Gå til innhold

Plinge93

Medlemmer
  • Innlegg

    413
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Plinge93

  1.  

    Kan sjå ut som ein fornuftig pakke dette! Takk skal du ha!

     

    EDIT: er det tilstrekkeleg med 8 GB RAM?

     

    Har du vurdert å gå for en stasjonær Mac? Enten Mini, Pro eller iMac?

    De er drevne på programmene du nevner, og fungerer godt ellers også.

     

    Vurdert? Ja!

    Forkasta? Ja!

     

    Me har idag to eldre iMacar, ein frå 2011 og ein frå 2009. Kompetansen er mykje høgare hjå oss når det gjeld windows og PC generelt, og me vil gjerne ha mogelgheiten til å enkelt kunne oppgradere sjølve. I tillegg vil eg seie det er mykje meir kostnadseffektivt å gå for PC.

     

     

    Kor lang tid vil det ta å montere PCen? Sjølve har eg aldri bygd ein PC frå scratch, men har bytta/fiksa mange komponenter sjølve, og ser på meg sjølve som ganske kompetent innan dette.

  2. Takk for svar!

    Mulig eg må prioritere litt annleis.

     

    PCen skal brukast til produksjon av eit magasin, og difor med overvekt av InDesign. Eit krav er at det må gå ann å bruke Photoshop, men det kjem til å bli brukt såpass lite at eg ikkje ønsker å prioritere dette.

     

    Det viser seg at me må ha operativsystem og muilgens skjerm (sett av ca. 2000 til skjerm). Så budsjettet er eigentleg 8000 inkl. OS.

     

    Nokon som har tips til dette budsjettet?

  3. Hei!

    Eg skal ha ein PC til InDesign, Lightroom og Photoshop. Budsjettet er på rundt 10 000,- men det kan hende eg må ha ein ok skjerm med i tillegg.

     

    Er det nokon som har anbefalingar til ferdigbygd PC?

    Evt. vil eg spare mykje/få meir for pengane ved å bygge sjølve? Nokon som isåfall har eit oppsett å foreslå?

     

    EDIT: Er Intel-frelst...

  4. Hei!

     

    Vi har ein redaksjon som produserer ei tiddskrift på rundt 60 sider, 600 eksemplarer, 4 gonger i året. Me skal no gå til innkjøp av nytt utstyr.

     

    Idag har me to iMacar, ein frå 2011 og ein frå 2009 eller 2010. Til desse har me to lisensar med Adobe CS5.

    Me plar ha det svært travelt i vekene før utgiving av nytt blad, så dess fleire maskinar me hadde hatt å jobba på, dess betre hadde det vore.

     

    Me har fått 20 000 på oppgradering av utstyr, så då lurer eg på korleis dette kan nyttast på best mogleg måte.

    Alternativet eg tenker på er å kanskje kjøpe inn to OK PC-ar til rundt 6-7k, samt tre lisensar av Adobe CC. Då hadde det gått an å brukt den nyaste iMacen viare i alle fall eit år til.

    Programvaren me treng er Illustrator, Photoshop og InDesign.

     

    Er det nokon som har tips til korleis ein kan forvalte desse pengene for å få mest mogleg, og evt. har forslag til PC/Mac?

  5. Hei!

    Skal hjelpe til med kjøp og oppsett av ny PC til svigerinna, og lurer dermed på om nokon har anbefalingar.

     

    PCen skal brukast til vanleg skriveprogram og nettbruk, samt ein del bilderedigering i Photoshop. Treng dermed OK skjermkort.
    Den skal ha 15,6" skjerm, og vere i 5-6, maks 7k-klassen.

     

    Sjølv vil ho helst ha HP, og gjerne ein ein finn på Elkjøp.
    Sjølve er eg Intel-frelst, men har etter kvart forstått at AMD har ein del bra dei også. Eg har dermed ikkje så veldig peiling på AMD-prossessorar.

     

    Bør ha god lagringsplass (1 TB), og trur nok det er ein fordel med CD-rom.

    Nokon som har forslag? :)

     

    EDIT: Sjølve har ho sett føre seg denne: http://www.elkjop.no/product/data/barbar-pc/HP15N221SO/hp-pavilion-15-n221so-15-6-barbar-pc

  6. Igjen, takk for god hjelp, både Andrull og Frobe! Hjelper meg mykje med forståinga av oppgåva :)

     

    Begynner kanskje å komme seg noko nå. Eg gjekk for å kjøre tre regulatorar i parallell. Ser dette nokonlunde greitt ut?

    Eg er usikker på om dei variable motstandarane fungerer i simuleringa, for spenninga endrar seg ikkje når eg varierer på motstanden.

     

    Når det gjeld dioder, kva bør eg bruke der? Går ut i frå at ei diode ikkje berre er ei diode.

     

    Er det noko i simuleringa mi som ikkje vil fungere i verklegheita?

