oppgraderinga, men dei finst ikkje på noen av dei to SATAdiskane. Resultater er akkurat det same når eg plasserer desse diskane i ein annan Windows10 PC Kan noen forklare dette?
  13. Takk for svar og fortsatt engasjement. Eg har aktivert default mode og det har medført endringar: 1) EZ Mode viser nå i Storage Inf NVME (ikkje RAID) og M.2_1: Kingston etc 2) i Advanced Mode dukkar nå Kingston opp under NVME controller and Drive Information Men problemet var, og er sannsynligvis fortsatt: BIOS stod vel i Default for ei veke sidan (eg hadde ikkje gjort noen endringar) da eg var ferdig med hardvareoppgraderinga og starta installering av Windows. Installasjonen stoppa fordi Windows ikkje kunne finne noe lagringsmedium. Eit av forslaga til løysing var å sette inn ein minnepinne med NVMe-drivar. Det er uenighet om dette, men eg fant noe som kanskje er ein drivar hos Kingston (ikkje hos ASUS). Det hjalp ikkje. Alle endringane eg gjorde i BIOS er etter diverse videoar som ga anbefalingar til løysing av manglande deteksjon av lagringsmedium. Fordi min Windows10 lisens er OEM, og eg har sett inn nytt hovedkort for å kunne installere Windows11, måtte eg kjøpe ny lisens. Den blir levert på mandag. Kva grunn har eg til å tru at det skal gå betre då? Eg forsøkte også å starte med SATA-disken med Windows10 kopla til det nye hovedkortet, systemet fant ikkje oppstartprogram. Eg har i alle år brukt Aconis True Image, der ein kan lage ein nød-oppstartdisk. Det kan vel ikkje skade å prøve den?
  14. Takk for gode svar. SSD'en var satt til RAID, skal prøve å slå av både det og Intel rapid storage technology og håper det bringer meg vidare. Men beskjedane om tom SATA-port og og ikkje detektabel NVMe er inne i Advanced (der bilde 2 og 3 er tatt), så då er det vel ikkje så mye å konfigurere? Kanskje det finst noen gode råd på ASUS si nettside også?
  15. Takk Svein M Nytt forsøk på BIOS konfigurering. Her er det enten noe galt, eller noe eg ikkje har skjønt. I åpningsbildet under storage information står RAID: KINGSTON SNV3S1000G som jo må vera mi VNMe M2 brikke. Der er altså registrert at noe er satt inn i porten (Bios1). Men når eg går til Advanced mode for å aktivere brikka i Boot rekkefølge står det under NVMe Configuration : No NVMe Device found (Bios2) Så kopler eg HDD med windows10 OS til SATA1 og starter opp enda ein gong og finn at alle SATA portar er registrert som tomme (Bios3) Av dei to alternativa trur eg jo helst at det er noe eg ikkje har skjønt. kva skal eg gjera i BIOS for at lagringsmedia skal bli sett?
  16. OK, så det er bare OEM lisensen som er knytta til hovedkortet, hadde eg kjøpt ein separat lisens kunne eg ha installert også med eit nytt hovedkort? Det nye er i alle fall at nøkkelen nå må skrivast inn først, for at installasjonen skal starte. Hvis ikkje installasjon lukkast med ny lisens, har eg følgande strategi: eg installerer windows på ein SATA SSD (det har i alle fall ikkje vore noe problem med dei mange installasjonane eg har gjort gjennom åra), finn VNMe'en i diskbehandlingsverktøyet, formaterer, endrer til GTP evt og bruker et program til å klone OS fra SATA SSD til NMVe. Det kan vel ikkje slå feil?
  17. GOD FORMIDDAG. Alle gode løysingsforslag er forsøkt, alle mislukka. Som siste utvei har eg ringt kundestøtte hos den leverandør av datautstyr eg har brukt i alle år. Overraskinga var stor da eg blei fortalt at den gamle regelen om at når du byter hovedkort, har du ein ny PC, den gamle Windows nøkkelen gjeld difor ikkje. Det er årsaka til at eg ikkje får gjort noen nyinstallasjon. Med andre ord: du kan laste ned windows11 hvis du alt har ein windows10 nøkkel, men windows11 kan bare fungere hvis du oppgraderer maskinvaren. Det gjeld sjølsagt også hovedkortet, altså må du kjøpe Windows11
  18. Takk skal dokk ha. Det finst også mange videoar om installering (og konfigurering i BIOS for å gjere han tilgjengeleg) av NVMe på M2. Hvis det knip kan eg sjå om eg blir klok av dei. Moderne hovedkort har like mange M2 som SATA og eg har etpar andre PC'ar til å oppgradere, så dette må ein berre lære seg
  19. PC'en er pakka ned og eg er på vei heim frå hytta. På ferga fant eg denne YouTube videoen fra Pulsar Tech: How to install Windows on M2 NVMe drive. Utgangspunktet er nettopp det bildet eg ser, med beskjed om at medium til installasjon ikkje finst. Denne videoen virker lovande og eg skal prøve straks eg kjem heim. Kanskje dokk kan sjå videoen og seie kva dokk syns?
