Gå til innhold

GeirBrandal

Medlemmer
  • Innlegg

    91
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av GeirBrandal

  1. Ja, då er det på tide å oppdatere situasjonen litt att.

     

    Eg kontakta Komplett og spurte korleis eg no skulle gå fram, og dei brukte ei god veke på å finne ut det eg skreiv til dei i fyrste mail og bad meg atter ein gong å ringe til HP (denne gangen gav dei meg riktignok det rette nummeret, 800 62 800).

     

    Eg ringte HP, som denne gangen sa (parafrasert) "Heisann, denne maskina er jo under to år gamal, då tek vi den under HP Pick-up-and-Return. No problem". Eg svarte, "Aha. Men maskina mi ligg hos InfoCare. sidan HP bad meg om å levere den dit med reklamasjonsbrev sist eg ringte dette nummeret, og eg må betale 550 kroner for å få den tilbake når dei fyrst har sett på maskina". HP svarte "Aida. Dei pengane må du nok berre betale."

     

    Så det ser endeleg ut til at eg skal få reparert PCen, men at eg må betale 550 kroner for ingenting fordi HP tenkte det var ein god idé å sende meg til Alna og vente i to veker.

     

    Er det rett at eg skal betale 550 kroner fordi HP utan grunn sender meg til InfoCare for å få reklamere PCen? Og InfoCare på si side burde jo mykje heller ha sagt "Eh, vi kan ikkje ta stilling til reklamasjonssaker for HP" -før- dei tok imot PCen enn etter at dei hadde tvunge meg til å betale 550 kroner uansett? This is getting silly.

     

    EDIT: Har fått snakka med HP, og dei har endra det slik at InfoCare likevel får gjere reparasjonsjobben. Dette er heilt ideelt for meg, og eg reknar med at eg har ein reparert PC innan ei veke. :)

  2. Komplett ga deg feil telefonnummer.

     

    Support for NX-maskiner når du på telefon 800 62 800.

    8954647[/snapback]

     

    Eg ringte faktisk til 800 62 800 fyrste gongen, slik du føreslo i den tidlegare posten. Sidan eg hadde to kontaktnummer (eitt frå deg, og eitt frå Komplett), sjekka eg ut nummeret Komplett gav meg på sidene til HP, og der stod 815 62 070-nummeret opplista som kontaktnummer for support til produkt som framleis var innanfor garanti. 800 62 800-nummeret står lista som kontaktnummer for produkt både utanfor og innanfor garanti.

  3. Tenkte eg skulle oppdatere forumtråden litt, i tilfelle det skulle vere interessant for nokon å høyre.

     

    Eg kontakta fyrst Komplett, via mail. Dei sa fylgjande:

    Hei.

     

    Det virker veldig merkelig at den knekker sånn uten videre, uten at jeg

    beskylder deg for dette. Her må du kontakte HP for en status på produktet.

     

    Ring HP Support på:

     

          tlf 815 62 070

     

    Du vil da få informasjon om hvordan du skal gå frem for å få utført service på

    ditt produkt.

     

    Eg ringte då HP, som var svært hyggelege og medgjerlege og noterte ned at eg ville reklamere feilen, kva som var problemet, etc. og bad meg til slutt om å kontakte InfoCare for at dei skulle få sjå på PCen.

     

    Då ringte eg InfoCare, forklarte problemet ein gong til, gav dei serienummer og modellnummer til PCen, og dei sa (parafrasert) "Ok, flott! Her har du eit referansenummer, du kan levere PCen til servicekontoret i Breivollveien 25, legg ved reklamasjonsbrev og kopi av kvittering"

     

    Eg skreiv eit sakleg reklamasjonsbrev, printa ut ein kopi av kvitteringa (som forøvrig kun hadde vore relevant om eg skulle ordne Pcen på garantien, eller?), og leverte PCen til InfoCare.