     

    post-162776-0-25741200-1401396914_thumb.png

  7. Tusen takk for hjelp! :)

     

    Dette er ei skuleoppgåve, så eg kjem til å lage komponenten, teste den ut, for så å måtte demontere deler av den att. Dermed trur eg ikkje eg tek meg bryet til skikkeleg kjølig, forutanom på transistoren.

     

    Har snakka litt med ein av lærarane, og ut frå minne har eg kome fram til noko slikt:

    post-162776-0-32040800-1401222839_thumb.png

     

    Her har eg følgande komponenter:

    Trafo: https://www.elfaelektronikk.no/elfa3~no_no/elfa/init.do?item=56-125-69&toc=18841

    Likerettarbru: https://www.elfaelektronikk.no/elfa3~no_no/elfa/init.do?item=70-000-82&toc=19015

    Kondensatorar: https://www.elfaelektronikk.no/elfa3~no_no/elfa/init.do?item=67-541-47&toc=19010

    Spenningsregulator: https://www.elfaelektronikk.no/elfa3~no_no/elfa/init.do?item=73-092-22&toc=19820

    Kjøleelement: https://www.elfaelektronikk.no/elfa3~no_no/elfa/init.do?item=75-612-36&toc=20476

     

    I multisim har eg prøvd å kompansere med spenningskjelda i forhald til trafoen, i og med at eg ikkje finn passande trafo.

     

    Er dette noko som lar seg gjere slik, eller er eg heilt ute på jordet?
    Ser ut som om det vert ei 18V spenningskjelde, i og med at eg ikkje finn 19V spenningsregulator (usikker på om dette finst), og veit ikkje om eg tek meg bryet med å lage ein reguleringsloop med Op-Amp. Med mindre dette kan gjerast ganske enkelt då sjølvsagt.

     

    Føler ikkje eg har heilt kontrollen, så ei hjelpende hand hadde vore kjekt! :)

  8. Hei!

     

    Eg skal lage ein likerettar/transformator med 230V vekselstraum inn og 19V, 6,32A ut. Altså ei straumforsyning til ein bærbar PC.

     

    Utstyret skal eg kjøpe på elfa, men er litt usikker på kva eg treng.

    Har sett litt på liknande transformatorar: https://www.elfaelektronikk.no/elfa3~no_no/elfa/init.do?item=56-179-56&toc=18744, men eg kan for lite om valg av komponentar.

    I tillegg lurer eg litt på kva for kondensatorar, dioder og motstandar o.l. eg treng.

    Nokon som har lyst til å hjelpe meg med dette?

     

    Eg sleng ved eit bilete av ca slik eg har tenkt det. Forhaldet på transformatoren vert feil, så spenninga vert også feil.

     

    post-162776-0-84571300-1400771036_thumb.png

  9. Hei!


    Grendahuset heime skal no, etter mange år med utdadert anlegg, få seg eit skikkeleg PA-anlegg.

    Rommet er ein liten gymsal på 10x25 meter, med ein “innebygd” scene på ca. 7x5 meter. Planen er å ha eit fast montert anlegg, der ein koplar til miksepulten ute i salen ved bruk med ein enkel CAT-5-kabel. Bak veggen ved scenen kjem ein til å lage eit skap for forsterkarar, stagebox, trådlause mottakarar og liknande der alt står fast montert, med enkel tilgang for å kople til kabla mikrofonar frå scenen. Bør gjerne også ha moglegheit for å kople miksepulten til ved scena.


    Tidlegare har ein hatt fire små LEM-høgtalarar, to framme og to midt i salen. Desse har vore heilt ok til tale, men elendige til musikk.

    Det ein no ønsker er eit anlegg som primært blir brukt til tale, men som også fungerar til song og musikk. Forhåpentlegvis held det med høgtalarar framme i salen, men det må vere ok lyd i heile salen utan at det vert utbehageleg høg lyd heilt framme. Dette då det ofte er forsamlingar med litt eldre folk.

    Høgtalarane kjem til å bli innfeldt i vegg mellom salen og scene, evt. gitter rundt heile høgtalarane. Er gjerne ein fordel at dei er litt robuste og tåler ein trøkk.

    Kan gjerne vere aktive.


    Miksepulten skal vera ein Soundcraft Expression 1 med Mini Stagebox.


    Me har også fire horn ute på veggen, men desse har me forsterkarar til som berre er å kople til i racket på scenen.


    Mikrofonar har me stort sett frå før av.



    Har de forslag til eit komplett oppsett på dette anlegget?


    Har foreløpig ikkje noko budsjett, då me ennå er tidleg i planleggjinga.


  10. Lenovoen såg kjekk ut den! God prossessor og mykje lagringsplass. Men HDD-en er jo tregare, og det er vel heller betre å ha ein eigen større SSD-disk der ein kan ha heile OS-et, enn berre 24GB cache?

    Får denne hybrid-disken pcen til å gå mykje fortare?

     

    Er prossessoren og grafikkortet (samt hybriddisken) så mykje betre i Lenovoen i forhald til Asusen at det er verdt å spandere 1200,- ekstra på?

