Gå til innhold

GeirBrandal

Medlemmer
  • Innlegg

    91
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av GeirBrandal

  1. Vel, han skriv jo at ein kun betalar for cd, brenning, pakking og frakt. :) Då går eg ut ifrå at han ikkje har som utgangspunkt å tene pengar på det, men å gå i null. Om han berre ville tene pengar på andre sin software hadde vel det vore litt frekt?

    Og hva legger du i at man betaler for brenning og pakking ?

     

    I det legger jeg at man også betaler for tiden som går med til dette.

     

    Det er, som allerede har kommet frem tidligere i denne tråden, ikke ulovlig å selge fri programvare og ta seg betalt for den. Jeg ser forøvrig ikke ikke noe umoralsk i å gjøre dette heller så lenge man spiller med åpne kort.

     

    Det eneste jeg synes man kan kritisere selger for i dette tilfellet er at han ikke opplyste om at det var snakk om fri programvare. Dette har han imidlertid, slik jeg har forstått det, rettet opp i nå.

    Det er ikkje ulovlig nei. Eg seier berre at det er litt frekt å ta 84 kroner for å brenne ein cd. Treng nokon eg kjenner linux-cdar brenn eg dei gratis med eit smil om munnen. Det gjeld dei fleste linuxbrukarar eg veit om, og då også bekjente av dei potensielle kundane til denne selgaren.

     

    Difor ville eg spørre vedkomande om kvifor han tek nesten 100 kroner for same jobben. Han sletta derimot spørsmålet mitt. Det tolkar eg som at han ikkje eigentleg meiner at varen har sel har den verdien han gjev den. Ergo prøvar han å lure folk som ikkje veit betre.

     

    Og det er kritikkverdig. I alle fall tykkjer eg det.

     

    Ja, eg bryr meg.

     

    Nei, eg har ikkje noko betre å ta meg til.

     

    Fleire spørsmål?

     

    :)

  2. Da er jeg veldig interessert i å få vite hva slags timepris  du har som utgangspunkt ?

    Vel, han skriv jo at ein kun betalar for cd, brenning, pakking og frakt. :) Då går eg ut ifrå at han ikkje har som utgangspunkt å tene pengar på det, men å gå i null. Om han berre ville tene pengar på andre sin software hadde vel det vore litt frekt?

     

    Som ein annan var inne på kan det jo hende at han nyttar særs dyre cd-plater. Eller pakkar cden svært godt. Kanskje han brenn cden med straum frå seriekopla sitronar, og at brenninga difor er svært kostbar for mannen. Det kan jo også hende at han sender cden som norgespakke for å få forsikring hjå posten, som han nemnde i eit svar tidlegare.

     

    Om han derimot la til "forøvrig tek eg meg også betalt 84 kroner for jobben" hadda jo saka vore litt annleis.

     

    Men seriøst, det er jo forsvinnande lite tvil om at mannen berre vil utnytte folk som ikkje veit betre. Då kostar det ikkje meg mykje å prøve å fortelje folk at varen dei kjøper eigentleg har ein verdi på 15 kroner. :)

  3. Eg kunne ikkje dy meg.

     

    17/12/2004 02:30 Spørsmål fra GeirBrandal (20)

    "Linux er et gratis operativsystem. Det du betaler for er CD, brenning, pakking og frakt."

     

    Cd, brenning, pakking og frakt? Vil ikkje det tilsvare noko nærare 15 kroner?

     

     

    Edit: Oi. Den forsvann fort, gitt. Det var jo til og med eit heilt kurant spørsmål!

  4. Noen som har spilt Zelda: The Wind Waker på Game Cube? De verste krekene der vil jeg påstå er de såkalte 'Miniblin'. De tåler lite, har svakt angrep, men når de kommer i store flokker så forhindrer de effektivt "L-targeting" på andre, sterkere fiender. Som om dette ikke var nok, lager de en irriterende nynne-lyd, noe a la 'dæ dæ dædædæ dædæ' osv. Tenk deg summingen fra dem når det er 30 på en gang! *SKRIKE*

    (Denne posten inneheld beskrivelse av sluttkampen i Zelda, the Wind Waker, berre så du veit det.)

