Jump to content

notorled

Medlemmer
  • Content Count

    899
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

12 :)

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  1. Eg ser at populærmusikken rådar her, men eg har derimot eit problem i frå ein anna sjanger. Eg leitar etter eit stev/vise, eg kan noko av det utanatt. Det er hovudsakeleg noko av teksta eg manglar... Dette er ei særskild pervers tekst. Som du ikkje ville gløyme om du hadde høyrt ho... Har for det meste høyrt den tidleg om søndagsmorgon, på ein toradar. Har forsøkt å leita fram teksta på nettet men utan hell. Det eg hugsar:
  2. Hvorfor? Dette er elementær leiingsteori. Du kan enkelt formulere det slik: Kvifor skal det vere eit skilje mellom deg og sjefen din? Det skilje er veldig viktig på mange måtar, blant anna å oppretthalde respekt for autoriteten. Kvifor er det viktig? La meg nytta eit praktisk eksempel her. Fredag, siste time, 20 elevar. Det trur eg er noko av det mest krevjande når det gjeld læringssituasjonar du kan komme opp i. Her blir kravet om dyktig leiing sett på prøve. Då er du avhengig av at rolla di for elevane er distansert, respektert og pårekneleg(elevane veit kva sanksjonar som kjem dersom dei ikkje gjer noko gale). Men hugs og at elevane skal lære, dei skal ikkje berre sitte heilt i ro. Så no gjeld engasjement for faget og pedagogiske verkemiddel. Det skal vere heilt klart for alle elevar at læraren er sjefen i klasserommet. Og ein lærar skal oppføre seg VELDIG dårleg dersom det skal vere grunnlag til å spytte/slå.
  3. Eg er ny i diskusjonen. Sjølvsakt skal ikkje lærarar tolerera å bli spytta på! Det skal heller ikkje vaksne, uansett yrke. Det eg tyda av artikkelen til Dagbladet var at det kunne vere underliggande problem som framprovoserte ein slik reaksjon hjå eleven. Og det trur eg er viktig å tenkje over, men eleven skal jo sjølvsakt få høre at det ikkje er ein godtatt måte å reagere på. Og ja, det skal vere eit skilje mellom elevar og lærarar.
  4. https://docs.google.com/View?id=dhqjd29q_854dkq5jkg8
  5. Meitefiske i sjøen, er eit bruksområde...
  6. Jo, det er sant. Eg sikta til sjølve Facebook. Problemet no derimot er at nettvet ikkje er noko kompetansemål i nokon av faga.. Som er veldig dumt...
  7. Det er sant. Her burde det blitt gjort veldig mykje. Blant anna med lærarutdanninga og oppfylging av lærarar. I henhald til Kunnskapsløftet har alle elevar rett på tilrettelagt opplæring. Men her virker det jo som det var mangel på kontroll.
  8. Leitte etter tidlegare tråd om dette, men fant ikkje noko. Viser til denne saka i Aftenposten 5.mars: Oslo innfører karakterer i 7.-klasse Skolebyråd Torger Ødegaard startar altså med eit prosjekt der elevar i Osloskulane skal få talkarakterar i alle fag. Kvifor? - Jeg ønsker å utfordre kunnskapsministeren i sammenhengen mellom tydelig vurdering, motivasjon og overgangen til ungdomsskolen. Vi vet alle at frafall ikke begynner i videregående skole, men at skolene må arbeide med dette perspektivet allerede i barneskolen, sier Ødegaard. Så det er fråfall i den vidaregåande skule han vil bli kvitt. Ok, greit. Fin kampsak. Dersom eg har misforstått noko her, så er det fritt fram å rettleie meg. Men kan nokon svare meg på desse spørsmåla hadde det vore fint: Har det nokon gong vore eit problem med overgangen til karakterar på ungdomsskulen? Eg meiner aldri å ha høyrt nokon elevar seie at dei ikkje forstår kva som krevst for å oppnå forskjellige karakterar. Ein ting er om ein lærar ikkje er konsekvent nok i karaktersettinga si, men det blir noko anna. Men, det er fråfallet i VGS han vil bort med. Dei fleste av desse elevane er fagleg svake og har lite eller ingen motivasjon. Dersom dei er fagleg svake, er dei mest truleg fagleg svake allereie på barneskulen. Blir desse elevane meir motiverte, meir engasjerte av å få karakterar? Eg meiner at karaktersetting då virker mot si hensikt. Eg meiner at eit tal ikkje fortel noko. Det er kva som står over/under talet som er givande, gitt at elevane les tilbakemeldinga. Om ein elev får ein firar på ei norskoppgåve seier det veldig lite konkret om oppgåvesvaret. Det det er heller ikkje noko hjelp for eleven framover. Skal det vere til hjelp, må tilbakemeldinga beskrive kva som var bra, og kva som bør vere elevens fokus framover(vi kan aldri få nok ros). Kva meiner de?