     

    Den hyggelege mannen på Servicekontoret såg over PCen min og fekk ei rask forklaring av problemet. Han sa at dei ville finne ut kor mykje det kom til å koste å reparere PCen, og så seie ifrå til meg. Han sa også at hvis eg ikkje godtok prisoverslaget måtte eg betale eit gebyr på rundt 550 kroner for deira inspeksjon. Det vart også eksplisitt sagt at dei skulle vurdere reklamasjonen, og at prisoverslaget og gebyret berre var relevant om reklamasjonssøknaden ikkje vart godteken.

     

    Så venta eg ei vekes tid, og fekk denne tekstmeldinga i dag:

    "Deres referansenummer har på grunn av kundens ønske/årsak fått en ny forventet ferdig dato [dato her]. Hilsen InfoCare".

     

    Litt etter ringde InfoCare meg og sa at prisoverslaget var ferdig, og at reparasjonen kom til å koste godt over 6000 kroner ( :D ). "Javel", rakk eg å seie, før den hyggelege, om enn litt usikre dama i telefonen fortsatte (parafrasert) "..men eg ser her at du vil reklamere feilen. Det kan dessverre ikkje vi ta stilling til, for HP handterar sine eigne reklamasjonssaker." Eg sa at eg hadde kontakta HP i utgangspunktet, og at det var dei som henviste meg til InfoCare, men ho bad meg berre skrive eit reklamasjonsbrev til HP, supplerte småflau med eit "heh", og takka for seg.

     

    So då står eg att med å prøve å navigere sidene til HP etter ein korrekt kanal for innsending av reklamasjonsbrev. Eg kunne sjølvsagt prøve å ringe HP att, men det ville jo vere nøyaktig det samme som eg gjorde i byrjinga, og dei ville vel berre kaste ballen over til InfoCare att?

     

    Eg har forsåvidt god forståing for kvifor bedriftene ikkje gjer reklamasjonen til ein straumlinjeforma prosess, men eg hadde vel eigentleg ikkje forventa å ende opp i eit sirkelbyråkrati. Nokon andre av dykk som har skrive reklamasjonsbrev til HP?

     

    Edit:

    Nettsidene til HP er lite hjelpsomme for meg. Om eg vél "Teknisk support via e-post etter kjøp", kjem eg til ei oversikt over produkt, men min modell av bærbare PCar er ikkje lista opp der, og bærbare PCar er ikkje nemnt i det heile under seksjonen "Lage eller se på en supporthenvendelse uten service-/supportavtale". Overser eg noko her?

  4. Hei, eg tenkte eg ville spørre dykk om råd.

     

    I forrige veke datt plutseleg straumkabelen til min bærbare PC ut, og "tappen" inne i straumporten som skal ta imot straumkabelen sat fast i pluggen, den var tydelegvis knekt av inne ved rota. Straumpluggen/porten hadde ikkje fått nokon særskilde belastningar, slag, eller liknande før dette skjedde, og såvidt eg kan hugse har den heller ikkje fått det tidlegare.

     

    PCen er ein HP nx6110, som eg kjøpte for snart to år sidan frå Komplett. Eg søkte litt rundt etter firma som kunne reparere straumporten, men kunne berre finne InfoCare, som i mine augo var i dyraste laget. Så kom eg på at vi i Noreg har den flotte reklamasjonsretten, så eg tenkte kanskje å returnere den til Komplett.

     

    Det eg lurer på er om dette kan vere min feil, eller om det er ein fabrikasjonsfeil/svakheit i PCen. Har nokon av dykk opplevd/høyrt om at straumportane til andre bærbare maskiner plutseleg har gitt etter på denne måten? Straumporten i seg sjølv er ikkje skada, pluggen har ikkje noko rom å bevege seg på når den står inne i porten, men tappen som tek imot den er likevel brekt av. eg forstår ikkje heilt korleis dette har skjedd.

