Gå til innhold

anonymmmmmm

Medlemmer
  • Innlegg

    271
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av anonymmmmmm

  1. Når det gjeld designet og layouten, er det ikkje så aller værst. Eg ville tenkt litt meir på plassering. No ser det veldig rotete ut. Tenk linjer! Berre ved å flytte "siste filmer" slik at den var på linje med hovudinnhaldet trur eg du kunne forbetra sida betrakteleg. Du kan også tenke litt på plasseringa av menyen.

     

    Når det gjeld fargane, så er eg personleg ikkje så veldig stor fan av svart bakgrunn og kvit tekst. Sida blir i det heile veldig mørk og slitsom å bruke. Ein annan ting du kan tenke på er å behalde designet gjennom alle sidene, det er travelt når layouten endrar seg såpass frå side til side.

  2. Den blir litt rotete, og ser veldig uferdig ut. Eg ville prøvd å tenke litt meir på kor du har plassert dei forskjellege elementa i forhold til kvarandre. Logoen og menyen er dårleg plassert i forhold til hovudinnhaldet. Du har også ei svart linje rundt sida, denne synest nesten ikkje, og du kan like godt fjerne den. Boksen med tekst i er også unødvendig lang i forhold til innhaldet.

     

    For å illustrere kva eg meiner m.t.p. plassering:

×
×
  • Opprett ny...