Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 549
  • Ble med

Alt skrevet av Cair Paravel

  1. Jødane venta på ein sterk leiar som skulle frelse dei frå det romerske imperium. I samtida var det mange som prøvde på dette, som makkabearopprøret og Bar Kokhba-opprøret. Jesus var derimot ein annleis frigjerar, hans rike var ikkje av denne verda (Joh 18:36). Fordi han tok på seg synda i verda, han vart til synd (2. Kor 5:21) og forbanning (Gal 3:13), framstod ikkje Jesus som ei oppfylling av dei messianske profetiane. Han samanlikna seg med koparormen (Joh 3:14), som var ei oppfylling av historia om koparormen i 4. Mos 21:4-9, der jødane vart helbreda ved å sjå på ormen. Dette var eit frampeik mot krossen, der Jesus døydde som ein forbrytar under Guds forbanning. Forbanna er kvar den som heng på eit tre (5. Mos 21:23). Denne paradoksale dualiteten ser vi overalt i skrifta. Jesus vart til det mest syndige mennesket i verdshistoria, ikkje fordi han fortente det, men på grunn av Guds kjærleik til verda. Ingen har større kjærleik enn den som gir sitt liv for sine vener (Joh 15:13). Jesus er både løva av Juda og lammet. I lidingshistoria framstod han tydelegast som Guds lam, der han oppfylte profetiar som Jes 53. Bibelen peikar også på at Jesus ein dag vil kome tilbake til jorda (Hebr 9:28), dette er Jesu andre kome. Eit tredje punkt er at Bibelen snakkar om at jødane har eit slør over augene sine når dei les GT (2. Kor 3:14-16). For å forstå må Gud openberre seg for mennesket. For å summere opp. Det er fleire grunnar til at jødane avviste Jesus som messias. 1. Det paradoksale i krossen. 2. Ikkje alle profetiar er oppfylt enno. 3. Ikkje alt er openberra.
  2. Dette får jo tydeleg fram kontrasten mellom Jesus og Buddha (og andre religionar), og det radikale i Jesu påstand om å vere einaste vegen til Faderen. Fornuftig og vitskapleg er det sjølvsagt ikkje i verda sine auge (1 Kor 1:18), men det er også viktig å poengtere at Bibelen ikkje utelukkande er ei samling vitskaplege facts, men at det er ei samling skrifter som omhandlar ein person - Jesus. Jesus sa jo sjølv til jødane at dei granska skriftene og trudde dei hadde evig liv i dei, men såg ikkje at det var han dei vitna om (Joh 5:39). Målet med livet er ikkje å bli opplyst eller oppnå nirvana slik som Buddha lærte. Buddha gjorde nok mykje religiøst bra, i det han oppgav rikdom og status for å leve eit godt liv. Kontrasten til Jesus er imidlertid enorm, ettersom Buddha framleis er død, medan Jesus stod opp frå grava, lever og har makt til å frelse dei som trur på han (1. Kor 15:3-4; Joh 3:16).
  3. Det finst gode samtidskjelder på at Jesus har levd som ein historisk person, både i og utanfor Bibelen. I boka "Did Jesus exist" av Bart Ehrman, konkluderer han "Jesus did exist, whether we like it or not". At Jesus var ein historisk person synest også å vere konsensus blant historikarar idag. Like fullt er det ein forståeleg påstand, for det kan vere vanskeleg å sjå kva relevans ein oldtidsperson skal ha for eit moderne menneske idag. Det er imidlertid viktig å presisere at Jesus ikkje berre er ein historisk person, men at han også er ein reell og levande person. Historie er som sagt eit rammeverk, det vert i stor grad forma av sigerherrar og gir ei tryggheit og eit felles referansepunkt. Det betyr ikkje at historie er den ultimate sanninga, men Gud har vist kven han er gjennom historia, og spesielt gjennom personen Jesus. 1. I bibelen er det løfte om eit tusenårsrike og ein himmel, der Guds rike vert manifestert. Profeten Daniel samanliknar Jesus med ein stein som skal fylle heile jorda. Korleis dette vil sjå ut i praksis er vanskeleg å vite eksakt. 2. I boka "Mere Christianity" av C.S. Lewis argumenterer han for Guds eksistens i lys av det han kallar den menneskelege naturs lov, som ei morallov eller eit sett av felles spelereglar, som alle menneske refererer til, men som ingen klarar å overhalde. I Bibelen finn vi Guds lov, som i følgje Luther hadde tre funksjonar. Det første var den politiske bruken, som hindrar kaos i samfunnet. Det andre var lova som tuktemeister til Kristus. Den verkar som ein spegel, som viser mennesket kor syndig det er og dets behov for ein frelsar. Det tredje var lova som rettleiar for den som vil følgje lova. Trua på subjektiv moral er derimot knytt til mennesket som herre i eige liv. Som det står i Dom 21:25 - «På den tida var det ingen konge i Israel. Alle gjorde det som dei sjølve meinte var rett.» Domarboka viser igjen og igjen korleis Israelsfolket vende Gud ryggen, som førte til invasjon av fiendar, omvending og at Gud reiste opp ein domar som sigra over fiendane. 3. Ja, det er ei forenkling, men det er også mykje av essensen som vi finn i til dømes den gylne regel om at ein skal gjere mot andre som ein vil andre skal gjere mot ein sjølv. Det er ikkje Gud som sender menneske til fortaping, men menneske som vel å leve gudlaust, vere herre i eige liv, ikkje omvende seg og få tilgjeving for syndene sine. Fortaping er berre ein konsekvens av menneskets val om å leve utan Gud.