     

    Har de nokre erfaringar når det gjeld å returnere bærbare PCar til Komplett? Vil dei prøve å reparere feilen, eller erstatte kjøpet økonomisk? PC-modellen er sjølvsagt ikkje på lager lengre, så den kan ikkje erstattast direkte. Om dei finn ut at det er min feil, endar eg opp med å betale for reparasjonen på samme måte som om eg berre leverar den til InfoCare personleg (og såleis sparar tid og porto på å sleppe å sende i posten til Komplett)?

     

    Håpar nokon har nokon erfaringar å dele med meg. :)

  5. Det vil altså si at det kommer in færre Wii enn det kom Xbox 360 i fjor da? Bare Microsoft som makter å kjøre verdensomspennende lansering.

    7344602[/snapback]

    Eg trur heller svaret ligg i slapp prioritering av obskure langstrakte land nord i Europa frå Nintendo si side. Microsoft solgte vel oppimot ein million 360ar på verdensbasis i løpet av 2005. Nintendo har jo allereide solgt meir enn dette i USA aleine. Men det er klart, for -oss- vil kriteria for kor vellykka ei verdensomspennande lansering sjølvsagt vere kor mange kvart selskap klarar å sende ut til norske butikkar. :)

  6. Lars: www.elutstyr.no. Dei justerte opp prisen for eit par veker sidan, men eg hadde jo allereie betalt.. :) Har ikkje handla med dei før, så det vert spennande å sjå om dei (bokstaveleg talt og i overført tyding) leverer varene. Dei har i alle fall vore flinke til å oppdatere ordrestatus via mail.

     

    Det mest spennande er vel om Absolutt Spill klarar å hoste opp Twilight Princess til meg før jul. :D

  7. Problemet er vel at Sony eig minst like mykje (?) som IBM av Cell-prosessoren, så om Nintendo og Microsoft puttar den i sine konsollar vil Sony tjene pengar på konkurrentane sine maskiner.

     

    Og det er vel ikkje akkurat ein "cunning plan" frå Nintendo og Microsoft. I call shenanigans. :)

  8. Lat meg vere den fyrste til å spekulere i at det mest truleg vert eit duellprega spel a'la Metroid Prime: Hunters, med eit solid multiplayer-online-aspekt.

     

    Det vil seie meir free-form enn type street fighter, men framleis "låst" til ein "arena" der målet er å kverke minst ein annan karakter for å gå vidare. Tør eg nemne ei vidareføring av Double Dragon-konseptet? (kanskje meir relevant å trekkje fram Gekido?)

     

    Suda 51 har visst sagt at spelkonseptet skal vere heilt "nytt", men eg likar uansett mi spekulering. :)

     

    Horrible stemmer, ja. Med tanke på linjene dei leverer er eg også frista til å tru at det er dårleg med overlegg. Utan at det gjer det noko betre. Så lenge dei dyttar det endå meir over-the-top så skal eg nok klare å leve med det.

  9. Jeg gledet meg stort til denne oppfølgeren, helt til jeg hørte at utvikleren er Artoon, som står bak halvkjipe spill som Blinx på Xbox og Yoshis Universal Gravitation på GBA. Nå håper jeg bare at de ikke ødelegger alle minnene fra det første spillet med en middelmådig oppfølger.

    6298050[/snapback]

     

    Blinx har eg ikkje høyrt om, Yoshi's UG skulle vel vere heilt ok, eller? Må innrømme at eg ikkje fekk bakoversveis av det eg har sett av YI2, då var eg meir imponert av Paper Mario-plattformaren til GameCube, men YI2 vil uansett ha stort potensiale i mine augo. Det kjem heilt an på leveldesign og kontroll. Noko som dei verkeleg har fått til i NSMB, for å unngå å verte heilt off topic her. :p

  10. Kanskje litt pirkete frå mi side, men hadde det ikkje vore ein fordel å illustrere artikkelen med bilete frå det endelege spelet? Det ser ut til at desse bileta er av ein prototype/tidleg versjon eller noko, sidan ein tilsynelatande kan lagre tre powerups, treff på mega-goomba ute i det fri, der ikkje er nokon stjernemyntar, annan gui, osv.

