Gå til innhold

analrytter

Medlemmer
  • Innlegg

    95
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av analrytter

  1. Halla, tenkte å poste ein ny tråd, men fant jo denne!

     

    Det er ikkje kommet nokon offiseiele krav på Battlefield 3 frå DICE/EA, men nokon trur at desse blir krava for å kjøre BF3 optimalt:

    Recommended System Requirements

    OS: Windows 7 64-bit

    Processor: Quad-core Intel or AMD CPU

    RAM: 4GB

    Graphics card: DirectX 11 Nvidia or AMD ATI card, GeForce GTX 460, Radeon Radeon HD 6850

    Graphics card memory: 1 GB

    Hard drive: 15 GB for disc version or 10 GB for digital version

     

    DÅ lurer eg på følgande! Klarer denne dataen -> http://www.komplett.no/k/ci.aspx?sku=10461

    Å kjøre BF3 på det høgaste? Eller er det berre små endringar som skal til? som nytt skjermkort, betre prossesor etc?

     

    Og kjører den dataen direct 11?

  2. Hei hei!

     

    Eg leitar etter den ultimate gaming TV-en. Eg veit ikkje kva eg burde gå får, så eg spør her først.

     

    Kva TV passar best til ein Xbox 360 og Playstation3?

     

    Det skal vere ein 42" full HD, Helst LCD skjerm, og den må kjøyre 100HZ. Det skal vere mogleg å koble dataen opp til skjermen.

     

    Merke for TVen er irrelevant, så lenge TVen har eit bra bilete for gaming.

     

    Prisklassen ligger mellom 6-8000kr, men kommer det tips om TVer til 10 000 kr, skader det ikkje å ta ein titt :)

  3. Heisann.

     

    Eg skal gå rett på sak; Eg har mista trua på meg sjølv. Og det har eg gjort så lenge eg kan hugse. Eg har ALDRI hatt trua på meg sjølv. nesten aldri. Men nå vil eg gjere noko med det. La meg forklare problemet mitt.

     

    Til dømes så lever eg eit spontant liv i motsenting til eit rutinert liv. Eg tar alt som det kommer, og planlegger sjeldent dagane. Eg planlegger aldri noko i frykt for å bli skuffa. Og kvifor blir eg skuffa? Jo, det er fordi KVAR gang eg starter på noko , som til dømes at eg skal bli flink i guitar, gir eg opp før eg har begynt på det. Eg tenker: Kva er vitsi? Du får ikkje det til uansett.

    Eg har liksom ikkje ein lidenskap i livet. Eg har så gjerne lyst å utdanne meg noko innan for astronomi, men eg TØRR ikkje fordi eg veit at det kjem til å kreve ein stoooor insats av meg. eg TRUR at eg aldri klarer det. Dermed ender dei planene i vasken. Eg er redd for å prøve HARDT HARDT på noko. Eg er redd for å gjer ein GOOOD innsats for ingenting. Det har vert sånn så lenge eg kan hugse. Eg gir alltid opp. Kjemper aldri. Er redd for å ofre deler av meg.

     

    Den andre delen av problemet mitt er når det kjem til å bli kjent med nye folk. Joda, eg elsker å bli kjent med nye folk og blir sånn delvis kjent med dei. Men istaden for å vere open for ting, så er eg VELDIG tilbakehaldandes når ein kompis som eg ikkje kjenner så godt spør om eg vil finne på noko. Kvifor gjer eg det? Nei, fordi eg ikkje trur at eg har noko å tilby. Eit resultat av at eg ikkje trur på meg sjølv. Eg er vel redd for å feile der og. Eg er redd for å gå tom for " samtale emner" dermed velger eg å vere aleine. Henger bare med grupper på 3 , eller barndomsvenner. Men til og med der har eg begynt å miste trua på meg sjølv.

     

    Så kjem spørsmåla: Kva kan eg gjere med problemet mitt? lese ei god bok om å tru på seg sjølv? Gå til psykolog? Snakke med helsesøstra? Har dykk nokon gode råd eller lignandes opplevesler ? nokon gode internett sider om å få trua på seg sjølv ? Kva skal eg gjera ?

     

    Tusen takk for at dykk tok til å lese dette emne.

