Gå til innhold

aaad

Medlemmer
  • Innlegg

    206
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av aaad

  1. Demonterte og rensa cpu'en på pin-sida, i håp om at dette kunne gjere noko med minneproblemet. Det var litt film frå kjølepasta eit par stader. No skin han som ny, ...men det løyste ikkje problemet :(

    Greier framleis berre køyre ei minnebrikke, ...i feil slot, men ho køyrer.

    Nokon som veit kva ein tapar med berre å ha ei minnebrikke (i feil slot), i staden for to i par, anna enn halvparten så mykje minne då sjølvsagt?

    Brikka er på 16GB og køyrer med 3600MHz

  2. Sydvest skrev (15 minutter siden):

    Er det et sprell nytt hovedkort så ville jeg klagd.

    Nope...kjøpt brukt. Kan vel fort bli ei lita delrefusjonssak iallfall, viss ikkje det er noko anna som er problemet då. Har lese litt om både brudd i cpu-pinnar og overtrykk frå kjølaren mot cpu'en.

    Var faktiske eit par litt bøygde pinnar på cpu'en, men trur eg retta dei greitt opp. Brukt den òg...trur eg skal slutte å handle brukt :p 

  3. Prøvde igjen, og trykka då Y. No startar maskina utan at det kjem opp noko melding. Verkar òg når eg bruker det andre brikka i same slot'en...men brukar eg to brikker startar ikkje systemet.

    Prøvde så med ei av dei brikkene eg først tenkte å bruke, Corsair Vengeance LPX DDR4 3600 16GB (v 4.33). Han funka den òg, men berre åleine, og køyrer berre 2666MHz.

    Kan dette tyde på at eg har tre defekte ram-slot's?  :( ...kan kanskje leve med det, sidan den som no står i er på 16GB, men som single slot skal ho visst helst stå i slot 2 (B2) ...no står ho i slot 4 (A2)

  4. xClaymanx skrev (24 minutter siden):

    Kan liksågodt være en dårlig Ram slot(s)

    Prøv en brikke i en og en slot å se om noe skjer.

    2666 burde fungere

    Prøvde det, først med den eine, så med den andre...og, når eg prøvde siste brikka (!) i fjerde slot'en, då blei det litt liv. Først blei det skikkeleg lysorgel i led-indikatorane med både gult og raudt og grønt, ...men det landa på grønt :)

    Det kom ei melding under oppstart, og det verkar som om bios måtte konfigurere ny cpu eller noko. Litt gresk for meg kva eg skulle trykke N eller Y...gjekk for N....kom då inn i setup. Når eg startar igjen, er det samme mølla med same melding. Skulle eg ha trykka Y heller?

    Sjå bilete vedlagt...

    DSC_0074.JPG

    DSC_0075.JPG

  5. Har nettopp skrudd sammen en ny PC, men han vil ikkje starte, ...eller det er liv, cpu-vifte snurrer, lys på HK og GPU, men ikkje bilde på skjermen, og på hovudkortet tennast ei led-lampe for "RAM-failure" (!?)

    Nøkkelkomponentar:
    Asus Rog Strix B550-F Gaming Wifi
    Ryzen 7 5700X
    GPU: RX 590 Fatboy
    RAM: FuryX DDR4 2x8 GB (HX426C16FB3K2/16)
    HD: Kingston Fury Renegade M.2 SSD 2TB
    PSU: Chieftec BFD-1000C Proton Series

    Rett nok stod ikkje minnebrikkene eg brukte først på lista over støtta brikker, men eg har byta med eit sett som skal ha støtte, og som nyleg har funka greitt på annan PC. Framleis "RAM-failure" :( ...har òg prøvd å køyre begge brikkene i single slot.

    Eg oppdaterte til nyaste bios med Bios Flash Back før eg monterte cpu/ram, og prosessen såg ut til å ha gått greitt.

    Forslag til korleis gripe an problemet nokon?  ...kan det vere noko anna enn eit RAM-problem?

  6. Då har eg satsa på ei løysing, som eg trur kanskje kost-nytte vil vere minst arbeid til lågast pris. Eg har bestilt to Corsair-kabelsett på Amazon, og eit pin-uttakar-verktøy på AliExpress. Då blir det vel ein drøy tusing, inkl. mva, for to kabelsett.

