Gå til innhold

dagr0z

Medlemmer
  • Innlegg

    773
  • Ble med

Innlegg skrevet av dagr0z

  1. elektroboy:

    Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
    Herleg klipp, elektroboy! Den der svingte godt :)

    Er sjølv veldig glad i blues, men mest i den "kjappe, glade" bluesen (kanskje det er det som er boogie? Er ikkje så god på namn og sjangre :p)

    Kanskje du har nokre tips til artistar som spelar som han Eeco-fyren? :)

    Moro å høre at du likte sånn type musikk :)

    Spiller du noe instrument eller?

    Noen kjente boogie/blues pianister er: Albert Ammons, Made Lux Lewis, Pete Johnson og Jimmy Yancey!

    Så vis du søker på det på youtube, så skal det komme opp noe :)

    Nja, spelar litt gitar, men det er ikkje særleg brukbart :p Har ein draum om å lære meg å spille ordentlig blues og sånn, men har ikkje kome så langt enno. Men eg har ein onkel som spelar "ståbass" (og elbass, gitar og piano) i bluesband, som har lovt meg at han skal lære meg nokre triks.

    Takk for tipsa, skal sjekke dei ut! :)

  2. Sjølvsagt. Eg har alltid mobil i høyre bukselomme, småpenger i venstre bukselomme, korthaldar + husnykkel i høyre jakkelomme, tyggis, lypsyl + evt. mp3-spelar og enda meir småpenger i venstre jakkelomme. Ein dag for ikkje så lengje sida gjekk eg og følte meg litt merkeleg i fleire timar, veit ikkje heilt korleis eg skal forklare kjensla, men eg følte berre at det var noko som ikkje stemte, så oppdaga eg plutseleg at eg hadde vore uheldig og lagt korthaldaren i feil lomme. Då eg flytta han tilbake i rett lomme blei alt greitt igjen! :!:

  3. Er det for seint å melde seg på? Synest det høyrast vanvittig spanande ut! :)

    Eg bur i Steinkjer. Har ikkje lappen, så eg kan ikkje frakte så himla langt, men kan ta tog/buss eit stykke nordover (evt. sørover på retur?).

    Ser det er fleire i frå Steinkjer her, men the more, the merrier? :)

    Om nokon andre heller vil frakte tingen, eller har betre moglegheit til å frakte (lenger), så er det heilt greit for meg, men eg vil gjerne vere med på ein liten stopp innom hølet Steinkjer.

    :fun:

  4. Eg skulle berre vise at det ikkje finnast på apotek i Noreg, og at det heller ikkje er reseptfritt. :) Berre i tilfelle nokon trudde noko anna.

    Og så blei eg litt skeptisk då eg såg at Ditropan var for problem knytta til urinblæra, men det heng vel kanskje ihop, det med utskiljing av kroppsvæsker?

    Uansett, fint du har funne noko som funkar for deg!

  5. "Preparatkort for Ditropan (= Dridase)

    Dette legemiddelet har ikke generell markedsføringstillatelse i Norge. Legemiddelet må brukes på såkalt "Godkjenningsfritak", hvilket betyr at behandlende lege/institusjon må rekvirere legemiddelet til en bestemt pasient eller til bruk på sitt kontor.

     

    Indikasjoner:

    Hyppig og kraftig vannlating ved ustabil urinblære. Neurogene blæreforstyrrelser som overaktiv blære og reflexblære."

     

    Kilde

  6. Fekk endeleg invite!

     

    Eg la til:

    Interpol - Untitled

    Iron Maiden - The Number Of The Beast

    Snow Patrol - Somewhere A Clock Is Ticking

    R.E.M. - Orange Crush

    September – Cry for You

     

    Desse skulle eigentleg fått dei to siste plassane mine, men eg fann dei ikkje:

    INXS – Mystify

    Eros Ramazzotti - Terra Promessa

     

    Edit: det kom da så mykje oppirom.

    Edit 2: Knall program altså! Mykje herleg musikk på diskusjon.no-lista òg. :)

  7. - Jeg blir sjeldent fornøyd med innleggene mine, og ender som oftest med å redigere dem flere ganger. Ofte bytter jeg ord uten at posten ender opp særlig annerledes.
    Eg òg. Det har vorte verre etter at eg byrja å skrive på nynorsk. Redigerer før eg postar eg då, og forhåndsvisar innlegget fleire gonger.

     

    - Absolutt alle skapdører og skuffer i rommet eg skal sove i må vere heilt lukka når eg legg meg. Uhyre viktig!

    - Vekkeklokka stillast inn på eit klokkeslett som sluttar med 7. Aller helst skal det slutte på :47, men 07, 27, 37 og 57 går òg an. (:17 funker ikkje.)

    - Må alltid pisse rett før eg sovnar. Om eg har lagt meg og til dømes les bok eller ser tv, så må eg stå opp att for å pisse før eg skal sove, sjølv om eg gjor det rett før eg la meg. Utruleg irriterande.

    - Når eg går på offentlege toalett ser eg helst at båsane som er vegg i vegg med min er ledige. Difor vel eg alltid båsar som er nærmast veggen, då er det mindre sjanse for at eg har "naboar". Ikkje heilt nødvendig, men føler meg veldig ukomfortabel om "regelen" brytast.

    - Har på ein måte "kroppskontaktfobi". Liker ikkje å kome borti folk, og liker det endra mindre om folk kjem borti meg. Det verste eg veit er viss eg sit saman med nokon, og så kjem anten foten eller arma deira borti meg.

    - Er redd for at folk skal høyre at eg puster. Viss eg er ute og går, held eg alltid pusten akkurat i det eg passerer andre folk.

    - Er òg, som mange andre, livredd for edderkoppar.

    - Sjekker ofte at rett ting ligg i rett lomme.

    - "Kaieskrekk" :p Redd for å gå på kanten av kaier (redd for å falle uti).

     

    Den siste er meir ein uvane enn noko anna, men eg tar aldri handlekurv eller handlevagn når eg er på butikken, så når eg kjem til kassa er det berre så vidt eg greier å bære alt eg skal kjøpe.

     

    Men ser det er mange som har det mykje verre enn meg.

  8. [...]the BlackSheeps sin live cover av Yeah Yeah Yeahs fantastiske - Gold Lion imponerer meg faktisk veldig![...]
    Det der var jo heilt fantastisk! Eg berre digger vokalen. Eg har aldri høyrd på Yeah Yeah Yeahs, anna enn at eg høyrde originalen av Gold Lion no, men eg må faktisk seie eg føretrekker The Blacksheeps sin versjon. Hovudårsaka til at eg har høyrd på Oro Jaska Beana er fordi eg tykkjer måten vokalisten presser stemma på i andre verset er grisekul :p

     

    Og som thesinner seier, så håper eg òg at ho(/dei) ikkje blir snappa opp av Jan Fredrik Karlsen. Bandet har jo fått platekontrakt no, eg gler meg til å høyre meir frå dei eg!

    Eg trur/synast dei (i alle fall vokalisten) har stort potensiale. Så det. :p

  9. Wiidl: Artig å sjå ein så stor fan :)

    Men:

    Det andre jeg ønsker meg er sesong én på DVD, siden jeg sikler etter bonusmateriale og sånt.
    Eg kjøpte sesong ein på DVD i sumar ein gong, og blei litt skuffa då eg fant ut at det einaste bonusmaterialet var to episodar med kommentatorspor. Eg hadde liksom håpa det skulle vere litt meir. Berre så du er klar over det. Men heilt klart verdt å ha Dexter på DVD uansett, i mine auge. :)
×
×
  • Opprett ny...