  4. Ovenfor: Eg må sei meg positivt overraska. Eg syns sangen var bra, heilt til metalen slo inn :p

    Har aldri hatt sansen for metal (No offence), men jazz har eg stor sans for. Eg likte electronicaen dei blanda med sangen, så det blir ein 6/10 for min del :)

     

     

    Her er min sang. Blir litt stil skifte:P Santana - Incident at neshabur i frå albumet Abraxas som kom ut i 1970.

     

  5. Heisann.

    Vi er 3 karar som har planar om interrail i sommar i frå 2. August til 16.

    Ingenting er bestemt endå, så derfor leiter vi etter tips om ruter, land og bu moglegheitar.

    I utgangspunktet så er dette ruta våras ;

     

    Vi begynner i Sverige , ved Landskrona, Amsterdam, Praha , Bratislava, Budapest, Wien, Berlin , København og Oslo.

     

     

    Og då kjem spørsmåla våras :

    - Klarer vi denne ruta på 2 veker?

    - Kor mykje penger trengst det?

    - Er 2 veker nok til å besøke dissa landa?

    - Er dette eit reisemål å anbefale ?

    - Kor kan vi kjøpe biletter ?

    - Kva meir trenger vi å vite ? :p

    - Kan vi reise når som helst ?

     

    Nå kommer eg ikkje på fleire spørsmål, men kom gjerne med forskjellige reise alternativer, nyttige tips og alt anna 3 nybegynnerer trenger å vite : - )

     

    Takker for svar på forhand!

  6. Heisann alle sammen.

     

    Som emne tilttelen seier, så skal eg ha særemne i norsk , og har framføring om 1 vekes tid.

    Her er strukturen på sær emne mitt : Struktur på eit særemne (gjeld først og fremst forfattarstudium)

     

    Eg har valgt om å ha om bøkene Engler & demoner, og Da Vinci Koden, som Dan brown har skrevet.

     

    1: Innleiing, med forklaring på kvifor du valde akkurat denne oppgåva

     

    2: Presentasjon av problemstillinga for oppgåva.

     

    3: Kort presentasjon av forfattaren

    - født kvar og når

    - viktige biografiske opplysningar

    - oversikt over forfattarskapen

    - litteraturhistorisk plassering

    - utmerkingar/prisar

     

    4: Presentasjon av bøkene du har lese, med svært korte handlingsreferat

     

    5: Analyse av ei bok – behandling av problemstillinga.

     

    6: Kortare omtale av dei to andre bøkene, framleis med vekt på problemstillinga.

     

    7: Samanfatning og konklusjon

     

    8: Kva utbytte har du hatt av arbeidet.

     

    Eg er mest interesert i å få hjelp i punkt 2, asso problemstilling! Eg har ikkje peiling på kva problem stilling eg kan bruke! Så derfor lurte eg på om nokon i dette forument kunne hjelpe meg med å finne ei problem stilling til særemne mitt :p

     

    Tuuuusen takk for hjelp, og om denne tråden er feil posta, så er det bare å fjerne den.

  7. http://www.gunnerairsoft.com/catalog/produ...roducts_id=1032

    Et litt billigere alternativ.

    400$+ virker som litt mye penger + 25% og frakt kan bli en litt stor sum,men hvis pris ikke er noe problem ville jeg gått for den G&P sin :)

     

     

    Den var ganske billig. Men eg fant ein anna og http://www.uncompany.com/pageproductdetails.asp?prodid=23042 , og den såg råååå lekker ut :D Kan du sei noko om den ? :p

  8. Eg har trua på at spelet blir bra. Bare tenk deg at du befinner deg i ein mørk tropisk regnskog med ein liten lommelykt og ei jernstang som våpen og rundt deg hører du mange skumle zombie lyder :dribble:

     

    Eg klarer nesten ikkje å vente!

     

    Heimesida til Dead Island var oppe for ei stund sida , og det låg ein del konsept bileter ute på sida + eit forum. Som sagt, eg held pusten :)

  9. deadisland_700.jpg

    Hei hei alle saman!

