Jump to content

svamp

Medlemmer
  • Content Count

    898
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

7 :)
  1. Det er i all hovudsak SKRUK (jazz/world/religiøst). Norsk kor som er kjent for å vere grensesprengande i sin sjanger. Dei samarbeidar bl.a. med ECM-pianisten Tord Gustavsen, og grupper frå Sør-amerika og midtausten. Fordi tekstane stort sett alltid har ein kristen bodskap er sikkert terskelen høg for den gjennomsnittlege forumbrukar. Men eg syns det er bra musikk, og det er vel det viktigaste. Dessuten, finst det tøffare dirigentar enn han her? http://www.moldejazz.no/2003/site/img/2800...ilde_SKRUK2.jpg
  2. Stemte jazz. Last.fm-greie:
  3. -Ingen kopibeskyttelse -God kvalitet -God nedlastingshastighet -Sikker og lettvint betaling Når eg kjøper musikkfiler på nett gjer eg stort sett det fordi det aktuelle sporet er det einaste eg vil ha på albumet, eller fordi det er store pengar å spare i forhold til å kjøpe CD. (For eksempel det siste eg kjøpte, Keith Jarrett - Sun Bear Concerts, som kostar 900 kroner som CD-sett og 119 kroner som mp3-nedlasting) Når det gjeld pris syns eg den er grei som den er. Har ingenting imot å betale 9 kroner for eitt spor. Det er 9 kroner for noko eg kjem til å ha glede av i lange tider framover, og mindre enn det ein må ut med for ein sjokolade som forsvinn på timen.
  4. NevroMance: Jepp. Det eg meinte var at vi ikkje tek tek med 0 (altså 1-1) som faktor der n er noko anna enn 0, for då kollapsar som vi veit heile stykket. Det var meir humoristisk meint å advare mot det.
  5. Eit par eksempel: n = 5 n! = 5*4*3*2*1 n = 3 n! = 3*2*1 Kan kun brukast på heiltal. Og ta aldri med 0.
  6. svamp

    [LØST] kan stenges

    Audacity er også fint: http://sourceforge.net/projects/audacity/
  7. Eg treng råd: Har lenge vore på jakt etter akustisk gitar, og i dag fann eg ein eg likte på musikk-magazinet i Bergen. Det var ein Guild GAD-40CE, heiltre stål med cutaway og mic, men uten "kontrollpanel". Den kosta 7700 med kasse og nytt strengesett, men eg skulle få den for 6700 på grunn av nokre hakk på framsida av kassa. OK pris? Nokon som har meiningar om GAD-40CE eller Guild generelt? Lenker: GAD-40CE på Guild sine sider (Gitaren hos MM hadde gjennomsiktig pick guard) Harmony central review Ellers lurer eg på poenget med pick guard? For ikkje å lage riper?
  8. Var ofte på Byrkjelo når eg budde heime, men eg har aldri vore lenger enn halvvegs opp på Eggenipa. Det er ei skam ^^ Eg har ikkje kart for meg her, så heilt nøyaktig kan eg ikkje forklare. Men du begynner å gå frå Hope i Hyen. Ein kan parkere før ein bom der veg/sti går inn Skordalen. Innerst i Skordalen blir det bratt opp, der er det spennande å gå, heilt til du kjem til Gjegnabu (DNT) , der du kan overnatte, eller fortsette heilt til toppen. Det skal vere turlagstur til Gjegnen 1. september. Kart, som du må ha om du skal ta turen: http://www.kartbutikken.no/produktdetaljer...visprodukt=4719
  9. Og ein annan ting: KRAFTLINJER. Massevis av kjempetårn av metall med tjukke, knitrande (!) kablar mellom. Vegar opp til og nokre stader langs linja. Uthogde gater. Vil vi ha slike som følges"venn" på ein heil tur? http://www.opprop.no/opprop.php?id=fjords Etter mi meining er det einaste akseptable alternativet sjøkabel langs heile strekket, og det kunne vore meir fokus på fjellnaturen, men eit slikt opprop er då betre enn ingenting. Den aktuelle linja går gjennom mykje fin natur som vi bør kunne ta oss råd til å ta vare på.
  10. Eg er einig i det med å gå i byen når det gjeld mykje besøkte "turistmagnetar" som Besseggen, Galdhøpiggen, Preikestolen og så vidare. Syns også det beste er å vere langt frå allfarveg og stiar - på stader ein kan vere heilt sikker på å ikkje sjå folk. Men - det er då ingen grunn til å føle seg teit når ein følgjer T-merking? Mange T-merka ruter går der få har gått, dei treng ikkje vere beskrivne i bøker eller vere kjende. T-merkinga er jo også eit godt hjelpemiddel for eksempel for å komme seg inn i fjellområde på ein enklare måte (oftast går jo den merka stien langs den beste ruta). Eg har heller ikkje noko imot å sjå T-ane langs stiar og ruter. Nokre meiner jo at dei forurensar, men eg syns det er greit så lenge dei ikkje står altfor tett. (Det må ikkje bli for mykje heller - det finst vel grenser for kor "tilgjengeleg" fjellet skal bli? Kva meiner de andre om det? Eg syns for eksempel (litt på spissen) at å setje T-ane så tett som kvar tjuande meter for at dei som kanskje ikkje er så vant skal finne fram berre er dumt..) Er også einig i det som var nemnt før om høgdemeter og lengde. Var på telttur berre knappe 40 minutt og kanskje 100 høgdemeter frå hovudvegen i juli. Det var både stilt, øde og fint likevel. Men når det er sagt syns eg også det er spennande å gå på plassar eg har høyrt eller lest om, der det kanskje er mykje trafikk - nokre gongar er "kjendisfaktoren" litt forlokkande. (Eksempel: Kyrkja) På veg mot Soleietindane 01.07.07, litt dårleg bilete (måtte kutte vekk nokre folk som var i vegen^^):
  11. Daehli: På vidden er det sikkert fint å overnatte? SisteBert: Det er fjella rundt Bergen som er små haugar. Tidlegare nemnde Lyderhorn, for eksempel. robB høyrer fjellet rope på seg. I Bergen høyrer du mest motordur frå bilar og fly. Sempron: http://www.dnt-ung.no DrThomas: Du kan ta toget til Myrdal stasjon. Derfrå er det fleire gode alternativ. Du kan for eksempel gå til Uppsete (og vidare derifrå), eller langs rallarvegen.
  12. Kyrkja har eg lyst på! Den ser spennande ut.
  13. Favoritten akkurat no må vere Keith Jarrett - Köln Concert. (Lytteeksempel) Opptak frå konsert i Köln midt på 70-talet. Både jazz, blues og gospel her. Kun pianoimprovisasjon. Har høyrt masse på det. Memory (Lloyd Webber/Clayderman), Ballade pour Adeline (Paul de Senneville/Clayderman), kjempeviseslåtten (Sæverud), nokre sonater av Beethoven, dei mest kjende til Grieg (bryllupsdag på Troldhaugen, trolltog osb.) er jo også fine. Men vil ikkje kalle det "yndlingskomposisjonar", akkurat. Er så mykje vi aldri har høyrt som sikkert er kjempeflott. Nesten litt irriterande. Bra denne tråden finst då.
×
×
  • Create New...