Gå til innhold

Ganske

Medlemmer
  • Innlegg

    408
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Ganske

  1. Sukk, så primitivt... Eg fann sitatet nedanfor i ein omtale av den eldre modellen 6310i. (Eg fann ingenting om korleis funksjonen evt. skal brukast.)

     

    Also included is Nokia's excellent cut-and-paste feature, that allow you to copy information from other places in the phone into an SMS. For example, if you wanted to send along the street address you have stored in your phone, it is easy to extract any of the text fields in the phonebook and paste them into an SMS.

     

    (Og no som eg hadde byrja å tru at Nokia òg hadde greie på å laga mobilar... :devil: )

  2. Hei, eg har kjøpt meg ein Nokia 6021 etter mange år som Siemens-brukar. Ein funksjon eg saknar er klipp og lim av tekst, i tekstmeldingar, notat, e-post, osv. På Siemens var det eit enkelt (men litt skjult) triks: Hald nede *-tasten. Finst det ikkje noko slikt på Nokia-telefonar?

  3. VG la ut platemelding av Röyksopps nyaste album, på grunnlag av ein versjon dei hadde lasta ned frå nettet. Det er i seg sjølv artig nok, men endå artigare var det å sjå plateomslaget i Aftenposten i dag. (EMI fekk det brått travelt med å senda ut plata til alle medium.) Eg synest så tydeleg eg ser ein stygg kopisperrelogo? Slikt kan ein bli i godt humør av! :tease:

     

    Når skal det gå opp for EMI og dei andre at kopisperrer aldri kan hindra piratkopiering? Kopisperra gjer den lovlege, private kopieringa vanskelegare, men er ikkje stort meir enn ein fartshump for dei som vil spreia tusenvis av ulovlege kopiar på nettet. Snakk om å ramma feil målgruppe!

     

    (Truleg er plateselskapa fullt klar over dette. Det eigentlege målet deira er å gjera privat kopiering ulovleg og styra folks oppfatning av kva dei har rett til å gjera. F*en så frekt!)

  4. Grunnen kan vera mekanisk; ein dings som sit fast, så motoren går seg varm, eller noko slikt. Avkjøling eller oppvarming kan då gjera at metalldelar trekk seg saman eller utvidar seg, og så løsnar det igjen.

     

    Her ein dag gjenoppliva eg forresten ein gammal 20 MB harddisk. Den laga rare lydar, og maskina (bærbar 286 :)) rapporterte om harddiskfeil og starta ikkje. Eg skrudde opp, sjekka kablar og slikt, men ingenting hjelpte. Hmm, kanskje noko sit fast? Dette er noko gammalt skrot, eg har ingenting å tapa på å vera litt brutal. Etter fire bestemte slag med knokane, fungerte faktisk disken heilt fint.

  5. Den sentrale biten av lovene er åndsverkslova, paragraf 12. Legg merke til at dataprogram er spesifikt nemnt som eit unntak. "Privat bruk" er tolka som familie og nære venner, i følge Jon Bing. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på området.

    Et annet spørsmål: Hvis det viser seg at dvd #3 av Band of brothers settet mitt er ødelagt, kan jeg da kopiere den av noen andre? Vi har jo begge originalen.

    Javisst. Lovene krev faktisk ikkje at du eig originalen ein gong. Nedlasting er difor lov, noko Jon Bing forklarte på TV Norge-nyheitene (!) for nokre dagar sidan.

     

    Siste nytt er forresten at lovendringa er utsett. Det kan jo tyda på at lova er vanskeleg å få gjennom.

  6. Torsdager er det norsktalende progrock nettradio fra 21.00 til 23.00.

     

    Tarkus Radio

    Eg tenkte eg skulle gi dei ein sjanse i gårkveld, men det var jo berre musikk og ikkje prat eller presentasjon av platene eller noko. (Grunna ustabilt nett høyrde eg berre ein drøy halvtime.)

     

    Progrock er ein musikksjanger eg likar betre og betre :)

  7. Tja, nokre feilsøkingstips, sjølv om du sikkert har prøvd mykje:

     

    - Lån kabelen og nettverksporten frå den PCen du veit fungerer.

    - Prøv å kopla problemmaskina til i eit anna nettverk, og sjå om du får IP der.