  11. Treng ny pc, då min forrige acer på over 5 år nå syng på siste verset.

     

    Skal byrje på ingeniørstudier i sjøforsvaret i sumar, så treng ein pc no temmeleg kjapt.

    Kjem også til å bruke den ein del til video- og bilderedigering (premiere og photoshop). Spelar ikkje!

     

    Vil gjerne ha ein pc der eg seinare kan bytte ut den optiske stasjonen med ein ssd-disk. Vil også ha Intel i7-prossessor og minst 8GB minne. Er også svært interresert i god hdd-kapasitet, gjerne 1TB.

    Må ha minst 15" skjerm, og aller helst USB 3,0.

    Vil helst halde meg godt under 8000,-

     

    Nokon som har forslag til ein god pc?

     

    Har sett litt på Acer Aspire E1, men denne har ikkje USB 3,0...

     

     

    EDIT: ASUS N56VZ såg også ganske kjekk ut! Dette med bra lyd er ikkje viktig for meg, though.

  12. Eg har fått eit svært godt tilbod om å kjøpe eit brukt, gammalt PA-anlegg.

    Eg lurer nå på kor mykje eg kan få dersom eg sel det viare.

     

    Miksepult: Groove 36 kanalars analog. Ein slik, berre fleire kanalar.

    Høgtalarar: 2 x LEM CX450. 450W, 4ohm.

    Forsterkar: Peavey PV 1500. 1500W, to kanalar.

    EQ: Behringer GEQ 3102. 31-bånds, to kanalar.

    Effektboks: TC Electronics M-ONE XL.

     

    Nypris på forsterkar, EQ og effektboks ligg på rundt 8-9k. Miksepult og høgtalarar er såpass utdaterte at dei ikkje er i sal lengre.

    Kva trur de verdien på dette kan vere?

     

    På førehand takk! :)

  13. Beklagar at eg ikkje har svart dykk! Eg kopla NAS-en direkte til routeren, og dermed fungerte det.

     

    Det er TP-kabel ja.

     

    No vil eg derimot ha NAS-en kopla til switchen, men trur kanskje det er måten eg har kopla på som gjer at det vert feil.

    Frå Altibox-modemet (heimesentralen) går det ein TP-kabel ned i port 1 i switchen. "Internet"-porten i routeren er kopla i port 3 i switchen, og NAS-en er kopla i port 4 i switchen.

    Det eg då fryktar er at routeren har problemer med å kommunisere med NAS-en, i og med at routeren er kopla i "Internet"-porten, og dermed vil den ikkje sende data ut her.

    Stemmer dette? Er eineste måte å eventuelt ordne dette på å trekke ein ny kabel mellom routeren og switchen?

  14. Hei!

     

    Eg prøver å kople til ein Netgear ReadyNAS RND2000 til nettverket hjå broderen, men har støtt på nokre problem.

     

    Når eg har kabel direkte frå PC-en til NAS-en får eg fint kople til NAS-en. Eg finn den i RAIDAR, og klarer å finne den under "Nettverk" i Windows.

     

    Når eg derimot koplar den til nettverket får eg problemer. Eg får den verken opp i RAIDAR, under "Nettverk" og finn den heller ikkje i grensesnittet til routeren.

     

    Nettverket er satt opp slik:

    Hjemmesentral Zyxel frå Altibox.

    Deretter går det i ein switch frå d-link. NAS-en er kopla til denne switchen, og det same er routeren, ein d-link DIR-657.

     

    Nokon som veit kva eg kan gjere for å finne NAS-en i nettverket?

  15. Har tenkt å kjøpe meg fotoprinter, og trenger litt hjelp.

     

    Den skal koste rundt 2000 kroner, og være god på utskrift av bilder. Bør også være litt billig i drift.

    Skal være en multifunkjsonsprinter med scanning, kopiering og utskrift. Har i utgangspunktet tenkt på blekkskriver, men om noen har forslag til god laserprinter så spytt ut!

     

    Den skal være USB- og WiFi-tilkobling, men bør også ha ethernet-tilkobling.

     

    Noen som har noen forslag?

  16. Hei!

     

    Eg og kjærasten min skal gifte oss i byrjinga av august, og lurar difor på om det er nokon som har eller veit om nokon som har ein bil me kunne leigt som bryllupsbil?

    Me er på utkikk etter ein litt eldre VW Beetle (1996 eller gamlare). Den bør aller helst vera mørkeblå.

    MÅ ikkje nødvendigvis vera Beetle, men me ynskjer oss aller helst ein eldre bil i denne fargen.

     

    Nokon som har tips? :)

  17. Faderen driv eit taxi-firma der han har eit program gjennom VNC på PCen der han får opp somme taxibestillingar. Sidan han må innom og sjekke dette svært ofte, hadde det vore praktisk å fått dette på mobilen (Galaxy S2).

    På PCen er serveradressa "localhost:21", og eg klarer difor ikkje å kople til på mobilen.

     

    Er det nokon som veit kva eg kan gjere for å få satt opp VNC slik at ein kan få tilgang til dette programmet frå mobilen?

×
×
  • Opprett ny...