    Så får eg rigge meg til med original-kablane og eit multimeter og samanlikne pinninga, og trekkje pinnar ut og putte inn, der det måtte vere avvik...kan jo vere heldig med at det ikkje er så mange 🙂

  7. SilverShaded skrev (7 minutter siden):

    På den annen side er det heller ikke billig med ny 1000W PSU av bra kvalitet.

    No får ein ofte så hatten passar når det er snakk om Chieftec og «kvalitet»...men billige er dei ikkje uansett, viss ein skal kjøpe dei nye. Som sagt har eg hatt den eine i bruk nokre år, i riggen til ein av gaming-gutane i familien, ein relativt kraftkonsumerande rigg, med rx 590 i crossfire og greier. Null problem. Akkurat denne modellserien har eg vel sett eit par ok reviews på òg. Eg kjem til å høyre med ModDiy, så får eg sjå.

    Eigentleg er eg ein gjer-ting-sjølv-kar, det er berre at det ofte er litt avstand frå tanke til handling, i ein elles travel kvardag. Det kan jo kanskje bli eit gjer-det-sjølv-prosjekt mellom ribbe, pinnekjøt og julekaker... 😝

    • Liker 1
  8. Dubious skrev (6 timer siden):

    Billigere å kjøpe ny PSU med kabler enn å få noen til å lage kabler for de du har. 

    Du har eit poeng. Det ser ut til at ModDiy sine standard-kits kostar $79. Dei har ikkje system på innbetaling av norsk mva, så då får ein vel tollgebyr i tillegg til mva, og då byrjar ting å bli dyrt... 😐

  9. SilverShaded skrev (8 timer siden):

    Hvis du ikke har lyst til å lage kablene selv, er det mulig du kan få ModDIY til å bygge dem for deg. Vet ikke om de fikser Chieftec og/eller din modell, men muligheten fins. De har sett i ulike prisklasser.

    Det ser ut til at dei har standard sett til ein heil del merke, men ikkje Chieftec. Rett nok kan ein gjerne gi lyd viss ein ønsker kablar til eit merke som ikkje er i lista deira...men heilt billig er det ikkje.

  10. Eg har eit par straumforsyningar på loftet, som manglar kablar. Eg kjøpte tre brukte Chieftec BDF-1000C PROTON for nokre år sidan...rimeleg. Haka var berre at berre ein av dei var utstyrte med straumkablar (!) Denne eine har funka glimrande i fleire år. Så var det dei to andre då...korleis får ein tak i kablar?

    Eg har vore i kontakt med Chieftec, med spørsmål om det er mogleg å fa tak i komplette kabel-kits. Dei viser berre til å prøve forhandlarar av produkta deira. Eg har vore i kontakt med fleire, utan napp. OK, då kan ein kanskje berre skaffe kablar frå eit eller anna anna merke? Men, nei...for av ein eller annan idiotisk grunn er det ikkje ein fast standard for pinninga av kontaktane, sjølv om kontaktane er like. Ein PSU-kabel er altså ikkje ein PSU-kabel, og å kople på kablar med avvikande pinning kan potensielt vere katastrofalt.

    Kva gjer ein då? Kjøpe kablar frå anna merke, og pinne-dei om? Få tak i kontaktar og pins og mekke kablane sjølv? Eg har jo eitt sett med originale kablar, som kan vere modell for eit prosjekt...

    Nokon som har gode råd? Nokon som veit kor ein kan få tak i kontakter og pins og kva ein måtte trenge? Gode instruksjonsvideoar for utføringa av re-pinning, eller mekking av nye kablar? Treng ikkje vere noko fansy modding, med slives og stasj...

    Eller kanskje nokon har eit par kræsja Chieftec-PSU''ar, med kablar dei gjerne vil bli kvitt? 😜

  11. Sharpings skrev (På 22.2.2021 den 11.32):

    ...min meldingerapp har ikke noe innstillinger for multimediameldinger.

    Ikkje min heller. Og separate APN-innstillingar verkar heller ikkje.

