Gå til innhold

tåa

Medlemmer
  • Innlegg

    1 132
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av tåa

  1. Enig i at artikkelen burde omtale trippel buffring. Det trenger slettes ikke å være noe dilemma å bruke v-sync. Med D3D Overrider (et lite program som følger med RivaTuner*) kan man aktivere trippel buffring i alle spill og slik unngå både tearing og redusert FPS. Jepp, pose og sekk, altså. Okei, det krever noen ekstra MB av minnet på skjermkortet, men ikke så mange at det vil ha noen som helst negativ effekt i 99 av 100 tilfeller. Interesserte kan lese med på Anandtech.

     

    * Merk: D3D Overrider er ikke avhengig av RivaTuner på noen som helst måte. Det ligger i RivaTuner-mappen, men kan trygt flyttes til et annet sted om så skulle ønskes.

  2. Dersom NSM ikkje er interesserte i anna enn å promotere seg og sitt på kort sikt, så kan nok indieutviklarar sjå langt etter ein Gullstikka-pris, ja, men over tid vil det truleg vere både pengar og prestisje å hente i ein sterkare nordisk spelbransje.

     

    Hvorfor skal Gullstikka blande seg opp i nordiske spill når vi allerede har nordic game awards. En seriøs prisuteling både av og for utviklere, med stor oppsluttning og internasjonal annerkjennelse?

    Kvifor ikkje? Er det noko i vegen med å ha fleire enn éin aktør på banen? Gullstikka er stor nok til at ho får dekning kvart år, så ein skulle tru at ho har eit visst potensiale, sjølv om dei færraste tek ho spesielt alvorleg per i dag.

  3. 2010 har vore eit fantastisk nordisk spelår. Med AAA-titlar som Battlefield: Bad Company 2, Alan Wake og Kane & Lynch 2: Dog Days, og (i mine auge langt viktigare) indiefenomen som Amnesia: The Dark Descent, Limbo og Minecraft, har denne regionen markert seg vel så sterkt som nokon annan på planeten, kanskje attpåtil sterkare. Sannsynlegvis er det ein svært stor prosentdel av spelmiljøet som har minst eitt nordisk spel blant sine favorittar frå året som gjekk. Faktisk så har det kvart einaste år sidan seinast 1999* kome ut spel frå Norden som har vekt internasjonal interesse, og alt tyder på at dette vil bli stadig vanlegare. Er det på tide at Gullstikka opprettar ein eigen kategori for nordiske spel?

     

    * Det tidlegaste eg kjem på er Den lengste reisen.

     

    Ein kan argumentere for at Gullstikka har verdi som ei norsk feiring av spelbransjen, men eg trur at prisen kan brukast til større ting enn som så. Med eit sterkare fokus på nordiske spel, som eg meiner at det i aller høgste grad finst grunnlag for, kunne han ha blitt eit viktig verktøy for å stimulere bransjen i denne regionen. Eit slikt potensial bør ikkje kastast bort.

  4. Jeg hadde noe ledig plass til venstre for Windows-partisjonen (i Gparted), og prøvde å slå disse sammen. Da prosessen var ferdig, sto det et gult varselskilt ved partisjonen, og Windows ville ikke starte lenger. I stedet fikk jeg denne meldingen (ikke nødvendigvis helt ordrett):

     

    Windows kunne ikke starte fordi den følgende filen mangler eller er korrupt:

    <Windows root>\system32\hal.dll.

    Vennligst installer en ny kopi av denne filen.

    Jeg mistenker at en sektor er skadet, men jeg vet ikke hvordan jeg skal få reparert den. Kan noen hjelpe?

  5. 1. Jeg tolker originalsitatet

    They’re geared toward the video game-playing generation. And these video games, which I’m on my son about constantly, these games are people killing for fun, and I think traditionally in movies, there’s always been some kind of lesson in the violent movies.”
    dithen.

     

    2. Ja, det gjør jeg. Spillmarkedet er langt mer variert enn det, noe den stadige oppturen til sosiale- og mobilspill viser. At de største spillserien er voldsspill har jeg ikke kontestert, men det er ikke det han sier, og utsagnet hans bærer preg av å være lite nyansert.

    1. Eg kan ikkje sjå at han seier noko om at alle spel er slik.

     

    2. Sjølvsagt finst det svært mange ikkje-valdelege spel, men bransjen er dominert av vald. Thornton kritiserer denne sida ved han utan å generalisere, og det synest eg er heilt legitimt.

  6. Dersom dei hadde snakka direkte usant og skapt ei sak som rett og slett måtte dekkjast, så hadde eg vore einig med deg, men det gjorde dei ikkje. Dei var heile tida tydelege på at GOG ikkje var borte, og at ingen ville miste noko dei hadde kjøpt. Spelpressa kunne heilt uproblematisk ha ignorert alt saman, eller i alle fall venta til den endelege kunngjeringa.

