Gå til innhold

Droideka

Medlemmer
  • Innlegg

    151
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Droideka

  1. Har i alle år brukt PSP, topp program, som absolutt kan anbefalast for nybyrjarar. Hugsar eg fekk det på CD i Komputer For alle for ørten år sidan, versjon 4 eller 5 trur eg det var, good times : )

     

    PSP har igrunn hatt alt eg har trengt av bildeverkty, og har soleis ikkje hatt noko behov for tyngre program som Photoshop.

     

    Eg gjekk derimot nylig over til Photoshop CS3, etter å ha byrja som frilansfotograf. Saman med Photoshop Lightroom har eg fått ein arbeidsflyt eg berre kunne drøyme om i mine PSP dagar. Fantastiske program.

     

    Så om ein har pengar og treng eit skikkelig profft redigeringsprogram, skaff markedsleiaren Photoshop. Studentversjonen trur eg kostar rett under 2K (samme som Extended om eg ikkje tek feil, men ikkje for kommersiell bruk). Fullversjon 8K og Extended 10K+.

     

     

    Paint.Net er og eit bra program. Det er gratis og absolutt ein titt verdig, for dei av dykk som har lyst å prøve seg på fotoredigering utan å bruke peng.

     

    http://en.wikipedia.org/wiki/Paint.net

  2. Beviset ditt var nok heva over kompetansenivået mitt, men du har sikkert rett, sjølv om eg ikkje heilt klarar å plassere formelen din.

     

    Ifølge "konstanten" hans: det einaste som vert gjort etter multipliseringa av dei to tilfeldige tala er å bruke det høgste svaret til å trekkje frå et mindre svar, deretter legg han saman enkelttala i svaret igjen til han får 9. For meg so ser det ihvertfall fantastisk ut, at 9 går igjen, uansett talkombinasjon!

     

    Han har og ein formel i botn av sida, som sikkert går ut på det same, då med lyshastigheita.

     

    Ein skal naturligvis ikkje ta alt på nettet for god fisk, men sidan han legg ut "copyright" på materialet, trudde eg kanskje dette var noko "unikt" noko. Materialet verka ihvertfall overbevisande når eg fyst såg det.

     

    Matematikk tar av, av og til :)

  3. Takk for svar Rasks!

     

    Eg er ingen kløppar i matte, held på med R1 (oppdatert 2MX) so det er begrensa kva eg forstår.

     

    Det var vel ingenting anna enn svaret som var 9 her? Ein kunne legge inn kva som helst tal og få 9.

     

    Om det ikkje vert for mykje arbeid for deg, og om det vert lettfatteleg nok for ein gjennomsnitts 2MX forumbrukar, so fyr for all del laus med bevis.

     

    Kva for grein innanfor matematikken snakkar me om her, og kva for nivå, bruksområde?

  4. Stor dag med bismak i dag. Henta i ettermiddag eit a700 på posten, bestilt fra NetOnNet. Har hatt a100 sidan oktober i fjor, og vil tru a700 er den perfekte oppgradering, då spesielt med tanke på ISO støy.

     

    Kom heim og begynte å ta bilder. Men, etter få minutt kjem nederlaget. Eg får ikkje stabilisatoren til å fungere (ingen vibrasjons lyd, slik som på a100 ved steadyshot on), det lyser i viewfinder at ein treng stabilisering, men bevegelses "bar'ane" beveger seg ikkje, dei står i ro på full uttelling (,om steadyshot er av eller på har ingenting å seie). Batteriet er fullada. Har testa med båe Sony og Sigma objektiv.

     

    Når eg held øyret inntil huset, høyrer eg ein meget svak elektrisk støy (uavhengig av steadyshot=av eller på) som forsvinn når eg tek eit bilete, og kjem attende att når kameraet er ferdig med processing.

     

    La og merke til huset rister sensoren i omtrent 1 sekund, ved power on. På a100 skjer dette til slutt, og varer mykje kortare og roligare, kanskje 0,3-0,5 sekund.

     

    Alle andre funksjonar ser ut til å fungere, er difor redd for at eg rett og slett har fått eit dårlig eksemplar.