     

    Amen, amen. Eg er nær ved å frike ut kvar gong eg høyrer "dædæ! dædædæ!" Mest irriterande der er likevel Zelda i siste kampen. Eg meiner, eg har spelt dataspel i over 15 år, og hadde spelt igjennom Zelda tWW uten å døy ein einaste gong, men ikkje søren om eg får reflektert dei pilene. Og kvar gong eg kjem for nær Zelda poppar det opp ein liten samtale, og etter den er kameravinkelen skifta til ein heilt absurd ein, og mindre enn eit sekund seinare kjem det ei pil fykande frå Zelda som ein av tre gonger treff meg i baken. Så fortsett det slik heilt til eg kanskje har fått truffe Ganon 4-5 gonger og brukt opp alle feane. Så drep Zelda meg. Det er ikkje Ganon som er problemet. Han er jo berre monoton og forutsigbar. Nokon som har nokre tips der? Eg kjenner jo ti-åringar som klarar den kampen uten problem. *sukk* Kanskje eg er for gamal.

     

    Ellers er fiendane i starten på Cutman bana i Mega Man (1) svært plagsomme.

     

    Cliff Racers i Morrowind er hovudgrunnen til at eg omtrent alltid har Marksmanship. :D Ellers er dei jo stort sett berre god trening. Og Malboro Tentacle og Tonberrys i FF7 er jo null problem, om en er minimalt forbredt, vel å merke. :) Men eg har forståelse for frustrasjonen.

     

    Edit: Eg hadde faktisk heilt gløymt det digre monsteret i Blast Pit i Half-Life.

  5. Om de vil ha realisme er det vel liten grunn til å setje seg ned framfor eit dataspel? Pixels 4 ->

    :green:

     

    Uansett. Eg har faktisk forventa monster i spelet frå dag 1. Når eg las historia og såg at eg måtte stoppe "dei mørke planane" til den "gale professor Krieger" forventa eg ikkje akkurat å øydelegge lageret av genmodifiserte tomatar. :D Spelet er jo eit action/eventyr, ikkje ein "stranda på ei øde øy med ein liten hær på"-simulator. Dei som ynskjer det bør vel heller kike på spelet Xenus, som eg forøvrig gleder meg til minst like mykje som Far Cry. :)

     

    2004 vert dataspel-året! *gle seg*

  6. Leste at spillet bare har 3 biler. Er dette sant?

     

    Å...hadde håpet at dette spillet skulle være 2003(oss 04 :( )versjonen av 4D Sports Driving.

    Eg har fått inntrykk av at det er ein bil til kvart av dei tre ulike terrenga i spelet. Eg er ikkje sikker på om ein kan velge fritt kva bil ein vil nytte, eller om det vert bestemt av terrenget. Eg trur hovudtanken bak det er å gjere det likast mogeleg for alle, og unngå dårleg balanserte bilar som enten ikkje vert brukt, eller som berre vert brukt uansett. I alle høve er det meir enn nok arbeid å mestre ein bil, og det må du, om du vil svette fram ei konkurransedyktig tid. :D

     

    Årets spel 2003 meiner eg. Mest fordi eg har sakna det lenge. Og tydelegvis må sakne det ei stund til. :)

  7. Å lage MP spill med bare støtte for 4 players er som å skyte seg selv i foten.. Da skal ikke jeg ha Doom III hvertfall..

    Eg trur ikkje kvaliteten på eit spel auker i takt med antal mogelege spelarar i multiplayer. Eg trur derimot at Doom3 kjem til å passe perfekt med opptil kun 4 spelarar. Det legg jo så mykje vekt på klaustrofobi og spenning. Eg, for min del, ser fram til ekte deathmatch igjen.

     

    Ser sjølvsagt mest fram til Singelplayer. Eg ser ikkje heilt føre meg korleis dette spele kan verte skuffande.

  8. Ein kan jo ikkje på nokon måte meine at demoen ikkje er ein gedigen skuffelse for fans av konseptet Deus Ex. All den gode gameplayen frå einaren er teke bort, til fordel for eit enklare system som utviklarane meiner "er meir straumlinjeforma", fritt etter hukommelsen. Eller for å verte spelbart med kun handkontroll, for å vere realistisk. Tenk litt over det, så vert det sjølvsagt.

     

    Alle som har spelt Deus Ex må då vere einig i at systemet der på ingen måte hindrar innlevelsen for spelaren. At det er endra så radikalt til oppfylgjaren er.. pussig. Det som hindrar meg i å leve meg inn i demoen av Deus Ex 2, er at eg ikkje forstår kvifor pistolen min er tom når eg har brukt opp flammekastaren (ei vanesak, kanskje. Forhåpentligvis). Og at dialogane kunne ha vore tekne frå ein MadTV-sketsj om dialog i dataspel.