     

    Men spelet er kjempeartig. Framleis er nok Yoshi's Island det beste plattformspelet i mine augo (noko som kanskje endrar seg når oppfylgjaren no kjem til DS om ei ri!), men det er berre så udelt kjekt å setje seg ned og berre spele NSMB, og multiplayer er noko av det villaste og mest hektiske eg har vore borti (forresten, veit nokon om ein får tilgong til fleire baner om begge har spelet? Er litt få med berre 5 i lengda). Litt pussig at multiplayer ikkje er nemd i artikkelen eigentleg. Om du ikkje har spelt NSMB mot nokon andre enda, Mats Lindh, så bør du gjere deg sjølv og ein annan person ei teneste. :D

  11. At eg som privatperson ikkje veit nok om det til å uttale meg fornuftig er greit nok, at ein som skriv saker som kjem på framsida av noreg si største nettside for dataspel ikkje veit nok om det til å uttale seg, og likevel gjer det, er litt meir kritikkverdig. Snakk om å ha eit visst ansvar

    Det er vel strengt tatt ikke Gamer.no som påstår noe som helst her, men IGN og kildene de har vært i kontakt med (og dette er snakk om folk som etter alt å dømme har litt mer peiling på det de snakker om enn både du og jeg). Sitat fra artikkelen det både refereres og linkes til:

     

    "...on paper Revolution's CPU falls performance-wise somewhere well beyond GameCube and just shy of the original Xbox".

     

    Det skulle være temmelig klart i artikkelen at informasjonen er hentet derfra, så jeg skjønner virkelig ikke kritikken din.

    5841796[/snapback]

     

    Fair enough. Eg er skuldig i å skyte sendebodet i denne samanhengen og beklagar det, men eg vil likevel utdjupe det eg meiner er problemet med denne artikkelen, utan tendensane til det flåsete og uberettiga personangrepet eg prøvde meg på tidlegare i tråden. Lat meg spandere ei brus om vi treffast ein dag.

     

    Eg trur uttrykket "lost in translation" kan passe. Den originale artikkelen gjer i større grad eit poeng ut av forskjelane i arkitektur og meiningsløysa med samanlikninga i det heile, noko som gjer at ein kan, og burde, spørre seg kvifor den gidd å trekkje ei slik samanlikning i utgangspunktet.

     

    Mitt hovudproblem var at eg gjekk ut ifrå at Gamer.no aspirerte til å vere meir enn ein enkel blogg. Her kunne ein lett ha gjeve saka ei vinkling som var til mykje større nytte for lesaren enn det ein har enda opp med, nemleg ei unøyaktig og smått misvisande oversetjing av ein artikkel som sleit litt med si eiga resonnering i utgangspunktet. Om Gamer.no ikkje ville påstå noko med denne artikkelen, men berre vidareformidle ei sak på ei framanspråkleg side, er det ein fordel at ein ikkje må lese den originale saka også for å moglegvis få med seg kva dei vil med dei pussige påstandane dei kjem med - og ikkje berre sitere dei påstandane, for eg tør påstå at dei fleste les saka på Gamer.no og trur at det er alt som trengs for å verte litt smartare, uavhengig av kor mange kjeldetilvisingar artikkelen har.

     

    - "Eg las på Gamer.no i går at Nintendo Revolution kjem til å ha litt lavare ytelse enn Xbox!"

    - "Åh, det høyres då veldig pussig ut, sjølv om eg ikkje veit noko som helst om dei greiene der."

    - "Ja, men dei hadde vel ikkje ukritisk kome med ein slik påstand utan å tydeleggjere problematikken i ei slik samanlikning!"

    - "Nei, i så tilfelle burde dei tåle eit lite spark i sida."

    - "Ja, dei ynskjer jo trass alt å framstå som å ha kunnskap, formidle heile biletet og å vere grundige."

