Gå til innhold

TitoCosta

Medlemmer
  • Innlegg

    176
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av TitoCosta

  1. RookieNO skrev (På 27.7.2022 den 14.14):

    Eneste tanken min er at det er snodig å begrunne fraværet av TV med at man ikke har plass, all den tid en TV stort sett kun opptar plass på vegg...

    Selv bor jeg i en leilighet på ca 120 kvadrat, men vi har funnet plass til 6 tv'er i tillegg til stasjonær PC med der tilhørende skjerm.

    Elendig planløysing på den tidlegare leiligheita som var ca 50kvm, og leigde ut halve av den til ein annan. Ikkje alle som har luksusen på 120 kvm 😉

  2. Hei,

    har ikkje hatt TV på fleire år grunna avgrensa plass. No flyttar eg i eit stort hus, og skal ha TV i to etasjar.

    Tidlegare fulgte eg godt med, men etter å ha lest mengder med testar av ymse TVar, har eg konkludert med at eg har lite å kome med i den samanheng.. Kan nokon gi meg eit godt tips på følgande:

    - Den eine TVen skal stort sett brukast til å strømme/ sjå linær TV
    - Den andre TVen skal brukast til Playstation 5 og strømming.

    Eg har ikkje lagt noko budsjett på dette, men om det går an å komme under 20-25.000 for begge TVane med god kvalitet totalt, så hadde det vore særs fint. Mellom 55-65". 

  3. Ser eg har rekna litt dårleg.

    Valet er eigentleg følgjande.

    1. Ikkje søk lån/stipend for andre halvår av 2018. Fått 54 125, betaler tilbake 32 525,- 

    2. Søk om lån/stipend. Få totalt 108 250 i 2018, betaler tilbake 108 250,-

    (Alt dette er teoretisk, før det har byrja å rente)

    Kjem m.a.o til å velje alternativ 1.

  4. Godt svart, Herr Brun. 

    Eg tenkte å sette dei på sparekonto eventuelt å investere.

     

    Hvis du klarer å unngå å bruke pengene, men kan holde de på konto eller investere dem på en fornuftig måte, vil det lønne seg. Det du kan tjene på dette (sparekontorente eller avkastning på det du kan investere i) må du måle opp mot risikoen (for at du ikke har selvkontroll nok til å la pengene stå urørt, eller for at investeringen er tapsbringende).

    Svaret er derfor som så ofte: "Det kommer an på".

  5. Har studert i eit par år, og hatt støtte frå Lånekassen alle desse åra utanom eit. 

    For dette semesteret har eg ikkje tatt lån eller stipend frå Lånekassen, då eg grunna uttak av forteneste frå kryptovalutaer tjener rundt 200 000 totalt inklusive min lille deltidsjobb. Eg er ikkje så flink å rekne på slik, men reknar med at om eg tek lån og stipend frå Lånekassen, så vil dette berre omgjerast til lån, ikkje stipend.

    I og med at eg enno ikkje vil betale renter på dette lånet - vil dette lønne seg å få utbetalt likevel?

    Nokon tanker om dette?

     

    -

  6. Hei,

     

    no byrjar det å bli ei stund sidan førre gong eg gikk til innkjøp av bærbar pc. Det er med andre ord way overdue. Har planer om å bestille dei neste dagane slik eg får den før året er omme. 

    Bruksområde er som regel - reise, jobb og utdanning.
     

    Har følgande kriterier:

    - maks 12k
    - lang batteritid
    - høg kapasitet (bør kunne handtere mange oppgåver samtidig, utan at det "hakker")
    - låg vekt
    - maks 14". Optimalt mellom 13-14"
    - om den ser OK ut også er det ikkje nødvendigvis negativt.


    Ha ei god jul folkens!

  7. Vel, med dagens rente vil det nesten gå rundt uten at du må betale for noe (men husk at du må betale skatt på inntektene, og at det vil være et visst vedlikehold).

     

    Ser ikke så dumt ut, egentlig, om du har råd til å spytte inn litt penger hver måned vil du nok gå i pluss på sikt, iallfall om prisstigningen fortsetter.

     

    Det kunne vore interessant å vite, korleis fungerer det jamføre skattlegging og eventuelt skattefradag på ei bolig?