    Kan slik funksjonalitet vere på plass i nyare Android? Telefonen var som sagt sett opp med Android 7 då eg fekk han, men eg var altså litt snar med å setje han opp på ny, og blei då nedgradert til Android 6.

    Er det kanskje ein "roll back-funksjon" i Experia Companion? Sikkert ikkje...

    Nokon som veit om ein plass der det går an å laste ned eit ukomplisert, påliteleg flash-verktøy og ein oppgraderingspakke? 🙄

    Kanskje det òg går an å flashe ein internasjonal android-pakke? (...til E5823 eller E5803)

  12. Sharpings skrev (26 minutter siden):

    ....og disse har jeg aldri brukt mms på, da jeg heller aldri bruker sånt.

    Kunne nok levd greitt utan MMS, hadde det ikkje vore for at ein del av desse fjonge emojiane i tekstmeldingar blir sendt som MMS-meldingar. Litt tungvint å logge på Min side på Telenor kvar gong ein får ein slik... 😏

  13. Sharpings skrev (15 minutter siden):

    Z5 modellen i Japan ble solgt av kun et teleselskap, og det er nok en del av dems apper du har fått med på din telefon. NTT Docomo regner jeg med.

    Docomo, ja... 🙄

    mobile999 skrev (1 time siden):

    Nullstill oppsettet (det henter visst nytt oppsett fra nettet):

    Prøvde å slette innstillingane for APN, og sette opp på ny med berre APN-namn "smart.telenor" og starta på ny. Det blei lagt inn eit par nye innstillingar (MCC/MNC/APN-protokoll ved roaming), og mobildata verkar greitt, men null MMS 😕

    Det blei ikkje sett inn innstilling for MMSC/MMS-proxy/MMS-port...

  14. mobile999 skrev (30 minutter siden):

    Nullstill oppsettet (det henter visst nytt oppsett fra nettet):

    Har vel testa det....

    Når eg trykker "Nullstill", kjem det ei melding om at "Innstillingene for navn på tilgangspunktet  er ikke tilgjengelig for denne brukeren".

    ...men det går som sagt an å setje manuelt.

  15. Hei!

    Eg har kjøpt meg "ny" mobil frå Tyskland, og den verkar heilt strøken og funkar fint, utanom at eg ikkje greier motta/sende MMS. Det er jo litt brysomt, i og med at dei fleste SMS-ar blir å rekne som MMS-ar for tida, med desse emojiane.

    Uansett: Eg har aktivert mobildata og roaming. Måtte setje det opp APN (Tilgangspunktnavn) manuelt. Dette ihht. Telenor sine sider:

    image.png.ffdb1c0e7c51c1d14ba9150a2b9e6009.png

    Mobildata verkar OK, men ingen MMS-funksjonar 😕

    Det kan vere mobilen er litt sær (?)...er visst ein japansk modell (SO-02h). Han blei levert med Android 7, men eg greidde i farten å få til å nedgradere til Android 6, i eit forsøk på å fjerne ein del japanske surre-appar ved å sette telefonen opp på ny via Xperia Companion. Det same japanske surret kom tilbake etter nytt oppsett, men no altså med Android 6. Mobilen funkar fint, altså, med norsk språk og standard appar. Det verkar likevel som om noko av desse japanske appane er parallelle administrative appar, som eg for ein del av avinstallert eller deaktivert...

    Nokon som har forslag til løysing? Vil helst sleppe å styre med tredjeparts "flashing" eller "root-modding"....

  16. Svein M skrev (30 minutter siden):

    Jeg ser også at FX-9590 har TDP på 220W mot FX-6300 95W, så jeg ville kanskje også stille meg spørsmålet om jeg er mest tjent med den som bruker minst strøm. Men hadde vel brukt FX-9590 og klokket den ned litt om den hadde virket.

    Ikkje så nøye om det brukar litt straum, berre det verkar. Det meste går vel ut i varmeenergi uansett, og når ein her oppunder nordkalotten helst må fyre litt for å halde varme i kåken i 10 av 12 månader, er det ikkje så nøye om 3-400w av varmen kjem frå PC'en... ?

