Det finst gode samtidskjelder på at Jesus har levd som ein historisk person, både i og utanfor Bibelen. I boka "Did Jesus exist" av Bart Ehrman, konkluderer han "Jesus did exist, whether we like it or not". At Jesus var ein historisk person synest også å vere konsensus blant historikarar idag.
Like fullt er det ein forståeleg påstand, for det kan vere vanskeleg å sjå kva relevans ein oldtidsperson skal ha for eit moderne menneske idag. Det er imidlertid viktig å presisere at Jesus ikkje berre er ein historisk person, men at han også er ein reell og levande person. Historie er som sagt eit rammeverk, det vert i stor grad forma av sigerherrar og gir ei tryggheit og eit felles referansepunkt. Det betyr ikkje at historie er den ultimate sanninga, men Gud har vist kven han er gjennom historia, og spesielt gjennom personen Jesus.
1. I bibelen er det løfte om eit tusenårsrike og ein himmel, der Guds rike vert manifestert. Profeten Daniel samanliknar Jesus med ein stein som skal fylle heile jorda. Korleis dette vil sjå ut i praksis er vanskeleg å vite eksakt.
2. I boka "Mere Christianity" av C.S. Lewis argumenterer han for Guds eksistens i lys av det han kallar den menneskelege naturs lov, som ei morallov eller eit sett av felles spelereglar, som alle menneske refererer til, men som ingen klarar å overhalde. I Bibelen finn vi Guds lov, som i følgje Luther hadde tre funksjonar. Det første var den politiske bruken, som hindrar kaos i samfunnet. Det andre var lova som tuktemeister til Kristus. Den verkar som ein spegel, som viser mennesket kor syndig det er og dets behov for ein frelsar. Det tredje var lova som rettleiar for den som vil følgje lova.
Trua på subjektiv moral er derimot knytt til mennesket som herre i eige liv. Som det står i Dom 21:25 - «På den tida var det ingen konge i Israel. Alle gjorde det som dei sjølve meinte var rett.» Domarboka viser igjen og igjen korleis Israelsfolket vende Gud ryggen, som førte til invasjon av fiendar, omvending og at Gud reiste opp ein domar som sigra over fiendane.
3. Ja, det er ei forenkling, men det er også mykje av essensen som vi finn i til dømes den gylne regel om at ein skal gjere mot andre som ein vil andre skal gjere mot ein sjølv. Det er ikkje Gud som sender menneske til fortaping, men menneske som vel å leve gudlaust, vere herre i eige liv, ikkje omvende seg og få tilgjeving for syndene sine. Fortaping er berre ein konsekvens av menneskets val om å leve utan Gud.