Jump to content

Jix

Medlemmer
  • Content Count

    43
  • Joined

Community Reputation

36 :)

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  1. Danmarksplass er i Årstad bydel... Den indre bomringen danner i praksis grensa mellom bydelane Bergenhus (byen's sentrum) og Årstad, og ladestasjonen ligger nokre hundretalls meter utanfor. Strøket "Sentrum" er endå mindre og er avgrensa av Østre Muralmenning i nord, Strandgaten, Vågsalmenning og Allehelgensgate i øst, Fredrik Motzfeldts gate, Lille Lungerårdsvannet og ei rett linje herifrå til Fossvinkels gate like sør for St Paul kirke i sør, og herifrå av Rosenbergsgaten i vest nordover til Vestre Torvgate i nord, langs denne østover til Vaskerelven og ned Vaskerelvsmauet til Olav Vs plass, herifrå nordover langs østsiden av Øvre Ole Bulls plass, østover langs Veiten til Markeveien, langs denne nord til Christian Michelsens gate, herifrå langs denne vestover og nordover og langs Kalmargaten og Gartnergaten til Kjellersmauet, og østover langs dette tilbake til Østre Muralmenning. Uansett om det er strøket eller bydelen som omtales så har Marius Valle rett og du tar feil: Danmarksplass er ikkje i sentrum (men det er sentralt). Er enig i at det ikkje er behov for ein meir sentralt plassert offentleg ladestasjon i Bergen, med mindre det er for langtidslading, og det er det ikkje I dette tilfelle. Danmarksplass er sentralt nok og lett å finne fram til for både tilreisande og lokale. Eg ser meir på Åsane og Lagunen sentre som naturlege ladepunkt i byen, og desse ligg lengre ut frå sentrum.
  2. Tvert imot. Dei bør planlegge for at dette KAN være del av framtida ved å få på plass energieffektive motorvegar mellom byene, der desse kan kjøyre autonomt. Om dei vært gode nok til nivå 5 vil tida vise, men å ta det med i vurderingane både i lovverk og vurdering av risiko i planlegging og utbygging av nye (og oppgradering av gamle) vegar vil berre være ein fordel. Uansett vil det være behov for mennesker i bilane i mange år framover, og når dei eventuelt er ein realitet vil dei måtte kjøyre i blanda trafikk med menneskestyrte kjøretøy. Eit mulig og meir realistisk scenario kan også være autonom kjøyring i mellom utvalgte stopp/terminalar langs motorvegane om natta, og med sjåfør lokalt. Dette vil kunne gje bedre utnyttelse av kjøretøy og kjøyre- og kviletid for sjåfør. Igjen noko politikarane må vurdere, uavhengig av om det blir ein realitet. Det vil ikkje skade infrastrukturen negativt om det er tatt hensyn til, sjølv om det ikkje blir ein realitet. Det motsatte derimot...
×
×
  • Create New...