     

    Det negative til side, ved å spele demoen får en inga stemning, og ein har eigentleg ingen ide om kvifor en gjer det ein gjer (mogelegvis difor vert ein fortalt kven som er kven og kva ein kan gjere til ei kvar tid medan ein spelar), og dette var jo berebjelken til Deus Ex. Stemninga og historia. Og om utviklarane oppnår det dei har lova, uovertruffen fridom i utviklinga av historia, og samstundes beheld, og kanskje forbetrar stemninga ein fann i enaren, då skal eg kunne leve med berre ein type ammo om eit tåpeleg inventorysystem, sjølv om eg skulle ynskt det annleis.

     

    Men dei bør absolutt ha fiksa litt på dialogane.

     

    PS: Går akseptabelt på mitt "Radeon 8500, 1.73Ghz og 256DDR"-system. Akseptabelt betyr i mitt høve stabil framerate i overkant av 20fps.

     

    Edit: Fiksa eit par småting. Forøvrig innser eg at å påstå at historia og stemninga i Deus Ex var berebjelken i spelet er urettferdig mot spelet, men eg ville ikkje fjerne alt håp for toaren før vi veit korleis fullversjonen er..

  9. Trudde at årsaken til at han fekk Sopp-kort istaden for Stjerne-kort på tredje bana han fullførte var at han faktisk var menneskeleg, heilt til søskenbarnet mitt påpeikte at han sjølvsagt måtte gjennom ein relativ lang sekvens om han fekk tre like. (...)

  10. Sitat, Tjohei:

    Jeg vokste opp med pixler på størrelse med neglene mine, mens han vokser opp med fotorealistisk grafikk. Det trengs en ekstra innsats for å få barna til å forstå forskjellen mellom spill og virkelighet som det ikke var behov for før.

     

    Eg trur at fram til barn er ein viss alder, vil det meste virke realistisk for dei. Eller rettare sagt har dei eit utvida røyndsomgrep; fram til dei kjem i verste trassalderen, og dei innser at myntane ein tryllar fram var i handa heile tida, og dei med modig sjelvande stemme seier "Men det er då berre ketsjup!" når dei ser en tøff film. Korleis realismen i dataspela spelar inn på barn er vanskeleg å seie. Mine egne erfaringar spelar seg frå tida du så fortreffeleg omtalar som då pixlane var på størrelse med neglene dine (eit uttrykk eg kjem til å sitere meir enn ein gong).

     

    I svært ung alder kom eg borti å laste inn eit spel frå "den kjedelege kassetten utan tøffe spel" med svært blatant seksuelt innhald. Det einaste eg hugsa etter å ha fikla litt med det, var ei mengde spørsmålsteikn her og der. Resten forstod eg lite av. Om eg hadde forstått noko meir om grafikken var meir realistisk, veit eg ikkje, men spesielt interessant var det uansett ikkje for ein prepubertal gut. Ellers spelte eg Ikari Warriors og Commando, og såg hordar med motstandarar falle til bakken og blinke dramatisk før dei fordufta, etter at eg hadde truffe dei med kulene mine (som liksågodt kunne ha vore medisinballar, men eg visste at det var kuler, for eg las Donald). Eg fekk rett og slett ikkje lov til å spele Barbarian, noko eg er glad for i dag. Eg hadde rett og slett ikkje hatt så mykje glede av å kappe hovudet av folk som 5-åring, sjølv om det kjekkaste eg visste var å sjå Tom verte kappa i fleire deler i jakta på Jerry. For meg var grafikken i Barbarian meir enn realistisk nok til at den ville skremme meg. Eg har også opplevd å verte kasta småstein på av unge mariospelarar "for å verte liten" som det vart sagt. Uansett måtte det ha vore ein skuffelse for dei å ete sopp fyrste gong.

     