    Eg må ærlig innrømme at eg er ein Zombie fan og elsker alle Zombie filmer og spill som er ute på marknade :D

     

    Det ser ut som det nye Zombie spillet blir Dead Island og blir utviklet av det polske utviklarane Techland ( call of Juarez)og det er annonsert til PC og Xbox 360. Dead Island skulle opprinelig komme ut i 2008, men det kom ingen Dead Island.

     

    Skaperne av Call of Juarez er i full gang med et nytt skytespill. Spillet heter Dead Island, og her har utviklerne droppet westernmiljøet til fordel for et mer moderne miljø, hvor fiendene ikke bare er menneskelige. Nå er det klart at spillet kommer både til Xbox 360 og PC (tidligere var det kun offentliggjort for PC).

     

     

    Dead Island følger et uheldig par som får drømmeferien ødelagt av et flykrasj på ei øde øy. Som om ikke dette var ille nok forsvinner kona helt i starten, samtidig som det viser seg at øya er full av levende døde. Nå må du finne henne igjen, samtidig som du må overleve kampen mot de grufulle zombiene.

     

    Spillet er et ikke-lineært førstepersons skytespill, og du kan utforske øya til fots eller ved hjelp av ulike kjøretøyer. Underveis vil du finne andre overlevende, og få mulighet til å velge hvem du vil alliere deg med for å nå målene dine. Disse valgene vil påvirke historien, miljøet du befinner deg i og hvordan du blir bedømt av andre personer.

     

    Utviklerne lover et levende og dynamisk økosystem som hele tiden er i forandring. Spillet benytter seg av avansert kunstig intelligens for å sikre at både grupper og individuelle motstandere oppfører seg så realistisk som mulig. Dessuten loves vi omfattende simulering av væsker, gass og elektrisitet, som du blant annet kan bruke til å ta ut fienden på unike måter.

     

    Dead Island er ventet ferdigutviklet til neste år.

     

     

    http://www.gamer.no/artikler/dead_island_til_360/42012

     

    Personlig synes eg at spelet ser heilt vilt ut og eg gler meg som ein liten unge til det :D

    Det er ikkje eit vanleg skytespel. Man bruker gjennstandar man plukker opp frå bakken og slår fienden med det. Det gjer spillet utfordrande og ekstra pirrende, and I just love it :D

     

    Det er ikkje sluppe ut så mykje info om spelet, men eg var innom heimsida og der stod det at sida var under gjennoppbygging! Kanskje når sida blir open at, så får vi meir info ? Eg held pusten (!)

    http://www.deadislandgame.com/

  10. 350.0 fps er jo max grensa i Norges Airsoft Forbund, så det er jo bra...

     

    Kvaliteten vet jeg ingenting om, men siden du er villig til å betale den prisen, så ville jeg definitivt kikket på noe annet..

     

    EDIT : Her har du jo en god gun, skyter hardt og har bra kvalitet.

     

    Bare si hvilken type gevær du har lyst på, så skal jeg prøve å hjelpe ;)

    Heisann du! Takk for at du svarte på posten min. Så du ville ha kikket på ein anna softgun? Joda, eg skal høre på deg ;P

     

    Kva du anbefaler ? eg liker g36c ganske godt, og den du linket meg er fin den. Eg er villig til å betale 400 Dollars, kanskje meir for ein god softgun. Så om du kunne ha funne meg ein fin Ak spetznaz, m4, eller ein g36c , så hadde eg vert taknemlig full for det :)

     

    Takker for svar.

  11. Hei hei alle sammen!

     

    Når det kjem til softgun, så veit alle kva det er. Alle sammen har eigd ein liten jalla pistol som skyter ut plastikk kuler :)

    Anyways, så har eg tenkt å begynne med den type sport til våren / sommaren, og eg har titta på ein del softgunner. Eg har ingen peiling på kva som er ein bra softgun eller ikkje, men eg fant ein som eg likte.

     

    http://redwolfairsoft.com/redwolf/airsoft/...il?prodID=19555 <--- kan nokon sei om denne er bra?

    Duger den i kamp ? eller er det meir "camping" softgun?

    Er det ein gass gun? eg vil ha ein batteri dreven gun,ikkje gass.

     

    Kan nokon fortelle meg kva eg treng å vete ?

     

    Takker alle for gode framtidige svar :)

×
×
  • Opprett ny...