     

    Er det noko eg kan gjere, er dette ein kjend bug? Har saumfart google, samt Sony manualane, og finn ikkje anna enn at advarselen signaliserer om at her trengs det stabilisering.

     

    Andre her som har vert borti liknande? Dykk med erfaring med båe a700 og a100, kor lenge varer sensorristinga ved oppstart på dykkar a700, er det høgare lyd enn hjå a100? Samt synspunkt på den elektriske støyen når huset er på, svak svak "transformatorlyd" som ikkje er tilstades ihvertfall på min a100.

     

    Takkar for alle innspel, sjølv om eg igrunn er rimelig sikker på dette er ei reklamasjonsak :)

  5. Har hatt dette objektivet til min Alpha 100 i drøyt 2 månadar no.

     

    Ein stor fordel er vekta (220g) og størrelsen. Objektivet er knøttlite og gjer halding av kameraet over lengre tid til ein leik. Sigma 28mm F1.8'en min veg til samanlikning 480g og er "svær".

     

    Byggjekvaliteten er bra, betydelig mindre plastikkfeel enn A100's standard kitobjektiv. Autofokus er hjå meg omtrent likt som på kitobjektivet, båe på hastighet og feilfokusering, mao OK i dei fleste situasjonar. Manuellfokus er OK. Fokusringen er gummibelagd for betre grep, hendig, då denne er liten av størrelse. Folk med store fingrar, eller hanskar kan derimot få vanskar med å komme til fokusringen om medfølgande "lens hood'en" er på.

     

    Skarpe bilder på fleste F tall (F1.4 og mulig litt høgare kan derimot gi "soft look" på sterkt belyste objekt og lysovergangar, men dette er vel å forvente kanskje?). Nærgrensa er oppgitt til 45cm. Dette er med andre ord ikkje eit "makro objektiv". Kromatisk aberrasjon kan eg ikkje hugse å hatt oppslagsverdige problem med (Ved raske F tall er det derimot kanskje ikkje utenkeleg, med tanke på nevnt "soft look").

     

    Alt i alt eit meget bra objektiv, som fungerer flott som eit trekkplaster på A100's relativt dårlige høgare ISO prestasjonar. Køyrer stort sett ISO Hi200 over alt eg går med dette objektivet, sjølv med innandørsbelysning (stab. på) fungerer dette flott. Er du ute etter bokeh effekt på bileta dine, har du funne rett objektiv. Løp og kjøp :)

     

    Håper du fekk godt nok svar. Har du spm. så fyr laus!

  6. Har noen et par eksempler på ord i nynorsk som kan erstatte "er"? Jeg sliter noe sinnsykt med dette i hver stil jeg lager(inkludert den jeg skriver nå), så litt hjelp ville vært fint :) .

    9536775[/snapback]

    Flott om du kunne leggje fram nokre eksempel, då eg dessverre ikkje ser problemet.

  7. Går ut i fra du har Winrar og Windows, dersom ikkje, hopp til siste avsnitt.

     

    Trykk andre museknapp på fila du skal dele, velg "add to archive" og merk av .RAR og velg "compression" til "store". Finn fram til "split to volumes" deretter ønska fildelingsstørrelse i bytes, f.eks skriv inn 4 000 000 000, som skulle fordele fila i to .RAR filer. Velg "browse" og finn fram til mappa/disken du vil legge filene i.

    Det er og mogleg at du har Winrar men ikkje har integrert det inn i "shell" (som gjer at du ikkje får opp "add to archive" etc ved klikk på andre museknapp på filer i windows), noko som betyr at du må gjere denne operasjonen i Winrar via start menyen og deretter f.eks køyre Wizard (guide), som er noko enklare.

     

    Du kan og ta ein titt på eit anna lettvint program som heiter HJSPlit som du finn her : http://www.freebyte.com/hjsplit/

     

    edit:leif

  8. Naturlegvis vanskeleg å seie, men om 50 år burde dei vel kanskje klare å hente ut eit klart bilete frå anten ei brikke i auget ala slik dei har fått til med enkelte blinde folk, eller ved å "knekke" live feeden fra dei optiske synsnervene, kanskje frå ein brikke montert bak i hovudet?

     

    Ein kan spekulere :)

     

    Dette var uansett ein meget spanande artikkel, likte spesielt fotonsensoren, kvantemekanikk er crazy greier.