    Eg vil tru at når barn kjem til ein viss alder, vil dei sjå gjennom dataspelgrafikk nermast uansett. I alle høve om dei har ein viss kjennskap til generell datagrafikk og kan relatere til det. Men før denne alderen treng heller ikkje spel å vere realistiske for at dei skal kunne skremme barn. Dei treng heller ikkje å portrettere ein realistisk situasjon for at barn skal leve seg inn i det. Barnleg naivitet og fantasi har ikkje "realistisk grafikk" som eit reelt hinder, etter mine erfaringar. Det betyr ikkje at realistisk grafikk ikkje kan skape nye situasjonar. Mine erfaringar gjeld nok nøvendigvis ikkje for så mange andre enn meg sjølv heller. Eit bra eksempel på kva fotorealisme har å seie for eit spel si påverknadskraft må vere Resident Evil. Det kom på Playstation i tidlig polygon-alder, og har grafikk som gjer at spelet ikkje er så skummelt som potensielt kunne vore, tydleggjort i den nye GameCube versjonen eg knapt tør å spele i dagslys. Om eg hadde vorte presentert for begge to som barn hadde nok begge vore like skumle, sidan situasjonen i seg sjølv allereie er så skummel. Valdsnivået i dataspel og utviklinga av fotorealistisk grafikk er noko som mest truleg vil verte eit enda meir aktivt tema i framtida (GTA er jo for all del svært teiknefilm-aktig. Både i innhald og presentasjon). Då også i film. Det er ikkje så mykje ketsjup igjen å finne for ungane i filmar no for tida.

     

    Dette handlar likevel om kva påverknadskraft spel har, eg rota meg litt bort i tankane om realisme. Og det spørsmålet har eit svar som er like enkelt som det er vanskeleg. Det varierar frå person til person. Om Mariospela ikkje hadde eksistert, hadde færre steinar truffe min kropp. At eit spel er valdeleg kan bety alt, og ingenting. Uansett vil vi sitje att med eit fleirtal som ikkje merkar noko personlegdomsendring etter å ha spelt alt frå Super Monkey Ball til Postal 2, og eit fleirtal av valdelege personar som aldri har teke i ein handkontroll. At desse to gruppene vert blanda saman er uunngåeleg. At enkelte valdsutøvarar vert inspirert og påverka av spel er også uunngåeleg. Men desse personane er ikkje avhengige av akkurat dataspel for å få inspirasjonen sin. Dataspel -skapar- ikkje valdelege tendensar hjå barn og vaksne (med mindre personen er svært utsett for enorm frustrasjon - og frustrasjon er jo berre eit uttrykk for eit umetta behov), men det kan gje idear til valdelege handlingar. Og det gjeld for både film, bøker, eventyr og spel.

     

    Det eigentlege spørsmålet er om vi -vil- ha fotorealistisk grafikk, om vi -vil- ha ultravald. Eg treng det ikkje for å ha glede av eit spel, iallefall.

     

    Edit: Må jo slå til med den eldste vitsen av alle når det gjeld spel si påverknadskraft:

    "Om dataspel påverka barn, ville dagens ungdom tilbringe tida si med å ete pillar i mørke rom, med monoton musikk."

  11. Eg har kika fast rundt på dei vanlege nettsidene eg kjøper spel frå, men finn ingen som har TrackMania til sals. Veit nokon om ein stad (i Noreg) der eg kan finne det? Eller nokre butikkar som planlegg å ta det inn?

     

     

    Lenge sidan eg har anstrengt meg slik for å få kjøpt eit dataspel. o_O

  12. Ettersom eg har sett, vil ikkje Square lage remake av FF7 sidan originalen framleis kan spelast på Playstation 2. Og sidan Playstation 3 etter sigande også skal vere bakoverkompatibel, kan det nok ta ei lang stund før dette eventuelt skjer. Om dette også gjeld ein eventuell oppfylgjar til FF7, veit eg ikkje. I mellomtida kan vi jo kose oss med småting som denne Advent Children-filmen. Eg gler meg.

  13. ATWindsor:

    Du har heilt rett, og ingenting vil vere like viktig for alle. Eg tykkjer likevel at diskusjonen her i stor grad er i ferd med å kome ned på eit slikt nivå som du etterlyser. Det er som sagt det presse-etiske problemet som er interessant å diskutere, så får vi heller spare reddinga av verda til innsamlingsaksjonen i morgon. :)

     

     

    TST:

    Eg formulerte meg dårleg. Eg meinte at dagbladet for sin eigen del burde gje ei pressemelding i tråd med dette utdraget frå siste artikkelen på framsida til gamer.no:

     

    "Vi vil herved gjøre det helt klart at Gamer.no aldri har, eller vil, basere artiklene våre på ulovlige versjoner av spill. Vi anmelder kun versjoner vi får tilsendt fra utvikleren, distributøren eller utgiveren, og sniktittene våre er basert på godkjente betaversjoner, presse-previews eller demoer. Vi er sterkt imot nedlasting av piratversjoner, noe som også gjenspeiles klart i våre forumretningslinjer. Vi retter samtidig en kondolanse til Vivendi og Valve for det som har skjedd rundt tyveriet av koden."