     

     

     

    Ting du må (bør) ha med i regnestykket: Skatt, vedlikehold, en sikkerhetsmargin (du kan ikke regne med å ha leieboer hele tiden, ting skjer) og alternativkostnad (hva hadde du gjort med kapitalen din om du ikke kjøper bolig, og hvilken avkastning regner du med her? Hvordan er risikoen i forhold til en bolig?).

    Det er heilt sant. Kapitalen står på ein høgrentekonto til 3,05% effektiv rente, så det er ikkje så mykje bevegelse i den for å seie det slik :-)

  8. Hei,

     

    treng litt feedback på eit mogleg kjøp av leilighet.

    Eg er 21 år, og har tidlegare studert i Bergen. Eg jobbar no i heimfylket Møre og Romsdal, medan eg tek opp karakterar. Har planer om å starte på jussen i august, men dette blir då følgeleg ikkje i heimbygda mi. Planen er å leige den ut, og gå ut omtrent i null før lånet er nedbetalt.

     

    Heimbygda mi er ein tettstad på Sunnmøre, Sykkylven med rundt 8000 innbyggere. Jobbmarknaden er ganske sikker, både med tanke på at vi har Norges største møbelklynge, og i tillegg ligg rundt 45 minutter, inklusive ferge frå Ålesund med 50 000 innbyggere.

     

    Det er stor mangel på utleigeboliger i kommuna, og det er ei viss kjøpsvegring, noko som førar til at det er eit enda større etterspurnad for leige.

     

    Vi har for tida ikkje eigedomsskatt, men det er rimelig å anta at dette vil komme innen 1-2 år.

    Leiligheta ligg midt i sentrum, med 3 km til fergeleiet som går rett over til Magerholm i Ålesund kommune. Det er også kun 500 meter til skuler, barnehager, idrettsanlegg/hall, svømmehall osv

    Det reint byggtekniske ser bra ut, men det vil nok krevje ei investering på rundt 30-40k for å få den tipp, topp.

    På den økonomiske biten, så utgjer felleskostnader kun 450,- i mnd, då det er ingen felles gjeld. Dette dekker vask, felles bygningsforskring og diverse vedlikehald. Dei kommunale avgiftene er på totalt 8250,- pr. år.

    Leiligheta er verdsatt til rundt 850 000, men det er rimeleg å anta at om etterspørselen vil vere like låg som tidlegare, at eg kan få den for rundt 750- 800 k.

    Eg har sjølv rundt 320 000 i frie midlar, medan eg har rundt 95k i BSU og 25k i BSU+.

     

    Det er heller uvisst korleis eg skal gjere med disponering med midlar, men har tatt utgangspunkt med 200k i bruk direkte med boligkjøp, som då vil seie eit lån på 600k

    Om eg antek at eg får den for 800 000, så er eg usikker på om eg skal ta 20 eller 15 års nedbetalingstid.

     

    Lånekostnad vil då vere:

    20 år: 3468,- pr mnd. til 3.55% effektiv rente
    15 år: 4281,- pr mnd til 3.55% effektiv rente

    Totalpris:

    20 år: 4618,- pr mnd
    15 år: 5431,- pr mnd

     

    Sannsynleg utleigepris vil ligge mellom 5000-6000,- i måneden.

     

    Gjerne kom med innspel!

     

  9. Har etter en uheldig episode fått min ultrabook, Asus UX31E øydelagt og er i denne samanhengen ute etter ein ny bærbar pc.

     

    I og med at forsikringsselskapet dekte uhellet, så har eg meir penger å rutte med. Eg tenkjer at prisen på denne pcen skal vere i størrelsesorden 8-14k. Eg har særdeles lite peiling på PC, men har likevel lagt til bruksområder og kriterier.

     

    Pcen vil i stor grad gå til studier, småspilling(dvs ikkje av dei nyaste spela, men klassikere som WC 3, BF2 etc.) og jobb.

     

    Kriterier som eg ser på som sentrale:

    - helst 13.3", god skjerm

    - god byggekvalitet

    - låg vekt er ein fordel, men ikkje eit krav

    - som nemnd ovanfor maks 14k

    - SSD

    - grei grafikk og prosessorkraft

    - god batterikapasitet

×
×
  • Opprett ny...