  4. Kva med lyset - er det bølgje eller partikkel? At Jesus er Guds manifestasjon i det skapte, betyr ikkje at Guds natur er begrensa. Tenk deg eit inneramma bilete. Tid, rom, det synlege og sanselege, alt dette vil forgå. Biletet derimot vil bestå, og dette biletet er ein union bygd på Jesu lære og eksempel. Moral er evig og transcenderande. Ser vi på dei to karakterande Jesus og Muhammed ser vi to vidt ulike morallærer sett ut i praksis. Der Muhammed erobra land etter land med sverd, oppgav Jesus sitt liv på krossen. Der Muhammeds rike var eit jordisk imperium, er Guds rike ikkje av denne verda. Guds rike er å elske sin neste som seg sjølv, det er å erkjenne at ulike menneske ikkje er så ulike og bryte ned skillelinjene skapt av egoisme og synd.
  5. 1. Frigjering frå reglar. Dersom tru utelukkande handlar om å følgje reglar som ofte er naturstridige, er det klart det kan opplevast som frigjerande å kvitte seg med desse. Men - sjølv om du kan frigjere deg frå reglane, kan du ikkje frigjere deg frå konsekvensen av å ikkje følgje reglane. Og dette er bodskapen i bibelen, at reglane er gode, og at det fører til det beste for enkeltmennesket og samfunnet å følgje dei. Jesus oppsummerer lova i dette å elske Gud og å elske sin neste. Ingen greier dette uansett kor mykje vi prøvar, og derfor er evangeliet og sann fridom at vi får ein ny sjanse til å leve rett i kraft av det Jesus gjorde på korset. 2. Betre moral utan tru. Det er riktig at mange har betre moral enn truande, men himmelen er som ein arv. Ingen kan fortene ein arv, det er noko ein vert fødd inn i. Menneske i mange ulike religionar lever gode liv, men utan å vere Guds barn. For det andre er der eit begrep "billig nåde" som skildrar dette å ta lett på tilgjeving etc. Bibelen talar klart om tilgjeving, men det betyr ikkje at ein slepp alle konsekvensar av dårlege valg i livet. Ei heller står det at ein ikkje skal ta ansvar for livet, feil og manglar. Forskjellen er at ein ikkje går gjennom livet åleine. 3. Om undertrykking og diskriminering. Igjen må vi ha som utgangspunkt at Guds lov er god, men den er også utfordrande, og for ulike menneske på ulike måtar. Historie viser at samfunn som praktiserer Jesu lære, også gir minoritetsgrupper betre forhold, men menigheter består av menneske og menneske består av menneskelege feil. 4. Om hjernevask. Alle vert utsett for ulike slag påverknad heile tida. Alt frå utdanningssystemet til reklame. Spørsmålet er om bodskapen er sann, ikkje berre om teknikkane er riktige. 5. Til sist spørsmålet "Hvorfor gå og vente på noe som sannsynligvis aldri kommer til å skje"? Mennesket lever ikkje evig på jorda, dette livet er kort, og kva som skjer etter livet kan ingen vite i seg sjølv. Bibelen seier at livet har to utgangar. Så det same spørsmålet gjenstår - er det eigentleg eit alternativ? Er det betre å stole på seg sjølv?
  6. Joh 1:12 - Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. I dette verset står det kva det vil seie å ta i mot. Utgangspunktet er at ein av naturen ikkje er Guds barn, men at ein gjennom å tru på Jesus vert adoptert inn i Guds familie. Spørsmålet vi då må stille er: Kva er alternativet? Sjølvsagt kan ein velge å ikkje tru, men kva fordel har dette? For det er eit valg å tru, det er eit valg å ta i mot det ein høyrer. I dette livet kan det kanskje løne seg, men i evighetsperspektiv? For å sitere eit nytt vers - kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men tek skade på si sjel?
×
×
  • Opprett ny...