  12. Må berre få henge meg på og understreke at å offentleg påstå at Broadway-prosessoren med desse spesifikasjonane ligg "ein stad mellom Gecco og Xbox-prosessoren i ytelse" ikkje er spesielt lurt, sidan det rett og slett ikkje stemmer. Det krevs litt meir innsikt for å kommentere dette enn å vite at 729 er eit lavare tal enn 733, men høgare enn 485.

     

    Good going, gamer.no.

    5840491[/snapback]

     

    Skjønner litt hvor du vil med sammelikningen (av sammenlikningen), men hva med å forklare litt mer om hvordan ytelsen er enn bare å si at det er idiotisk å forklare det slik?

    5840575[/snapback]

     

    Det hadde eg gjerne gjort, hadde eg hatt den innsikta eg etterlys. Eg har ikkje så mykje meir peiling på prosessorar enn artikkelforfattaraen har, men eg forstår nok til å skjøne at han rett og slett sprer misvisande informasjon, for han samanliknar ting som ikkje har noko grunnlag for samanlikning. Det er snakk om to ulike arkitekturar, som kjem til å køyre heilt forskjellig kode, og som skal arbeide i to veldig ulike miljø. A'la "Den nye appelsina til Nintendo ligg ein stad mellom Nintendo sin tidlegare mandarin, og Microsoft sin fyrste Kiwi i ytelse."

     

    At eg som privatperson ikkje veit nok om det til å uttale meg fornuftig er greit nok, at ein som skriv saker som kjem på framsida av noreg si største nettside for dataspel ikkje veit nok om det til å uttale seg, og likevel gjer det, er litt meir kritikkverdig. Snakk om å ha eit visst ansvar. :)

  13. Hei.

    Ville peike ut at Coop Mega har eit partikjøp på 20" LCD-TVar/PCskjermar akkurat no. Dei kostar 3000 kroner, utan at eg veit om ein får det ein betalar for.

     

    Kom hit til forumet no for å sjekke om nokon hadde skrive noko om dei.

     

    Hadde vore ein kjekk kombinert hybel-tv/skjerm til pc for eit studentbudsjett, men eg trur maksoppløysinga på den var 800x600..

     

    Ville berre nemne det, og kanskje trekke litt merksemd omkring skjermen i tilfelle nokon veit meir om den. ^_^

     

    Edit: Fann tysk presentasjon på femte google-side.

    Tysk presentasjon

     

    800x600 -og- HD-kompatibel? Hm.

  14. Tja. Det skal være artig å finne ut.

     

    Fyrste PC, Siemens Nixdorf 133 - 10 000. (Hadde den i sju år!)

     

    "Noverande PC" (Ikkje mykje att av den originale etter diverse oppgraderingar)

    3 skjermkort, tilsammen rundt 5000.

    3-4 kabinett, rundt 2500.

    768MB RAM, rundt 1000.

    140GB HD, rundt 1300.

    DVD-ROM, CD-RW, rundt 1000.

    2 prosessorar, rundt 1600.

    2 skjermar, rundt 4500.

    3 hovedkort, rundt 1600.

    Andre småkort, rundt 700.

    Diverse småting, mus, floppy, vifter osv. minst 1200

    Medrekna buffer for ting eg har gløymt, minst 1500

     

    Det vert ca 20000, tilsammen 30000 på dei to pcane. Då har eg også kjøpt ein pc til mor for gamle utdaterte delar og har eit Mini-ITX prosjekt på si, så det er vel nærare 35000 kroner tilsammen. Eg har allereie tenkt meg at det er alt for mykje, så eg har bestilt (og medrekna i summen her) delar som skal halde pcen min på ei litt lavare nivå enn den er no, men samstundes nesten lydlaus (kun kabinettet har vifter). Då skal eg melde meg av hardware-kappløpet og klare meg med den i monge år framover. ^_^

×
×
  • Opprett ny...