Gå til innhold

Staketten

Medlemmer
  • Innlegg

    1 269
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    4

Innlegg skrevet av Staketten

  1. Eg var på tur til jobben, som då var eit anlegg i Fyllingsdalen. Køyrde Bjørgevegen med ein varebil frå 2004, med oppbrukte bakre demparar. Det eg ikkje visste var at i bilen bakanfor min sat ein lensmann på tur til jobben sin, truleg stasjonen i Fyllingsdalen. Dette resulterte i full politijakt over heile Fyllingsdalen, før ein av patruljane fann bilen min og anleggsplassen i ein avsidesliggande krok utpå dagen. Berre for å skriva ut ein mangellapp. Eg hugsar enno det skuffa uttrykket i andletet til dei to tenestemennene då det synte seg at alt anna var i orden, og at eg heller ikkje var ein underbetalt svart-arbeidande polakk.

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...