Gå til innhold

milsis

Medlemmer
  • Innlegg

    60
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av milsis

  1. Syns noen overreagerer litt her, du er 17: å snu seg til veninnen og tulle i et sekund er ikke verdens undergang. Uansett er det et virkelig problem at du er redd og føler deg usikker i møte med læreren din. Om du synes det er vanskelig å ta opp direkte med læreren med en gang er det kanskje en helsesøster, en annen lærer eller avdelingsleder du kan prate med?

  2. Norsk er veldig vanskeleg å bli betre i på veldig kort tid. Fordelen er at ein 6-ar i norskfaget ikkje berre betyr å skrive godt. Du seier de skal ha om retorikk, her er fagkunnskapen du kan kome med minst like viktig som rettskriving og språkflyt. Av det du skriv her i tråden kan eg uansett ikkje sjå store, graverande feil i språket. Det tydelegaste er orddelingsfeilane. Her er hovudregelen: seier du det i eitt ord, skal det skrivast i eitt ord! Det er aldri orddeling i norsk, i beste fall med bindestrek.

    Når det kjem til retorikk gjeld det å få inn begrepa og skjøna kva dei betyr. Du får gjerne ein reklametekst/bilete du skal analysere. Peike på kva retoriske virkemiddel som er blitt brukt, kva betydning dette får for inntrykket til mottakaren, om det er bra eller dårlege grep osv.

    Lykke til, ikkje gi opp!

  3. Korstog, Karl den Store (Karolingerriket), Romerrikets fall, investiturstriden,

    Ei tid prega av mykje uro. Etter romerrikets fall vart nye kongeriker og dynasti til. Kyrkja sin posisjon vart viktig og det vart stridigheter om kva rolle kyrkja skulle ha og investiturstriden vart eit klimaks. Samfunnet var meir eller mindre delt inn i dei som arbeider, dei som ber og dei som slåss. Svartedauden og andre pestar vart også avgjerande for livet for dei som levde i middelalderen.

    (ei veldig grov skisse, veit ikkje heilt kva det har lært mest om osv)

    • Liker 1
  4. Du har hatt ein god idé, sjølv om teksten er noko tung å lesa. Du har og nokre og/å-feil og litt feilstavingar, men elles er det relativt bra rettskriving gramatisk sett. Men setningsbygginga er ikkje alltid heilt på topp, og det er til tider litt vanskeleg å følge kronologien i teksten. Teiknsetting og sitat er også noko ein kan jobba med, og det er av og til utydeleg om delar av teksten er fiktiv eller sitat. Du er også litt bastant i språket og kunne kanskje tent på å mjuka opp litt: "Hun viser at kvinnen har blitt likestilt med mannen på dette området og at de skal ha kontroll over eget liv og kropp."

     

    Det er nok mange som vil protestere på dette med at "kvinnen har blitt likestilt" (som ein rein faktasetning), og rundt akkurat dette temaet kan det vere lurt å bruka eit meir forsiktig språk.

    No er ikkje eg lærar, og veit heller ikkje kva klassetrinn du går i så noko karakter kan eg vel strengt tatt ikkje foreslå. Men du har gjort ein god innsats og det er tydeleg at du har tenkt ein del på desse spørsmåla du tar opp.

  5. Oi! Her var det komt mange, kraftfulle svar!

    Eg er enig med alle parolane som er skrivne for 8.mars i år, og går vel dimed under "venstresida, ottar og feminist". Eg lurte vel mest på om det berre var dei fysiske parolane som vart laga på parolemøte som kunne brukast, eller om alle kan ha med eigne parolar med same tekst/bodskap. Men takk for svar!

    Støvlane og regnkleda heng klart til toggåing i morgon!

    • Liker 2
  6. Hei! Eg veit ikkje om dette er rett kategori osv, men eg prøver meg.

    Eg vil gjerne gå i tog 8.mars og så lurer eg litt på korleis "reglane" er. For eksempel med parolar: kan eg skriva min eigen eller skal berre dei som vart laga på "paroleverkstad" brukast? Altså viss eg skriv min eigen skal teksten sjølvsagd vere det dei har godkjend som paroletekstar. Eller må eg berre møte opp utan noko anna enn meg sjølv om eg ikkje var med på arbeidet i forkant og er "inside". Hjelp!