     

    "Fasettauge" sensoren var og artig, minna meg om SuperCCD SR sensorane, dog eit litt anna prinsipp med ein "aktiv" dynamisk sensor per piksel kontra SuperCCD SR sine 2 "passive" lyssensorar per piksel.

     

     

    Mykje å sjå fram til!

     

    edit:leif

  9. Har sjølv ein 15,4 tommar widescreen bærbar og denne er langt i fra for liten til å spele på.

    "At the end of the day" trur deg det kjem meir an på skjermoppløysning, innsynsvinkel og responstid. Ein sit tross alt innanfor ein arms lengde på desse skjermane.

     

    Hadde eg vert deg, hadde eg tatt ein aldri so liten titt på ein 15,4 tommars bærbar, desse gjev deg ekstremt mykje for pengane no til dags.

    1,3 tommar er ikkje akkurat natt og dag i skilnad :)

  10. Seint svar dette her, men kan hende andre kjem til å oppleve samme problemet :)

     

    I flesteparten av tilfella skyldes dette intens loggaktivitet i Comodo.

     

    Opne programmet, deretter trykk "Activity" og "Logs". Dersom du er under eit "CPU angrep" ser du med ein gong i loggen kvar for program det er som "dominerer over loggen" og foråsaker problemet.

    I dei fleste tilfella er det "Network Monitor" som er syndaren, spesielt ved fildeling etc.

    Trykk andre museknapp midt i loggen, trykk "log events from" og huk av "Network Monitor" eller den "aktiviteten" du plagest med.

  11. Denne threaden hadde sikkert fått bedre respons under "spill" forumet, hadde og vert fint om du kunne lagt ut specs på PCen din.

     

    Kjører du half size og 25fps?

     

    Dette gjer eg og det funker topp på min laptop med 1280x720 (output 640x360) , 1,5gb minne, 2ghz Intel Centrino og ATi X700 128mb.

     

    edit:leif

  12. Edit: Folk kom meg i forvegen, prøv card recovery først du.

     

    Har vert borti dette problemet tidlegare, det som er viktig no er at du ikkje skriv over minnekortet fleire gonger, då risikerer du at dei "daude" filene vert overskrevne.

    Skaff eit program som heiter GetDataBack (NTSF eller FAT versjon alt ettersom kva OS du har, har du XP er det nok NTFS versjonen du skal ha tak i. Finn du ingen filer, bruker du FAT versjonen).

     

    http://www.runtime.org/downloads.htm

     

     

    Det koster ingenting å finne igjen filer, men for å kopiere dei over fra programmet til f.eks ei mappe på PCen, so må du kjøpe ein fullversjon.

    Eg trur derimot du fint kan sjå på filene, og soleis f.eks lagre ei og ei fil.

  13. Liten update, dette med micen fekk meg til å leite i skuffa, fannt ein overgang som fungerer knall. Testa det nettopp med headset og ein PC mikrofon. Einaste skussmålet må vel være leidningkaoset, men ellers fungerte det ypperleg.

     

    Eg har ikkje funne nokon som sel denne overgangen derimot, komplett har ein i M/M, det er F/F eg har.

    http://www.komplett.no/k/ki.asp?sku=108381

     

    edit:vedlagt bilde

    post-17885-1177807755_thumb.jpg

  14. Visst du må ha headset, så går det visst an å bruke headset på GS500 om du kjøper litt ekstra utsyr, då ein kan bruke A/V utgongen, eg har dog ingen erfaring med dette.

    Står litt om det her: http://www.pana3ccduser.com/showthread.php?t=9071

     

    Når det gjeld kamera til 10k med headset og mic moglegheit trur eg ein skal leite godt, eg veit foreløpig ikkje om nye kameramodellar som støtter dette, uten at eg skal sei at eg har saufart det som er på markedet.

     

    Du kunne jo ha leita etter den eldre GS400 modellen, som mangen framleis sverger til. GS500 er ein funksjonsnedstrippa, mindre versjon av dette. GS400 har headset utgong om eg ikkje hugsar feil.

    Tviler på du finn det i ein nettbutikk, men Finn.no eller QXL .no er ein fin plass å leite.

×
×
  • Opprett ny...