     

    http://www.gamer.no/art.php?artikkelid=2959

  14. Gamer.no er selvfølgelig meshias i denne sammenhengen, fordi de ikke har lagt ut noen anmeldelse/review av HL2, noe som dagbladet har gjort.

     

    Jepp. Gamer.no, og samtlege andre nettaviser og tidsskrift. Med unnatak av dagbladet, sjølvsagt. Dei som forstår kva vi diskuterer i denne tråden, vil nok vegre seg for å kalle den "berre hets".

     

    Gamer.no si pressemelding ser eg på som ei indirekte oppfordring til dagbladet om å gjere noko tilsvarande. Men det kan også hende at dei skreiv den fordi dei ikkje hadde teke noko offentleg standpunkt i saka tidlegare. Eventuelt at det ikkje var naudsynt å ta eit offentleg standpunkt i saka før dagbladet skreiv sin artikkel. Det er uansett ikkje mi oppgåve å spekulere i det.

     

    Eg ser heller ikkje nokon grunn til å vri denne diskusjonen over til å handle om gamer.no.

  15. "Never attribute to malice what stupidity alone suffice to explain."

     

    Bra sitat. Eg vart litt for spissformulert i mi formulering om intensjonane til dagbladet. Akkurat at det er ei presse-etisk problemstilling det er snakk om, er det vel lite usemje om.

     

    Det er kun et spoersmaal om tid - og om hvor langt dem er villige til aa dra alt som heter serioes journalistikk ned i soela i sine doedskramper.

     

    Ein trist visjon, med utgangspunkt i at ingen bryr seg og reagerer høglydt når dei meiner journalistane gjer kritikkverdige ting. Eller, at dei høglydte reaksjonane er til inga nytte.

  16. Eg forstår deg betre no, men argumentet ditt vert litt urimeleg og teoretisk. Dagbladet har skrive om ein stjelt versjon av Half-Life 2. Det er fakta, og det er det må vi kan forhalde oss til. Grunnen til at dagbladet gjorde dette, var nettopp at Half-Life 2 er eit svært ettertrakta spel, eller ein "stor tittel" som du seier. Det var jo også grunnen til innbrotet i utgangspunktet, så om du ser vekk ifrå det og nyttar eit døme med ein "liten" tittel som "ports of call 3d" (eg for min del skulle gjerne spelt det spelet :D ) istaden, er på mange måtar grunnlaget for heile diskusjonen borte i prosessen, spør du meg.

     

    Men gjennom den (etter mitt syn) haltande argumentasjonen, hadde du eit godt spørsmål. Er denne debatten overdreve? Kvar står vi no? Meiner vi at dagbladet skulder Valve ei orsaking? Det er nok å overdrive. Det er ikkje Valve dagbladet skuldar noko, det er lesarane og seg sjølv. Slik det framstår no verker nemleg dagbladet som eit tidsskrift som ikkje har noko imot slike innbrot som Valve har opplevd. Tvert om framstår dei som ein institusjon som utnyttar dette til eige formål. Er ein slik påstand overdreven? Knappast. Ei samla spelpresse verda over har teke så klar avstand frå å gjere noko liknande det dagbladet har prestert, at signala frå dagbladet ikkje kan tolkast på nokon annan måte (med det forbehold at dei faktisk er klar over kva dei set på trykk, og det går eg ut ifrå at dei er). Ei pressemelding lik den gamer.no har gjeve hadde vore det minste å forlange. Det handlar om offentleg ansvar, og integritet.

     

    Som du seier gjer pressa mykje anna, som heilt sikkert er verre. Det kunne vi også ha diskutert, men dette er eit spelforum, og akkurat denne saka som vi held på å diskutere har ei svært viktig prinsippiell kjerne. Kanskje ikkje for Ola Nordmann som lastar ned warez og tek spel for gitt, men for dagbladet som seriøs kulturavis.

     

    Phief! Vart reint svolten, eg.

  17. ..men samtidg gutter

     

    pressen gjør jo også mye annet som er etisk urikgit og i noen tilfeller ulovlig, så dette er jo egentlig bare en bagatell. Det er jo tross alt bare et spill. Klart man skal følge lover og regler, også når det gjelder data. Og valve må jo få lov til å tjene penger de oså. Men jeg gjentar det er bare et spill

     

    Det er eit spel, og 4-5 år med hardt arbeid (overdreiv sikkert litt med 6 år i den fyrste posten min her), og det er eit tilsynelatande viktig spel, akkurat som Doom3. Det er ikkje tilfeldig at akkurat desse to spela har vorte offer for sabotasje. Så kva er eit spel? Grunnlaget for gamer.no. Grunnlaget for utviklinga av skjermkort og anna pc-hardware. Grunnlaget for heile bedrifta Valve, osv.