  7. Første gong var for eit par månadar sidan. Me såg film og eg låg på magen hans. Brått såg han meg djupt inni augene, drog meg nermare og så kyssa me.Ahhh, men det fyrste klininga var då me gjekk på tur ved sjøen. Me sat på ein liten holme og nøyt solnedgongen og den nydelege himmelen. Så klemde meg og kyssa og klina og nam. Hihi :)

  8. Kjærasten min kallar meg Klump då han meiner kroppen min har klumpe-konsistens, så han har eigentleg kalla meg dette lenge før me vart ilag. Men no er det og koseklumpen, godklumpen, kosebamsen, madrassa, puta, søting, godjenta, baby, babymjuk, og andre ting som berre dukkar opp. Eg kallar han fjomp, godfjomp, søting, godgut, baby, kosebamse, madrass og pute. Og så seier me Nåååååw til kvarandre og stryk kvarandre på hovudet. :p

  9. Trur ikkje pris er det viktigaste her nei. Er jo kor personleg det er og, kanskje noko som viser kor godt de kjenner kvarandre. Eg var nett i eit bryllup der bruden gav eit elektrisk trommesett til brudgommen, og brudgommen gav el-gitar til bruden. Synst det viste kor fint dei passa ilag, i og med at denne gåva skal haldast hemmeleg. :)

  10. Har snart vore i lag med verdas finaste kjærast i ein månad no. Å, gud så hærleg det er! Det er fyrste kjæraste min og eg er hans fyrste. Me kosar og kosar og finn på alt mogleg løye, som til dømes å klatra i tre eller liggja på ein stein i skogen eller leka på lekeplassar. Eg er verkeleg forelska, og det er nydeleg :) I dag snakka me til og me om korleis me hadde tenkt på situasjonen før det faktisk skjedde noko, og det viste seg at begge hadde tenkt at den andre ikkje følte det same, og difor gjorde ingen av oss noko. Tenk at me tok så feil! :love:

  11. Hei, veit ikkje om eg postar dette i rett forum, men prøver meg her.

     

    Okei. Her ein dag var eg og kjærasten nede ved sjøen og såg på den nydelege solnedgongen over fjella, det var så vakkert! Så begynte me å filosofera og tenka litt, kvifor har me eigentleg estetisk sans? Kvifor har me utvikla dette gjennom evolusjon? Er det ein praktisk grunn til det, eller er det berre for tilfredstilling?

     

    Del dine tankar! :)

    post-204951-1278857460,5749_thumb.jpg

  12. Først av alt, så utruleg søtt av deg! =)

     

    Det beste er vel å berre visa ho kor mykje du bryr deg om ho, og er glad i ho. (Men ikkje bli innpåsliten og klengete :p )Finn på ting! Gjerne noko litt utanom det vanlege :) Ikkje send blomar på døra, ta ho med på tur og plukk blomar til ho i staden :) Berre gjer ting du trur ho vil setja pris på, og vis at du er glad i ho :thumbup:

     

    Lykke til, det kjem nok til å gå strålande! :D

  13. Å herregud, skjønar akkurat korleis du har det! Er sjølv berre 16 år så eg er jo ikkje i same situasjon. Men eg veit akkurat kor irriterande dette problemet er! Mor mi er utanlandsk, noko som har gitt meg dei fine, mørke håra. Og far min har gitt meg den fantastiske mengden og tjukkelsen på håra :p Då eg er ein "blanding", har eg jo sjølvsagd blitt velsigna med ikkje så altfor mørk hud men veldig mørke hår. Noko som fører til at ein ser håra endå betre. Gjennom oppveksten har eg blitt plaga for dette. "Der kjem barten" osb... Heldigvis har eg aldri blitt mobba, då ingen rundt meg i venekretsten sa dette til meg. No lev eg på bleikingskremar. Det er bleikings 1-2 gongar i veka, det går jo så fantastisk fort før ein ser barten igjen. Fram til no har "barten" vore hovudproblemet. Men med alderen kjem jo og meir "blotting" og presset vert jo også større. Det nermar seg sommar og eg kjenner eg har fullstendig panikk for kva eg skal gjera. Eg har jo hår overalt! Noko som ikkje tek seg veldig godt ut i ein bikini på stranda saman med ein fyr ein kanskje har eit litt godt auge til. Så no har eg fått mamma til å handla inn endå meir bleikingskremar. Snart vert det altså bleiking av bart, magehår/sti, rygghår osb... Utruleg frustrerande.

     

    Men for din del vil eg no tru at guten din fint vil tolerera litt loddenheit i ny og ne :)

×
×
  • Opprett ny...