  20. KANE2009 Eg aksepterer at drivar er nødvendig, men korleis kan ein laste inn drivar manuelt utan eit OS? NVM'en visest i BIOS. sedsberg: eg prøver å installere win 10 i første omgang. Korleis finn eg ut om SSD'en er MBR eller GPT?
  21. Takk Svein M, den sida som opnar seg når eg søker https://www.microsoft.com/nb-no/software-download ser annleis ut enn den sida eg oppsøkte ( i går, så det er vel nyaste versjon) for å laste ned windows installasjons USB, men også det starta med nedlasting av media creation tool. Er dette noe anna? Eg får prøve når eg kjem heim, reiser nå frå hytta. Eg får også gå inn i BIOS og sjå om det er noen konfigurasjon eg kan gjere slik at installasjonsprogrammet ser SSDen, og ja det er NVMe på ein M2 plass i eit av dei nyaste ASUS hovedkorta. ....og prøve ein gong til å finne ein drivar, som KANE2009 seier, sjøl om eg ikkje fant noen drivar da eg var på nettsida, tvert imot eit NB i utheva skrift at drivar ikkje trengst
  22. Takk for svar KANE2009 På spørsmål om Win10 støtter NVMe SSD får eg svaret: Yes, Windows 10 has built-in support for NVMe drivers. In fact, Windows 10 has supported NVMe since its initial release in 2015. The operating system includes a native NVMe driver that allows it to recognize and communicate with NVMe devices. På Kingston si heimeside står: Note: Kingston SSDs do not require additional drivers to operate. Og på spørsmålet kvifor kan eg ikkje innstallere OS på min nye SSD? -Confirm that the system BIOS recognises your new SSD and if not, visit the motherboard / system manufacturer’s website to see if there is a new BIOS available. -Verify your BIOS settings are configured to accept a new NVMe SSD. -Confirm that your target operating system supports NVMe SSDs (e.g., Windows 8 or later) Her synes jo alt i orden, bortsett frå at eg ikkje heilt skjønner forskjellen på "BIOS ser SSD" og "Stadfest at BIOS innstillingar er konfigurert til å akseptere ein ny NVMe SSD" Konklusjon: ganske forvirrande
  23. Eg bestemte meg for ein nyinstallasjon av windows-på M2-SSD. Siste nyinstallasjon var i 2017 etter krasj i samband med windows-oppdatering. Installasjon av Windows har eg sjølsagt gjort mange gonger før, også på nybygde datamaskinar, og det har vore uproblematisk. Ikkje nå. M2-SSD og to SATA-HDD viser i BIOS (SATA koplest ut før Windowsinstallasjon). Overraskinga er at installasjonsprogrammet ikkje finn lagringsmedium og foreslår innlasting av drivar. Eg lastar ned SSD drivar hos Kingston på ein minnepinne. Installasjonsprogrammet finn ingen drivar Manglande installasjon av firmware for CPU? Då eg første gong starta maskina, kom det beskjed om å trykke F5 for å laste inn CPU firmware for at seinare installasjonar skulle gå greit. Eg hadde venta at noe skulle vise på skjermen, men det tok mindre enn et sekund etter F5 før BIOS opna. Skjedde det noe innlasting? Nå ser eg inga anna løysing enn å sette inn dei gamle komponentane, hovedkort, CPU etc, ta ein grundig Backup og prøve på nytt. Hvis ikkje kloke hoder har andre forslag?
  24. Takk Svein M, eg kan då fortrøstningsfullt gå igang med nyinstallasjon av OS. Eit alternativ eg vil prøve er Acronis bootable media. For 10 år sia, då denne PCen blei sett saman, hadde eg for vane å installere Acronis True Image på alle mine PCar, og laga ein oppstartsdisk. Den vil eg grave fram og prøve.
  25. Hvis eg nå installerer windows på M2-SSD mens SATA-enhetene med OS og Biblioteker med bilder, dokumenter etc er kopla frå, går eg ut frå at eg etterpå kan kople dei til og få tilgang til alle desse filene?
×
×
  • Opprett ny...