     

    Så for Valve er det ikkje berre eit spel, dei som jobbar der har ikkje flust med pengar som flyt ut av bagasjeromet til dei flotte bilane sine. Dei har investert privat i utviklinga av Half-Life 2 (ettersom eg har forstått det).Misforstå meg rett, dei kjem nok til å ha nok pengar til salt på maten etter dette også, men eg tør påstå at det er mykje meir enn et spel det er snakk om.

  18. Helt utrolig å lese denne thread'n. Hvor i Helheim får dere denne moralen/etikken fra? Det er meg revnende likegyldig om noen stjeler HL2 src/beta, om aviser skriver om det osv osv. Måtte til og med dra frem smilebåndet underveis, her. Noen poster måtte jeg skippe, siden de var totalt kvalmende. Dere fremstår som en samling ekstreme kristne/medlemmer av en sekt.

     

    Life sucks, get a fucking helmet!

     

    Som representant frå sekta "det siviliserte samfunnet", vil eg framleis handheve dei radikale moraletiske kjepphestane "sympati" og "respekt". Det positive med at du er revnande likegyldig til grunnlaget for denne tråden, er jo at du slepp å bry deg.

     

    Eg bryr meg, difor skriv eg postar her. Du bryr deg ikkje, difor..?

  19. Det meste rundt dette emnet gjer meg trist. For det fyrste at spelet har vorte so utsett. Men det gjer ikkje meg så mykje, sidan eg må vente til skjermkorta har vorte billigare før eg kjem til å kjøpe spelet uansett. Men det har lite med saka å gjere.

     

    For det andre vert Valve fråstjelt kjeldekoda til spelet, og meir til. Dette gjer meg også trist, og dei som meiner dette var eit PR-stunt og ein bevisst leak, kan umulig innsjå verdien av 6 års arbeid. Det er snakk om ein heilt ny, og så og seie revolusjonerande fysikk og grafikkmotor, som no er fritt tilgjengeleg til dei som ikkje har vet og etisk integritet nok til å respektere arbeidet til Valve. Det fører meg til det neste punktet.

     

    Det er ikkje noko nytt at enkelte ikkje har respekt for andre, og ikkje kan setje seg inn i andre sin situasjon. Det går utover galgenhumor, og over i smakløyse. Nokre her synest det var bra av Dagbladet, og berømmer skribenten. Kva hadde de sagt om nokon filma at mor dykkar vart påkøyrd og drept, og lasta filmen opp på P2P-nettverk med filnamnet "funny car accident.avi"? Hadde de ikkje hatt noko imot at den vart distribuert?

     

    Nei, det er ikkje -så- alvorlig. Nei, ingen har døydd. Nei, slike samanlikningar fører ikkje nokon veg. Det er berre det ytterst meiningslause i det dagbladet har gjort som gjer at eg vert så oppgidd. Eg las artikkelen med vantru. Eg tenkte; "Kvifor i allverda skreiv han denne artikkelen?". Den eig ikkje verdi. Hadde han skrive om ein av dei offisielle videoane frå Half-Life 2, kunne han ha fortalt mykje meir om korleis spelet kom til å verte, når det kjem. Skribenten er ikkje interessert i å fortelje om det komande spelet Half-Life 2. Han er interessert i å dele dei inntrykka han fekk då han prøvde dei fråstjelte delane av Half-Life 2. Om han påstår at han ikkje var klar over at han godtok eit brotsverk ved det han skreiv, tykkjer eg berre synd i han. Eg kan forstå at han følte trang til å dele ein slik opplevelse som Half-Life 2 unektelig må vere, med omverda, men det er ikkje så enkelt. Eg gjev ein god blås i om det er ulovleg å laste ned/skrive om/spele eller distribuere Half-Life 2 i den form det vert gjordt i dag, for eg forkastar dette i det tidligaste stadiet, nemleg innbrotet hjå Valve. Artikkelen dagbladet publiserte tjente kun eitt formål. Formålet til personen som stjal Half-Life 2 i utgangspunktet, og eg ser ikkje det positive i det. Ikkje i det heile. Forhåpentlegvis tenkjer dagbladet seg om to gonger før dei opptrer så respektlaust igjen.

     

    Edit: Presiserte eit par formuleringar

×
×
  • Opprett ny...