    FX9590 er tilbake i boksen, og går heilt fint med default bios-setting... ?

    Jo, ser det er dei som har klokka ned denne for å halde han stabil, men det får ein vente og sjå med. Verkar det greitt, sit eg vel mest med den ultimate FX-rig'en...er litt artig å tyne gårsdagens utstyr ?

    Det er god nok kjøling som er spørsmålet her som regel....og eit HK som ikkje har "issues" med CPU'en. Per no køyrer han med idle temp på 41 grader, og det er visst ganske så bra for denne kraftkaren...men med ope kabinett då.

    Så får eg sjå korleis det ser ut etter litt stresstesting og sånn, når eg får Windows opp og gå...

    Per no har eg desse specs'a:

    Crosshair V Formula Z
    FX9590
    Noctua NH-D14 Cooler
    16GB DDR3 2400
    RX590 Fatboy GPU
    500GB SSD HD
     

  17. Svein M skrev (47 minutter siden):

    Kommer du deg inn i bios?

    Nja, ...nei, gjorde ikkje det, for han stengde ned før eg rakk å kome inn i setup.

    Men NO kjem eg inn, for no malar PC'en som ein katt med FX6300....
    Eg har aldri brukt dette HK'et. Det stod ein FX8350 i det, som eg har brukt i ein annan PC...var eigentleg berre CPU'en eg var ute etter då, men kjøpte likevel heile greia (Finn) med god ram og eit high end HK (Crosshair V Formula Z), sidan prisen var bra....

    Når eg no har greidd å kome inn i setup, viser det seg at CPU'en er overklokka litt. Det fiksar jo FX6300 greitt, men FX9590 er ikkje noko ein prøver å overklokke, med mindre ein har kjølar som går på flytade nitrogen... ?

    Trudde eigentleg bios blei sett til default når ein puttar inn ein ny CPU....

    Spørsmålet er om eg skal prøve å setje inn 9590'en igjen, no som eg har "default'a" setup? ?
    Det er òg nyaste bios ser eg...

    sveibuen skrev (52 minutter siden):

    Får håpe at den ikke har tatt livet av komponentene dine..
    Den nermer seg i rykte på visse andre PSU merker(NorthQ etc)

    Tja, har eigentleg gode erfaringar med Chieftec PSU'ar, heilt sidan den digitale steinaldaren...?
    Dette er ein "bronze-version", men har sett testar som eigentleg legg dei fleste element i boksen til "silver"...
    Har putta dei i to andre PC'ar òg, og det har ikkje vore noko problem...relativt lite støy òg.

  18. Støvsugar ✔️
    Skifta likevel til ein 16A-kurs   ✔️
    Snudde pwr/reset pins   ✔️
    Kopla frå straum på alle komponentar utanom HK   ✔️
    Skrudde på straum og trykte start   ✔️

    PC'EN SURRAR OG GÅR! ?  ...i ca 10 sekund, før han stenger ned, (...men det er nok eit anna problem)

    Uansett, ...koplar til skjermkort og skjerm og HD, og startar igjen. Får iallfall opp boot-skjermen før han loggar av igjen, og det tydar vel på at verken HK, PSU, RAM, GPU, m.m. er sett ut av spel....

    Kva var problemet? Tja, sei det...men det ser altså ut til at desse pwr/reset-pin-ledningane stod feil. Ikkje så greitt å vite, når det ikkje står kva som er pluss og minus og begge ledningane er svarte (!)

    Det nye problemet er nok ein "issue" med CPU'en, FX9590 - ein CPU frå helvete. Hadde same problemet med eit anna oppsett, og byta til ein FX8350, og då funka alt "smood". Tenkte dfor å prøve med monsterkjølar og eit HK som er kjent for å takle CPU'en, men nei. Veit ikkje om eg gidd styre meir med denne, og tenkjer eg berre puttar inn ein FX6300 eg har for handa...blir primært ikkje noko gaming-PC uansett.

    Nokon som vil ha ein FX9590? ...billig! ?

    ...eventuelt byte med ein FX8350? ?

    Kan jo vere CPU'en har feil ved seg òg, ...kjøpt på eBay for eit par år sidan

×
×
  • Opprett ny...