    - Kontroller at PCMCIA-kortet verkeleg er eth0. Om maskina har eit internt nettkort, får det gjerne eth0, medan PCMCIA-kortet får eth1.

     

    Eit anna innfall: Kopla til den maskina som fungerer, noter deg IP og routing og sånt, flytt kabelen over til den bærbare og set opp nettet manuelt slik zyp føreslår.

  8. Eg meiner å ha lese at Gåte sjølve er svært opptatt av den sterke nordiske tradisjonen dei er ein del av. Dei har mellom anna vore med på festivalar i Sverige og har nok henta mykje inspirasjon frå nabolanda. Sjølv synest eg noko av det mest spennande med Gåte er innblandinga av elektronisk musikk. Dessutan framstår rockearrangementa som svært stilsikre, og treff i alle fall midt i blinken for min del.

     

    Me kan òg sjå tilbake på Safts samarbeid med felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa, som resulterte i LPen "Stev, sull, rock & rull" og ein legendarisk opptreden på Ragnarock i Holmenkollen i 1973. Dei fekk spelemannpris og greier, så ingen kan koma å seia at kombinasjonen rock og folkemusikk er ny eller ukjend.

  9. Det kan jo henda du har ein god grunn til å bruka expr, men det kan jo òg henda at sed er betre eigna :) Basert på det du har sagt så langt om problemstillinga, ville eg brukt noko slikt:

    sed 's/.* \(til\|fra\) \([^ ]*\) .*/\2/i'

    Det fungerer med alle dei tekstane du oppgav, gitt at det er eit mellomrom som skil "[MOTAKER]" frå resten av teksten på linja:

    $ echo '[tilfeldig tekst] TIL [MOTAKER] [tilfeldig tekst]' | sed 's/.* \(til\|fra\) \([^ ]*\) .*/\2/i'
    [MOTAKER]
    $ echo '[tilfeldig tekst] Fra [MOTAKER] [tilfeldig tekst]' | sed 's/.* \(til\|fra\) \([^ ]*\) .*/\2/i'
    [MOTAKER]

  10. UPC deler kanskje berre ut eit begrensa antal IP-adresser per kunde? 80.x.y.z er jo offentlege adresser. Eg veit at Tele 2 har ei grense på 3 IP-adresser per kunde, så om Linux-maskina er nummer 4, kan eg godt tenkja meg at det skjer slik du opplever.

     

    Du kan jo prøva å ta ei av dei andre maskinene av nett og sjå om du får opp Linux-maskina då.

  11. Lista du satt opp, er ikke så dum den...

    Det er i så fall berre flaks, for eg har ikkje høyrt ei einaste av dei platene :) Innlegget mitt var berre meint som godlynt erting, sidan du var andremann i denne tråden som brukte ordet "kronologisk" utan å skjøna kva det betyr. Den kronologiske rekkjefølgja er nemleg den rekkjefølgja platene blei utgitt i, og det kan ingen bestemma sjølv ;) Det tok tre minutt å finna årstal på alle platene på Rate Your Music.

     

    Denne gongen var eg kanskje altfor subtil. Det var ikkje vondt meint :)

  12. Her er mine forslag, ikke kronologisk det vil jeg si er ganske vanskelig...

    Vanskeleg, seier du? Forklar... Det tok meg tre minutt å finna ut at rekkjefølgja vera slik:

     

    In Flames - Lunar Strain

    Cradle Of Filth - Midian

    System of a down - Toxicity

    In Flames - Reroute To Remain

    Satyricon - Ten Horns Ten Diadems

     

    Dei to siste er eg litt usikker på, ettersom begge kom i 2002. Men samleplater bør ikkje reknast med i slike kåringar uansett, så då ryk Satyricon ut.

  13. Disse er ikke i kronologisk rekkefølge fordi jeg ikke klarer å bestemme meg.

    Hmm, du kan få bestemma mykje rart, men kronologien er ikkje opp til deg, altså ;)

     

    Eg kjenner meg ikkje kvalifisert til å seia noko om dei platene eg ikkje eig sjølv, så eg nemner berre mi fem-på-topp-liste:

     

    The Beatles - Abbey Road

    Genesis - Selling England By The Pound

    Queen - Queen II

    Dadafon - Visitor

    Gåte - Jygri

     

    (Og dette var i kronologisk rekkjefølgje, i tilfelle nokon lurte...)

×
×
  • Opprett ny...