  9. Til alle som seier at dei ikkje gjer noko gale og har ingenting å skjule: Kva garantiar har vi for at opplysningane ikkje vert misbrukt? Ingen. Så lenge nokon skal ha tilgang til opplysningane som vert lagra, så er det berre eit tidsspørsmål om misbruk. (Alt som kan gå galt, vil gå galt. -Murphy.) Og med så mykje informasjon tilgjengeleg om enkeltpersonar er moglegheitene nærmast uendelege. Javel, ok, kanskje du ikkje har noko å skjule. I alle fall ikkje nett no. Men kva om nokre år? Eller kva med å ikkje berre tenkje på seg sjølv? Det finst mange menneskelege aspekt ved overvaking som vi ikkje tenkjer over med det første. Eg har gjort mykje lovlege ting som eg ikkje vil at bygda mi skal kjenne til. Kva er neste steget, når det viser seg at DLD ikkje er effektivt nok til å stanse storkriminelle? Skal vi auke lagringstida? Skal fleir typar data lagrast? Så vidt eg er kjent så ligg det heller ikkje nokon plan om korleis data skal lagrast. Skal teleoperatørane stå for dette? Eller skal det opprettast eit eige organ? Kva med kostnadane? Tru meg, eg vil gjerne at pedofile misbrukarar, barnepornoformidlarar, og terroristar skal hamne bak lås og slå. Men dette er ikkje vegen å gå. Eg forstår heller ikkje kva for ekspertar dei har forhøyrd seg med i denne saka. Men politikarane har jo uvurderleg kompetanse på det meste... Det har dei jo syna fram innan utdanningssystemet vårt..... Ellers kan vi mimre om NAV saka som kom fram hausten 2010(Link til NRK).
  10. Sitat frå wikipedia: Ellers finn du regjeringa sitt dokument her(gjeld kommunalt nivå): Veiledning til innbyggerinitativ
  11. Som eg skreiv, i slutten av lærlingtida. Altså som fagarbeidar. Hugsar ikkje kva han hadde i lønn når han var lærling, men han var ikkje fattig. Det er jo sjølvsakt skilnad mellom arbeidsgivarar når det gjeld løn. Han snakka og om at dei fleste skytebasane som fanst i landet hadde høg gjennomsnittsalder, dvs. ein kan rekna med å ha arbeid nokre år framover... Legg merkje til at eg kun siterer det eg har høyrt av han, og eg har null kompetanse på bygg og anlegg sjølv.
  12. Viss eg skal kunne gje tilbakemelding på teksta di, må eg vite kva for klassetrinn du høyrar til. Kva var oppgåveteksten?
  13. Har ein god del kompisar som har gått "anleggskulen" på Våler. Kva spesifikk dei gjekk veit eg ikkje heilt, så kan nok ikkje svare deg der. Dei fleste av dei tok vel fagbrev som maskinførar, men eg veit at ein fekk fagbrev som spregningsarbeidar. Han var hovudsaklig maskinførar på ein borerigg(i tunnel), men lærte og mykje om sprenging. Lønna hans var vel ein stad mellom 400 000 - 500 000 i året(ved slutten av lærlingtida).
  14. Sist eg sjekka så var aldersgrensa for Facebook 13 år. Så barneskulen er nok uaktuelt. Tema som nettvett finst det ein god del undervisningsopplegg for, flesteparten siktar seg inn mot ungdomssteget. Ein kan sikkert lage mykje fin undervisning rundt Facebook og nettsamfunn sjølvsakt, men eg trur at ungane lærer seg dette sjølve. Nap har ein del gode poeng, eg kunne sjølv tenkt meg fleir slike tema. Men diverre ville nok dei hamne inn i kunst og handverk, som er nedprioritert hjå mange skular. Vi treng fleir valgfag som er retta mot praktisk arbeid. Forhåpentlegvis kjem praktisk prosjekt attende, men det er mykje skit oppover i systema.
  15. Ikke glem å lese læreplanen... Den finner du på udir.no Hugs også at du skal velge deg et fordypningsemne du skal ha jobbe med, dette vil du bli spurt om på muntlig eksamen. Godt arbeid her lønner seg altså
×
×
  • Create New...