Jump to content

Voidhanger

Medlemmer
  • Content Count

    87
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

23 :)

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Her går det i Spyro trilogy med femåringen. Flott oppussa grafikk og ei læringskurve som passar mindre born. Også tykkjer han at det er fantastisk at dragane snakkar norsk. Kanskje spel med norsk tale kunne vore ein aktuell temaartikkel for Gamer.no?
  2. Har kost meg med AC Valhalla og Control denne veka, og opplever oppgraderinga frå 1080 til 3080 som eit skikkeleg løft. Men kortet (Gainward Phantom GS) er ikkje akkurat stille, og med temp på 74° tenker eg å teste undervolting og ny viftekurve.
  3. Testa Synctoy, men det funkar ikkje med MTP standarden på Android-telefonar. Takk for forslag. Fann ei løysing! Kjøpte tillegget Airsync til Doubletwist, og det virkar å funke bra. Filene blir synkronisert over wifi.
  4. Eg henta på tysdag, og maste i går. Fekk høyre at eg måtte vente nokre dagar til.
  5. Den ser lovande ut! Skal teste i kveld. Har oppdatert fyrste innlegget sidan eg ikkje gjorde meg heilt forstått.
  6. Stemmer, tenkte på internlagringa. Skal sjekke ut Plex!
  7. Det er det, men har forstått det slik ein ikkje bør bruke "daisy chain" på straumkrevjande skjermkort som 3080/90. Edit: tusen takk for innspelet. Fekk meg til å søke opp denne tråden, der det ser ut til at det skal funke:
  8. Fekk tak i eit RTX 3080-kort som krever tre 8-pin straumkontaktar. Eg oppgraderte nyleg til eit Corsair RM750X (modulært), der det følger med berre to PCIE-kablar. Likevel er det fire kontaktar merka "PCIe 6+2 & CPU 4+4". Pin slots har heilt lik utforming, så PCIe kablane passar fysisk i alle. Må eg kjøpe ny PSU, eller treng eg berre handle ein ekstra PCIe-label og stappe i ledig kontakt? Manualen ga meg ikkje svar. PSU min virkar å vera ca same type som er avbilda her:
  9. Eg er ein av dei som framleis foretrekker å ha eit stort minnekort med musikk på mobilen, og treng difor å oppdatere minnekortet av og til. Hadde tidlegare Iphone/Ipod og då gjekk det som ein draum å synkronisere med biblioteket på PC via iTunes, men etter overgang til Android med minnekort slit eg med å finne ei god løysing for kopiering/synkronisering . Har Samsung S10+ og Windows 10 PC. Har prøvd dette: - iSyncr. Mitt foretrukne val dei siste åra, men det kan bruke ein time på å overføre eit album. Innimellom likar det også å slette alt på telefonen for å foreta full overføring av heile minnekortet (256gb). - Samsung Keys, DoubleTwist og Mediamonkey. Trasige musikkavspelarar med klønete overføringsmulighetar. Ikkje prøvd på ein del år. Har nokre av dei plutseleg blitt kjempebra? - Overføre manuelt med windows explorer. Funkar greit med fyrste overføring. I Win10 prøver eg å overføre heile biblioteket, og får då spørsmål om "vil du slå sammen mapper?". Trykker eg "ja" må eg overføre alle 256gb, og trykker eg "nei" stoppar alt. Meiner å hugse at dette var betre i tidlegare versjonar av windows. - Command line. Telefon har ikkje diskplassering, så finner ikkje ut korleis eg får kopiert. Har nokon tips til korleis eg får synkronisert mp3-biblioteket mitt på ein effektiv måte?
  10. På veg i posten, og forventa i hus i morgon! Avbestiller difor KFA2 (NetOnNet) og Asus TUF OC (Komplett, 12 des).
  11. Om eg har forstått det riktig er ikkje Aorus-korta plaga med dette. Også nyare batchar har feilen, så virkar å vera heilt bingo om du får eit fungerande kort eller ikkje.
  12. Netonnet har hatt 6/11 som forventa dato lenge. Ikkje utenkeleg at dei får pallar inn ca same dato.
  13. Gjengangar i tråden dette. Nettbutikkløysinga til Elkjøp gjer at dei må oppgi vare som "på lager" for å ta imot kjøp på førehand.
  14. Tinga akkurat eit KFA2 3080-kort hos NetOnNet, og det står følgande i ordrestadfestinga: "Ordren vil bli levert i løpet av perioden 04.11.2020 - 11.11.2020" Har nokon av dykk erfaring med om NetOnNet brukar å vera nøyaktige i høve lovnadar om leveringsdato? Reknar med at dei er like upresise som alle andre, men hadde jo vore kjekt.
×
×
  • Create New...