  7. Det var visst eit stunt likevel. Ser likevel ingen grunn til å vere sint på dei, slik som så mange er. Dei tok ikkje ned sida for moro skuld, men fordi dei haldt på med å oppdatere ho, og dei gjorde det dessutan klart frå første sekund at alle ville få moglegheita til å laste ned alt dei hadde kjøpt. Eg er ikkje eingong overtydd om at planen deira var ein fiasko. Dette har jo faktisk skapt svært mykje blest rundt GOG. Mange trugar med å aldri kjøpe noko der igjen, men det trur eg ærleg talt lite på. GOG er framleis den suverent mest brukarvenlege spelbutikken på planeten, både i nettform og fast form. Kundane kjem nok tilbake.
  8. Eg tviler på at dette er eit stunt. Eg trur at det som skjer er at dei heretter vil tillate bruk av DRM. Sannsynlegvis er det dette som skal til for å få lov til å selje mange av dei gamle klassikarane som inntil no ikkje har vore tilgjengeleg i denne butikken, deriblant dei svært etterspurde Planescape: Torment og Baldur's Gate. Dersom eg har rett i dette, ser eg føre meg at vi no kan sjå fram til ei bølgje av utgjevingar. Sjølvsagt er det kjedeleg med DRM, men GOG har svært mange andre kvalitetar, og det er jo strengt tatt betre at dei sel eit spel med DRM enn at dei aldri får det inn i katalogen i det heile.

     

    Spent! :)

  9. Du snakker med trådstarteren.

     

    For å utdype litt: Å bruke LMGTFY er et uttrykk for at den som stiller spørsmålet kunne ha funnet den etterspurte informasjonen uten problemer dersom han hadde giddet å gjøre et enkelt søk ("Was that so hard?"). Det er altså en åpen fornærmelse. Dersom du oppriktig ønsket å hjelpe, så burde du bare ha søkt på Google på vanlig måte og brukt lenken derfra.

     

    I tillegg misforstår du spørsmålet mitt. Jeg lurer ikke på hvordan man konverterer VHS til DVD. Jeg spør etter tips til gode TV-kort som jeg kan bruke til denne oppgaven.

  10. Mener du da at det ikke er grunn til å skille mellom atmosfæriske skytespill og f.eks krigsskytespill?

    Sjølvsagt, men finst det ikkje eit tilsvarande skilje innanfor strategisjangeren? Du set alle taktiske, turbaserte strategispel opp mot ei lita gruppe av spesielt interessante skytespel. Ser du ikkje at dette er grovt urettferdig? Jau då, fleire genuint gjennomførte atmosfæriske skytespel hadde vore fint, men det hadde det òg vore med fleire genuint intelligente og djupe strategispel. For å få det, treng vi fleire strategispel totalt. Du snakkar som om skytesjangeren er den einaste som treng vidare utforsking. Kvar har du det frå at den etterlyste nyutgåva av X-COM berre skulle ha vore ei grafisk oppussing? Og kvar har du det frå at ho nødvendigvis måtte ha vore AAA?

     

    2K Marin skal sjølvsagt få lov til å fokusere på det dei kan, men det er absolutt ingenting i vegen for at dei kunne ha kalla dette spelet noko heilt anna og dermed gjort alle til lags. Det dei gjer no er å leggje beslag på ei merkevare som kanskje var ein heil sjanger sitt sterkaste kort for gjenoppliving. Heile poenget med merkevarer er at kundane skal vite kva dei står for, og akkurat no er det i 2K sine økonomiske interesser at kundane tenkjer på det nye 50-talsskytespelet deira når dei høyrer namnet X-COM. Det kan dermed bli svært lenge til nokon får lov til å lage eit nytt spel etter den gamle tradisjonen med dette namnet, og utan det vil det truleg vere langt vanskelegare å skape tilstrekkeleg blest om eit slikt spel til at sjangeren kan få ein ny vår. Det er dette tilhengarane av dei gamle klassikarane reagerer på, og kritikken din mot dei er dermed skivebom.

  11. Tja, er taktiske, turbaserte strategispill så utrolig unike per dags dato, da?

    Sett i forhold til skytespel er svaret definitivt ja. Du kan gjerne spesifisere det til "genuint gjennomførte atmosfæriske" skytespel, men det synest eg er å leggje lok på det problemet som sjangereinsrettinga i bransjen i dag faktisk er. Og dersom store, komplekse, turbaserte strategispel har tronge kår, så står det endå verre til med sanntidsbaserte slike. X-COM har som kjend innslag av begge delar, på same måte som Total War, berre motsett: Sanntid i oversiktskartet, turbasert på bakken. Når såg vi sist eit spel som dette?

     

    Eg synest berre at det er urimeleg av deg å stemple X-COM-tilhengjarane som konservative når det etter mitt syn tvert imot er 2K Marin som er det. Eg meiner at dei har all grunn til å vere opprørte. No som det spyttast store pengar inn i ei slik omdefinering av serien, kan den siste spikaren i kista for eit nytt spel basert på den klassiske formelen fort bli slått inn, om han ikkje har blitt det allereie.

  12. Er det ikkje strengt tatt dei som set pris på den nye tolkinga som er redde for endringar? Er det ikkje skytespelkjøret som er ei oppskrift på stagnasjon? Ville ikkje ei ny utgåve av den originale X-Com-formelen ha vore uendeleg mykje friskare i dagens marknad enn dette kjem til å bli?

  13. Jeg hadde nettopp gått i gang med å forstørre en av partisjonene mine (500 GB) med Gparted da programmet fortalte meg at prosessen ville ta mange timer. Jeg tenkte at jeg kunne gjøre det senere, og trykket avbryt. Da ble partisjonen plutselig registrert som ukjent, og nå aner jeg ikke hva jeg skal gjøre for å få den tilbake! All mulig hjelp vil verdsettes på det høyeste.

     

    Endring: Fant ut av det. Partition Table Doctor 3.5 gjorde susen. Puh. Ble urolig der, altså. :)

×
×
  • Opprett ny...